![Fjerning av halmen](https://www.nlr.no/media/news/midt/korn/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/919993/Fjerning-av-halmen.jpg?c=20220826110421)
Kveka skal har mist 3-4 fullt utvikla blad før sprøyting. Det er først når planta blir såpass stor at saftstrømmen går ned til rota. Noe som er ein føresetnad for å transportere ned glyfosat.
Om vi får noe nedbør etter trøsking, er det også gode sjansar for at åkertistel, burot, hestehov og kanskje noen til vil utvikle tilstrekkeleg store plantar til å transportere glyfosat ned til rota. Vi kan derfor få god effekt av ei sprøyting i stubben mot mange rotugras om vi berre ventar lenge nok. Avhengig av trøsketidspunkt gir det sprøyting på fine dagar utover i oktober.
Kor stor dose som er nødvendig for å få god effekt, er noe usikkert. For dei fleste rotugrasa må ein opp i 450 ml for å få bra effekt. For hestehov må ein minst opp i 500-600 ml og borreartar treng 7-800 ml, av middel med 360 g glyfosat pr liter. Roundup Flex og Powermax har andre dosar. Sjekk etikett. Når det blir store dosar, ser ein fort at det er lukkerativt å bekjempe rotugrasa medan det enno er nok med flekksprøyting. Etter kvart som flekkane med åkertistel går over til større åkrar, blir det fort dyrt.
Når det blir sprøyta ut over i oktober må det minst gå 14 dagar før jordarbeiding/pløying med vanlege glyfosatmiddel, for å vera sikker på å få effekt. Dersom ein bruker Roundup Flex eller roundup Powermax er det nok med 2 dagar ved optimale vilkår under sprøytinga, før jordarbeiding (pløying).
Ved planlagt sprøyting i stubb er det viktig å ha ein plan for halmhandteringa. Pressing og fjerning er det aller beste, men god kutting og jamn fordeling er også bra. Kveke dekka av halm overlever.
![Nar akerdylla star passeleg stor i stubben har glyfosat veldig god effekt JOF](https://www.nlr.no/media/news/midt/korn/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/919949/Nar-akerdylla-star-passeleg-stor-i-stubben-har-glyfosat-veldig-god-effekt-JOF.jpg?c=20220826105202)
![Ein fin dag utover i oktober har som regel kveka blitt stor nok til a fa god effekt av glyfosat JOF](https://www.nlr.no/media/news/midt/korn/_688xAUTO_fit_center-center_82_none_ns/919947/Ein-fin-dag-utover-i-oktober-har-som-regel-kveka-blitt-stor-nok-til-a-fa-god-effekt-av-glyfosat-JOF.jpg?c=20220826105155)