Som rådgjevarar i NLR Vest får vi ofte spørsmål som gjeld overgang frå to til tre slåttar, og kva slags grasartar som høver. Med denne artikkelen kan vi svare på noko av dette. Elles kan vi hjelpe med direkte rådgjeving heime på din gard!

Innleiing

Fleirårig raigras blir no mykje nytta i eng og beite på Vestlandet. Hykor raisvingel har også blitt prøvd av fleire dei siste tiåra. Nyleg har det kome «nye» artar og artsrike blandingar på marknaden. Det gjeld strandsvingel og den såkalla «Vestlandsblandinga». Dette er i hovudsak artar og blandingar som høver for tre haustingar per sesong. Kvar høver desse artane og blandingane, og korleis skal vi bruke dei?

Konkurranse mellom artar

I eit plantesamfunn vil det vere konkurranse mellom artar og plantar om ressursar. Overjordiske plantedelar konkurrerer om lys og CO2, røtene om vatn, næringsstoff og oksygen. Mange forhold påverkar kva artar som blir dominerande og kva artar som blir trengt tilbake. Dette gjeld til dømes overvintringsforhold, temperatur, lys, jord, nedbør, tal haustingar, stubbehøgde, gjødsling og engalder.

Fleirårig raigras

Det er vanskeleg å sette nøyaktige geografiske grenser for kvar denne arten bør nyttast på Vestlandet. I lågtliggjande areal ved kysten har ein gode røynsler med raigras. Det er forholdsvis sjeldan raigraset utvintrar her. I område med lang, kald og snørik vinter, er risikoen for utvintring stor. Risikoen vil variere med lokalt klima, men vi har stadige observasjonar der raigras overvintrar i område vi ikkje tidlegare har tilrådd såing av raigras. Vil ein prøve raigras i nye område, bør ein først så eit avgrensa «prøvefelt». Den norske sorten «Figgjo» blir rekna som den mest vintersterke. Der raigras trivst, kan ein oppnå svært høg avling og energikonsentrasjon. Raigras har forholdsvis lågt tørrstoffinnhald, så tilstrekkeleg fortørking er viktig

Forsoksmelding 2019
Strandsvingel har vore med i langvarige forsøksfelt fleire stader i Sør-Noreg og Midt-Noreg. Sortane Kora og Swaj har gjort det godt på Vestlandet, både åleine og i blanding med timotei. Her frå eit forsøk på Vigra.

Strandsvingel

Denne arten har til no vore lite nytta i Noreg. Derimot er han vanleg i fleire andre land i Nord-Europa. Dei siste åra er det gjort grundige utprøvingar i Sør- og Midt-Noreg, mellom anna på Vigra og i Kvinnherad. Med unntak av i fjellbygdene, har strandsvingel svært høgt avlingsnivå. Arten har høgare tørrstoffinnhald enn raigras, med litt lågare energikonsentrasjon. Strandsvingel har mange og djupe røter, og er tørkesterk. Han er noko meir vintersterk enn raigras. Strandsvingel spirer og buskar seg seinare enn raigras og timotei, og er glissen første del av såingsåret.

Raisvingel, sorten Hykor

Dette er ein slektning av strandsvingel. Han er forholdsvis lik strandsvingel når det gjeld agronomiske eigenskapar, men kan reknast å vere litt mindre vintersterk enn strandsvingel.

Timotei

Den strårike timoteien er med i dei fleste engfrøblandingane. Han spirer og veks raskt i såingsåret, og gir god avling og kvalitet. Timotei klarer seg bra i konkurransen med dei mindre strårike og meir bladrike artane ved to slåttar. Ved tre haustingar blir han oftast utkonkurrert etter 2–3 år.

Få eller mange artar i blandinga?

I Noreg har det vore tradisjon for å nytte få artar i frøblandingane. I andre land har ein hatt tradisjon for meir artsrike blandingar. Tanken er at artane har ulik evne til å utnytte tilgjengelege ressursar, over eller i jorda. Kan ein dermed oppnå høgare avlingsnivå ved å la dei vekse saman? Nyare undersøkingar i Noreg tyder på at dette kan stemme (Østrem, L. 2021, pers. med.). Artsrike blandingar har i forsøk ofte gitt høgare avling enn eng med ein eller få artar. Dette gjeld både ved to og tre slåttar.

Døme på artsrik frøblanding frå 2020: «Spire Surfôr/beite Vestland» eller «Vestlandsblandinga» som ho også blir kalla: Timotei Liljeros 35 %, Engsvingel Vinjar 10 %, Engrapp Knut 15 %, Hundegras Laban 7 %, Fleirårig raigras Figgjo 10 %, Raisvingel Hykor 8 %, Strandsvingel Swaj 10 %, Kvitkløver Litago 5 %.

Denne, og tilsvarande frøblandingar, er sådd av gardbrukarar på Vestlandet dei siste åra. Vi høyrer av og til namnet «Optimistblanding» som antydar at det er ei eiga utprøving der utfallet er usikkert. Det blir interessant å følgje med på utviklinga i desse blandingane over fleire engår. Erfaringane er stort sett positive. Framleis manglar ein tilstrekkeleg med langvarige forsøk når det gjeld å vurdere avlingsnivå og kvalitet i desse artsrike engene. Innhaldet av artar og sortar i frøblandingane er i endring. Det har kome merknader når det gjeld hundegras. I fuktig klima på Vestlandet blir hundegras ofte angripen av bladflekksoppar. Han blir gul og lite triveleg. Hundegras kan også bli for dominerande, og er no fjerna frå «Vestlandsblandinga». I staden er innhaldet av strandsvingel og raisvingel auka.

Tilrådingar

Forsøka syner at strandsvingel er aktuell art i frøblandingar for store delar av Vestlandet, i eng for tre haustingar. Sorten Kora har gitt litt høgare avling enn Swaj. I forsøka er det brukt 25 % strandsvingel og 75 % timotei. Ved tre haustingar per sesong vart standsvingel gradvis meir dominerande i femårige forsøk. Det kan vere aktuelt å byte ut «75 % timotei», med ei timoteirik frøblanding. I Spire Surfôr/beite Vestland er det 15 % strandsvingel. I tillegg er det 10 % fleirårig raigras og 10 % raisvingel. Samanlikna med fleirårig raigras er strandsvingel meir vintersterk, tørrare og meir tørkesterk. Raigras har litt høgare energikonsentrasjon. Begge har høgt avlingspotensiale.

Ein observasjon

I eitt av forsøksfelta vart det observert ein liten flokk med hjort. Desse beita ivrig på forsøksruter med timotei. Derimot rørte dei ikkje ruter med strandsvingel eller engsvingel. At hjort likar godt timotei, og skadar denne, bør medføre at ein på utsette areal brukar frøblandingar med lågt innhald av timotei, og meir bladrike grasartar som toler beitinga betre. Om strandsvingel og engsvingel på utsette areal kan medføre lågare avlingstap, så er det kanskje verdt å prøve?

3 slatt Vestlandsblanding 2020
Spire Surfôr/beite Vestland, også kalla «Vestlandsblandinga», er mykje brukt. Kanskje vi kan utvide det geografiske bruksområdet? Her ser vi 3. slått frå forsøksfelt i Fjaler.