Bilde setebelte

På ein gard blir traktoren blir brukt til så mangt og eg, som HMS-rådgjevar, har fått eit inntrykk i at dykk er bevisst i å bruke setebelte når dykk køyrer på offentleg veg. Er det då bara haldningane som er problemet? Når eg spør om årsaka til kvifor beltet i hovudsak blir brukt på offentleg veg, men ikkje på garden forøvrig kjem det fram at det er tungvindt å bruke setebeltet i forhold til oppgåvene som utførast i traktoren. Dette har regelverket delvis teke hensyn til ved at det er laga nokre unntaksbestemmingar i forskrifta om utførelse av arbeid §19-4. Påbodet om bruk av setebelte gjeld ikkje under køyring i lav hastigheit der vedkommande med korte mellomrom må forlate sin plass, når bruken av setebeltet i seg sjølv medfører ein auka risiko for skade slik som f.eks. på islagde vatten, eller når det elles er openbart unødvendig.

Dette inneber at det er du som, i eit kvart tilfelle, må ta ei vurdering på om setebeltet må nyttast i forhold til kva du skal bruke traktoren til.

«Skal berre»

Er du flink til å gjere dette eller har direktøren i Arbeidstilsynet rett i at det er eit haldningsproblem slik at du heller unngår å bruke beltet enn å forhalda deg til det? I ei undersøking arbeidstilsynet gjennomførte hausten 2019 om bønders setebeltebruk kjem det fram at det kunn er 17 % som seier dei alltid nyttar setebeltet. Årsaka til at setebeltet ikkje nyttast er at bøndene ikkje ser det som nødvendig å bruke det, at det er ein dårleg vane å ikkje bruke det og at det er snakk om korte avstandar.

«Eg skulle berre ta ein tur på jordet før frukost», «Eg skulle berre flytte noko bak fjøset», «Eg skulle berre køyre ein siste tur før det ble for mørkt». Når vi «berre skulle» er det lett å tenkje at beltet ikkje nødvendigvis er så viktig. Men jordbruksnæringa har dei siste åra sett alt for mange eksemplar på kor viktig bruken av setebelte kan vere.

Bruk av setebelte i traktor skal bidra til at den enkelte bonde er tryggare på arbeid. I situasjonar med velt, påkøyring og steiling vil setebeltet kunne ha stor betydning for sikkerheita. Det kan til sjuande og sist utgjere forskjell på liv og død.

Bonuseffekt med setebeltebruk

Noko dei fleste kjenner til er at skulle ulykka vere ute så er du sikra mot at du døyr eller får store skadar på grunn av klemfare, men er du kjent med at bruk av setebelte kan være gull verdt for helsa di? Ergonomi er nesten som eit framandord å rekne om du då ikkje arbeider på kontor. Nyttar du setebeltet seier fleire bønder at dette tvingar dei til å sitte rett i sete. Stillar du i tillegg inn sete, armlene og ratt i rett høgde så kan du forebygge stivheit og smerte i skulder, rygg, nakke og bein.

Om du har reist med fly seier dei under sikkerheitsframsyninga tenk på deg sjølve, før du hjelper andre. Mi erfaring i møte med bøndene er at dei ofte tenker på born og borneborn når det gjeld bruk at setebelte, men lett gløymer å sikre seg sjølve. Det ironiske i dette er at konsekvensane ved ei ulykke i jordbruksnæringa ikkje berre berører deg som enkeltindivid då heim, familie og arbeid heng tett saman. Skulle du døy eller bli ufør blir ansvaret ditt overført til dine næraste - nemleg familien!

Bruk unntaksreglane der det er meint å bruke dei og gjer det til ein vane å nytte setebeltet for di eiga skuld og dei du er glad i!