Velkommen til dreneringskurs


Tysdag 14. oktober kl 14 – 18

Oppmøteadresse: Gravset skistadion, (Lykkjavegen 536) Hemsedal

eller

Onsdag 15. oktober kl 14 – 18

Oppmøteadresse: Kommunehuset, (Sentrum, Rødberg) Nore og Uvdal

Program (Likt på begge kursdagane)

Frå kl 13.30 Høve til å få seg kaffi/te og eit smørbrød

  • Kl 14.00 Del 1(Inne):
    • Ulike jordarter, vatn i jord, Kvifor grøfte?
    • Grøfting, grøfteavstand, grøftedjup, filtermateriale, dimensjonering,
    • Djup drenering, vertikaldrenering. - v/ Arne Nøkland, NLR Østlandet
    • Særleg om myr - tiltak på jord med høgt innhald av organisk materiale.
    • Om avskjeringsgrøfter, profilering, omgraving og kostnader
    • Problem – tiltak ved særlege problem som rustutfelling i røyr, siltpartikler fyller røyra - v/Are Johansen, NLR Nord Norge
    • Tilskot til hydroteknikk (SMIL) og drenering – korleis søke om tilskot. - v/ landbrukskontor
    • Økonomi i dreneringsarbeid på engareal. - v/Aslak Botten, NLR Østlandet
  • Ca kl 16.30 Del 2 (Ute):
    • Synfaring av felt og drøfting av løysingar
    • Demonstrasjon av grøftespyling
    • Demonstrasjon av ulike typer røyr og filtermateriale
  • Kl 18.00 Takk for i dag!


Merk: i programmet er det lagt inn ei synfaring utandørs. Ta derfor med tøy for å kunne vere ute.

Deltakarpris:

kr 600 + mva ved påmelding

Kursprisen er uavhengig av medlemsskap i NLR og inkluderer lett servering.

Buskerud fylkeskommune har gjeve tilsagn om støtte til kurset frå rekrutterings- og kompetansemidla i fylket.

Påmelding innan torsdag 9. oktober 2025

Meld deg på her

Det må vere minst 15 påmeldte deltakarar for å halde kurset.

VELKOMEN!

(Kontaktperson NLR: Arne Nøkland, arne.nokland@nlr.no, mob. 948 08 749)

DSC09184