I stadig større grad blir det hausta grovfôr gjennom heile sommaren. Tre slåttar på eng og to slåttar på attlegg er svært vanleg. Raigras- og strandsvingelbaserte frøblandingar blir meir og meir brukt. Dette gjer at de som bønder har liggande mange typar grovfôr til ulik og ukjent kvalitet. Å gå ut frå gjennomsnittstal for fôrkvalitet vil gje liten verdi på den einskilde gard. Skal du justere gjødslinga før neste sesong og/eller lage ein fôrplan, så er det næringsinnhaldet og kvaliteten i ditt surfôr du må ta utgangspunkt i.

For å vite mengda fôr på lager er vekt på rundballane svært viktig. Nokre av rådgjevarane har med vekt i bilen og kan hjelpe til med å vege rundballar. Meld frå om du ynskjer veging, så set vi av litt ekstra tid til dette!

NLR Vest tek ut surfôrprøver både frå rundballar og silo; ta kontakt med ein av rådgjevarane.

Prisar:

  • Forarbeid/etterarbeid/oppmøte: Medlemspris kr 400
  • Uttak av prøve/tidsforbruk på garden: Medlemspris kr 800 pr. time
  • NLR Surfôrtolken, berre for medlemar: Kr 600 pr. fôrprøve

BESTILL FÔRPRØVER OG/ELLER NLR SURFÔRTOLKEN HER