Å bygge nytt på garden er ei investering som krev både planlegging og innsikt i regelverket. Enten du skal oppføre ein sauefjøs, storfefjøs, lagerbygg eller ein maskinhall, må du som tiltakshavar vite kva som krevst av dokumentasjon og søknad. I denne artikkelen får du ei oversikt over byggesøknadsprosessen for landbruksbygningar, med særleg vekt på skilnaden mellom bygg over og under 1000 m² bruksareal (BRA).

Bruksareal er den totale summen av alt måleverdig areal av ein bygning.

Kva er ein landbruksbygning?

Ein landbruksbygning er eit byggverk som er nødvendig for drifta av ein landbrukseigedom. Dette kan vere fjøs for husdyr, lager for fôr og maskiner, verkstad eller redskapshus, og bygg for foredling av eigne landbruksprodukt. Formålet med bygget avgjer om det vert definert som driftsbygning i landbruket. Bygg som vert brukt til fabrikkmessig produksjon eller sal av varer frå andre produsentar, fell utanfor definisjonen.

Søknadsplikt – kva gjeld?

Alle driftsbygningar i landbruket er i utgangspunktet søknadspliktige etter plan- og bygningslova. Men det finst unntak og forenkla prosedyrar, avhengig av storleiken på bygget.

For bygg under 1000 m² BRA kan du som tiltakshavar sende inn søknaden sjølv. Du treng ikkje bruke ansvarlege føretak for prosjektering og utføring, og dette gjeld vanlege driftsbygningar som fjøs, lager og verkstad. Det må sendast inn situasjonsplan, teikningar og nabovarsel, og kommunen kan krevje uavhengig kontroll ved behov. Tiltakshavar har sjølv ansvar for at tiltaket fyljer alle relevante lover og forskrifter.

For bygg over 1000 m² BRA må søknaden sendast inn av ein ansvarleg søkjar, som til dømes ein rådgivar eller entreprenør. Bygget vert rekna som meir komplekst og omfattande. Det er krav om ansvarlege føretak for prosjektering, utføring og kontroll. Det må vidare sendast inn situasjonsplan, teikningar og nabovarsel. Kommunen kan krevje uavhengig kontroll ved behov.

I denne samanheng er det viktig å hukse på at ved søknad om tilbygg, er det summen av bruksarealet av eksisterande bygg og tilbygget, som skal leggast til grunn for arealstørrelsen.

KategoriUnder 1000 kvadratmeter BRAOver 1000 kvadratmeter BRA
SøknadspliktJa, men kan forestås av tiltakshaverJa,m å forestås av ansvarleg søker
Ansvarleg foretakIkkje krav om ansvarleg foretakKrav om ansvarleg foretak
TiltakshaverKan sende inn søknad sjølvMå bruke profesjonell søker (rådgjevar, entreprenør)
Krav til dokumentasjonSituasjonsplan, teikningar, nabovarselSituasjonsplan, teikningar, nabovarsel
Uavhengig kontrollKan krevast av kommune ved behovKan krevast av kommune ved behov
Bruksareal ved tilbyggSummen av eksisterande bygg og tilbygg må vere under 1000 kvadratmeterSummen overstig 1000 kvadratmeter – krav om ansvarleg søkar

Dokumentasjonskrav

Uavhengig av storleik må du dokumentere formålet med bygget, plassering i samsvar med arealplan, nabovarsel og eventuelle dispensasjonar. I nokre tilfelle må du også ha uttale frå landbruksforvaltninga, og det kan vere krav om miljøvurdering og kulturminneavklaring. Det kan også kome til andre dokumentasjonskrav.

Vanleg feil og utfordringar

Mangelfull dokumentasjon er ei vanleg årsak til forseinkingar, spesielt ved større bygg. Feil klassifisering av bygget kan også skape problem, til dømes dersom eit lager for maskiner til sal vert definert som driftsbygning. Dispensasjonar kan vere nødvendige ved plassering nær veg eller utanfor LNFR-område. Ved bygg over 1000 m² BRA må ein ha profesjonelle foretak med ansvarsrett.

Konklusjon

Skal du bygge på garden, må du vite kva reglar som gjeld. Grensa på 1000 m² BRA er avgjerande: under denne kan du søkje sjølv, over krev det profesjonelle aktørar. Med god planlegging og rett dokumentasjon kan du sikre ei smidig sakshandsaming og eit bygg som tener garden i mange år framover.

Tips for ein god byggesøknad