Godt grunnlag frå sauekontrollen

I sauekontrollen har ein god oversikt og eit godt talgrunnlag på alle sauene. Dette er eit godt verktøy å bruka i vurderinga av uttak av påsettlam, men også i vurderinga av innkjøp av vêr. Talmaterialet i sauekontrollen blir brukt til å rekna ut indekser (avlsverdier) på dyra. Det blir rekna ut mange delindeksar for ulike eigenskapar, som fødselsvekt til vårvekt, slakteklasse, ullvekt, lammetal m.m. Desse delindeksane kan ein nytta for å finna dyr som er gode på ønska eigenskapar. Eksempelvis om ein ynskjer å få betre slakteklasse på dyra, kan ein fokusera på å velja påsettlam med god indeks for den eigenskapen.

I tillegg til delindeksar får lamma ein samla indeks (O-indeks). Den blir rekna ut etter korleis NSG vektlegg dei ulike eigenskapane i avlen. I dag er slaktevekt, slakteklasse og vårvekt dei tre eigenskapane som er størst vektlagt i avlsmålet til NKS. Dyr med høg indeks skal i utgangspunktet vera gode kandidatar som påsettlam. Likevel kan eigenskapar med mor og/eller far som ikkje kjem fram frå indeksane gjer at ein ikkje ønsker å legga eit lam med høg indeks. Det kan også i nokon tilfelle vera aktuelt å legga lam med litt lågare indeks fordi ein ønsker å få nye gener inn i flokken. Val av påsettlam bør derfor ikkje bli tatt utelukkande på indeksane i sauekontrollen. Ein god måte å bruka indeksane på er å ta ut ei lista med dei beste lamma og så ta ein tur ut i fjoset for å vurdera og kjenna om lamma er eigna som påsettlam.

Gode bein

Gode bein og klauver er viktig for å få ein robust og haldbar sau. Når du skal vurdera beina bør du studera kodane, dei bør vera rette og oppreiste, ikkje slakke. Det er også viktig at lamma har god beinstilling. Det kan vera vanskeleg å avdekka dårleg beinstilling dersom du berre ser når lammet står i ro. Derfor bør du få lammet til å gå litt når du skal vurdera beinstillinga. I tillegg bør du unngå å legga lam med grove bein, då det kan føra til meir lammingsvansker. I mange tilfelle ønsker ein høge sauer, så det kan også spela inn når du skal vurdera beina.

Bilde3
Bra bein er viktig: T.v. har lammet grove bein og dårleg beinstilling. Sauen på sida har gode bein.

God kroppsfasong

Høge og lange lam er gode kandidatar som påsettlam. Høge dyr gjer det lettare for lamma å finna spenane. Medan lengre dyr ofte har moglegheit til å oppnå høgare slaktevekter. Andre eigenskapar ved kroppsfasongen du bør vurdera er krysset. Lammet bør ha eit breidd, hellande og langt kryss, då dette er gunstig for å få lettare lemmingar. I tillegg kan det å avla på dyr med smale hovud også letta på lemmingane.

Bilde5
God kandidat som påsettlam: Lammet har hellande og fint kryss.
Bilde4
Utsjånad tel: Tydeleg forskjell i høgde og lengde på desse lamma.

God ullkvalitet betalar seg betre

Å avla på dyr med god ullkvalitet, med lite marg og dødhår og god lengde og spenst, kan gje auka lønnsemd. Det kan vera vanskeleg å vurdera ullkvaliteten. For å sjå marg og dødhår brukar ein mikroskop. Derfor er grovheita på ulla, tettleiken på fellen, lengde og spenst ofte det naturlege å vurdera. Lengda på ulla målar du på krysset, og den bør vera over 7 cm på NKS. Ved å opna fellen kan du vurdera teittleiken og spensten. Ein tommelfingerregel er at dersom fellen opnar seg som ei rett linje og ein ser lite hud er fellen tett. Spensten vurderer du ved å sjå kor mykje lengre ulla blir når du drar i den. Ei ull som blir mykje lengre har god spenst. Elles bør ulla vera finfibra og ikkje grov. Dyr som har svarte flekker i fellen, eller har anlegg for å få det, bør ikkje avlast på, då det gjev redusert ullbetaling.

Bilde6
Skod lammet på håra: Ved å opna fellen kan du vurdera tettleik og spenst i ulla.

Godt bitt

Du bør også kontrollera at lammet har eit godt bitt. Misforhold mellom lengden på underkjeven og overkjeven vil gje under-/ overbitt som kan gje problem for dyra når dei skal eta. Sidan utforminga på bittet er arveleg bør ein unngå å legga på dyr med dårleg bitt.

Bilde7
Gap opp: Lammet har tydeleg overbitt og bør ikkje avlast på.

Innrulla augelokk

I enkelte besetningar kan ein ha utfordring med innrulla augelokka. Dette er ei helseutfordring som har samanheng med avl. Innrulla augelokka er den mest kjente arvelege tilstanden på sau. Det er ein plagsam og smertefull tilstand som krev behandling og tilsyn. Lam som har hatt innrulla augelokk bør du ikkje avla på.

Jurhelse

Mora si jurhelse bør du også ha i baktankane når du skal vurdera påsettlamma, då god jurhelse er heilt avgjerande for å få god lammetilvekst. Store spenar og sidt jur fører ofte til meir problem med å få lamma til å drikka frå juret. Også skeive jur og tette spenar skapar problem og slike dyr bør ikkje avlast på. Ekstraspenar kan også skapa problem, så det kan du også ha eit bevisst forhold til. Elles bør ikkje dyr som har hatt mastitt (jurbetennelse) bli avla på. Allereie når lamma er små bør du begynna å notera ned eigenskapar ved mora si jurhelse og andre merknadar. Det vil gjera det lettare å ta gode val av påsettlam som produserer god ull og godt kjøtt på norske ressursar!

Artikkelen sto først på trykk i Bondevennen 27 - 16. sept 2022