Regelverk
I følge regelverket kan du ikkje køyre ut husdyrgjødsel før 15. februar. Det er heller ikkje lov å køyre husdyrgjødsel på frossen eller snødekt mark, òg det skal vere vekst i plantene.
![Eng i mars foto ole arnfinn](https://www.nlr.no/media/news/sor/3.Gjodsling-og-kalking/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/eng-i-mars-foto-ole-arnfinn.jpg?c=20220228153329)
Vekst i plantene
Fotosyntesen i ein plante startar ikkje før det er over 5°C i lufta. NIBIO definerer vekststart når me har hatt 5 dagar på rad med gjennomsnittstemperatur over 5°C etter 1. mars (gitt at det er frostfritt i jorda). Eit teikn på vekststart er at du finn kvite røter på grasplanten. Desse er nye av året og skil seg frå dei gamle røtene som er mørkare i fargen (sjå bilde).
![Hvite rotter varonn slangespreiing foto magnus haugland](https://www.nlr.no/media/news/sor/3.Gjodsling-og-kalking/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/Hvite_rotter_varonn_slangespreiing_foto-ole-arnfinn.jpg?c=20220228153129)
![Timotei raigras](https://www.nlr.no/media/news/sor/3.Gjodsling-og-kalking/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/timotei-raigras.jpg?c=20220228151916)
Lagelig jord
Det er viktig at husdyrgjødsla blir i jorda og ikkje hamner i næraste bekk. Vent til jorda tørkar opp. Er jorda vassmetta toler den ikkje å bli køyrd på og me kan få jordpakking og dårlig rotutviklig som reduserer avlinga. Pakka og vassmetta jord har òg redusert evne til å ta til seg husdyrgjødsel og vil gi større avrenning.
Sjølv om du spreier husdyrgjødsel med kanon i beite må jorda ha tørka tilstrekkeleg opp. Heller ikkje i beite vil husdyrgjødsla trekke ned i vassmeitta jord, og me kan risikera at neste regnskur tar med seg husdyrgjødsla til næraste bekk.
![Lagleg jord foto ole arnfinn](https://www.nlr.no/media/news/sor/3.Gjodsling-og-kalking/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/Lagleg_jord_foto-ole-arnfinn.jpg?c=20220228151909)
Frost etter utkøyring
Ved å tilføre husdyrgjødsel stimulerer du grasplanten til å gå frå «vintermodus» til «vekstmodus». Det er positivt å setja grasplantene i gong med å utnytte den høge lysinnstrålinga me har på våren, men dei vert meir utsett for å gå ut (dø) dersom det kjem frostperiodar. I områder som er utsett for periodar med frost i mars er det lurt å vente til denne faren er over før ein spreier husdyrgjødsla.
Oppsummert
Du får god effekt av husdyrgjødsel som er spreidd så tidleg som mulig, visst:
- Jorda har tørka nok opp
- Veksten i graset er i gong
- Det er liten fare for nye frostperiodar
- Jorda er forstfri, snøfri og det er etter 15. februar
![Slange 0104 vs fanespreder 1804 bilde tatt 2804 odd ingebret paulsen](https://www.nlr.no/media/news/sor/3.Gjodsling-og-kalking/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/Slange-0104-vs-fanespreder-1804-bilde-tatt-2804-odd-ingebret-paulsen.jpg?c=20240205113205)