Hei, eg heiter Håkon Øvstedal og er 23 år. Eg kjem frå eit gardsbruk i Eksingedalen der foreldra mine i dag driv med mjølkeproduksjon og grovfôrproduksjon. I tillegg til nokre sauer.

Som følgje av stor interesse for jordbruk, spesielt mjølkeproduksjon og grovfôrproduksjon, gjekk eg tre år på Blæstad. Der tok eg ein bachelor i agronomi, og ein i landbruksteknikk.

Eg gler meg no til å arbeide i eit godt fagmiljø i NLR, der eg kan lære meir og arbeide saman med dyktige rådgjevarar og bønder. Først og fremst vil de finne meg i Nordhordland, der eg vil ta jordprøver utover hausten.

Hakon 2