Landet vårt har ulikt ressursgrunnlag, og mogelegheiter for produksjon av grovfôr med optimal kvalitet. Grovfôr med god smakelegheit, hygienisk kvalitet og normalt fiberinnhald stimulera til auka fôropptak. Eit godt grovfôr i høgdrektigheita vil gjere at ein vesentleg del av energibehovet blir dekka gjennom grovfôret. Grovfôranalyse er det viktigaste grunnlaget for å vurdere korleis ein skal disponere fôret. NLR har utvikla surfôrtolken til gjennomgang av grovfôranalysar, og er eit godt grunnlag for å utarbeide vinterfôrplan. NLR Engsjekken vil også vere eit godt redskap for vurdering av arealet.

Behovet i høgdrektighet

Alt 8 veker før lamming byrjar behovet for energi og protein å auke, no er det fosterproduksjonen og utvikling av juret. Tal foster vil vere avgjerande for det ekstra behovet (figur 1). Fleire foster gjer at det vert mindre plass i bukhola og dermed vil ein ha behov for eit meir konsentrert fôr.

Overgang til eit tidleg slege grovfôr gjev meir energi/kg fôr og vil føre til eit auka grovfôropptak. Dette vil gjere at ein ikkje treng så mykje kraftfôr for å dekkje dette ekstra behovet. Forsøk frå Åshild Randby, NMBU har vist at fôring med svært tidleg høsta surfôr og opp til 0,3 kg kraftfôr dagleg, har gjort at trillingsøyer var i stand til å auke hold i sein drektigheit.

Skjermbilde 2026 02 10 kl 11 09 39
Figur 1: Fôrbehovet til foszerproduksjon og vedlikehald til søyer frå åtte veker før lamming og fram til lamming. Kilde: Ole Arnfinn Røysland.

Behovet etter lamming

Etter lamming aukar behovet enno meir pga mjølkeproduksjonen, og det vil vere vanskeleg å gje dei nok grovfôr til å dekkje dette. Med eit godt grovfôr med mykje energi og protein vil ein kunne dekkje ein god del. Dyret vil kunne ta opp meir tørrstoff i eit grovfôr med lågare fiberinnhald, og opptaket av energi og protein vert totalt større frå den fraksjonen.

I heile høgdrektigheita og etter lamming vil det å ha eit godt grovfôr kunne gjere at ein sparer ein del på kraftfôret. Om ein har produsert «lammingfôr» vil ein kunne dekkje større del av behovet, enn om ein skal bruke eit middels fôr heile innefôringa.

Grovfôr med ein kvalitet på 0,85 FEm/ kg ts vil kunne gje eit opptak av 1,2 kg tørrstoff som tilsvara 1 FEm, som vil høve bra på vinteren. Har grovfôret betre kvalitet, med hensyn til energi, protein og mindre fiber vil opptaket av tørrstoff kunne auke noko og dermed auke opptaket av energi enno meir.

Tabellen viser at med eit grovfôr på 0,95 FEm (tidleg høsta) vil ein kunne minke bruken av kraftfôr ein god del.

Tabell 1: Behov for energi og protein til vedlikehald, og mjølkeproduksjon hjå søyer av rasen NKS (NIBIO/Nortura).

Tal lamTilvekst (g/dag og lam)FEm/dagAAT (g/daa)PBV, g nedre grense
14001,21200 (-20)
23001,81850 (-20)
32502,42500 (-20)

På same måte kan ein sjå på samanhengen mellom grovfôrkvalitet og behovet for kraftfôr etter lamming. Sau med to lam med eit fôrbehov på 3 FEm pr.dag kan auka grovfôropptaket frå 1,6 kg ts av eit vinterfôr, til 2,2 kg ts av eit lammingsfôr og dermed redusere kraftfôrbehovet frå 1,6 kg ned til 0,9 kg pr dag.

Tabell 2: Ulik grovfôrkvalitet kontra behov for kraftfôr siste to veker før lamming

Kvalitet (FEm/kg ts)Opptak surfôr (kg ts)Energi frå surfôrKraftfôrbehov to lam (kg)Kraftfôrbehov tre lam (kg)
0,851,21,000,81,3
0,901,51,350,450,9
0,951,61,50

0,30

0,7

Om ein skal dekkje auken i energibehovet i dei 8 vekene før og 2,5 vekene etter lamming på eit vinterfôr med 0,85 FEm /kg ts, vil ein måtte bruke 55,4 kg kraftfôr pr dyr. Er grovfôrkvaliteten 0,95 FEm /kg ts vil ein kunne redusere dette til 21,8 kg kraftfôr.

Etter lamming utgjer dette ein reduksjon frå 1,6 til 0,9 kg pr dag. Totalt vil ein spare 34 kg kraftfôr pr søye med eit tidleg hausta grovfôr, dette vil utgjere kr 187 pr vinterfôra vaksen søye (snitt pris kr 5,5 pr kg kraftfôr). For ein flokk på 100 vfs utgjer dette kr 18700, i sparte kraftfôrkostnader.

Det ekstra grovfôret har og ein kostnad, og ei søye vil ete 41 FEm ekstra med grovfôr i same periode. Om ein reknar 3,5 kr pr FEm vert dette kr 143 i grovfôrkostnader. Differansen ligg dermed på kr 43,5 pr vinterfôra søye. I eit sauefjøs med 100 vinterfora søyer (vfs) utgjer dette kr 4350.

Tabell 3: Ulik grovfôrkvalitet kontra behov for kraftfôr etter lamming

Kvalitet (FEm/kg ts)Opptak surfôr (kg ts)Energi frå surfôrKraftfôr (kg)Totalt behov Fem
0,851,61,361,63,0
0,9021,81,23,0
0,952,22,090,93,0

Kan kraftfôr fikse eit seint hausta grovfôr?

For totaløkonomien i saueholdet er haustavdråtten ein nøkkelfaktor. Fôringa i høgdrektigheit, og etter lamming set standaren for dette. Fôring før lamming bestemmer både råmjølkskvalitet og mengde, og ikkje minst det å sørge for at søya opprettheld haldet. Som ho treng å tære av etter lamming.

Kraftfôr har eigenskapar som grovfôret ikkje har og omvendt. Kraftfôr inneheld mykje stivelse som er svært mjølkedrivande. I tillegg tar det lite plass i vomma, går raskt gjennom, og gir dermed effektivt energi til drøvtyggaren. For store mengder vil senke pH i vomma raskt, og gi negative konsekvensar for mikrobane som bryt ned fiber. I verste fall også sjukdom hjå søya (sur vom). Derfor kan ikkje kraftfôr erstatte all grovfôr.

Med tidleg hausta grovfôr i rasjonen blir samansetjinga meir stabil gjennom dagen, då behovet for kraftfôr er lågare, og ein får ikkje dei same svingingane i vomvæska som ein gjer der kraftfôr utgjer ein stor prosent av rasjonen. Det vil dermed tenkast å få ei meir robust søye, som er mindre utsett for sjukdom.

Overgangen til beite, vil truleg vere betre om ein fôrar med eit tidleg hausta grovfôr, då rasjonssamensetnaden vert meir lik den reelle kvaliteten søya blir tilbudt på beite.

Skjermbilde 2026 02 10 kl 11 27 38
Tabell 4: Fôrbehov i FEm per dag for NKS-søyer før og etter lamming. Tabellen syner også venta grovfôropptak ved ulik grovfôrkvalitet, og dermed også behovet frå kraftfôr. Tala med raud skrift er totalt grovfôropptak FEm og kraftfôrbehov kg per søye for 8 veker før til 2,5 veker etter lamming.

Korleis produsere eit høgenergifôr?

Lammingsfôret/høgenergifôret ein treng bør ha ein fôreiningskonsentrasjon på 0,9 FEm pr kg ts eller høgare. For å oppnå denne kvaliteten må ein hauste graset seinast i begynnande skyting. Vi har forsøk med mange ulike frøblandingar også med reinbestand av timotei og raigras, og hausting før begynnande skyting vil vi kunne oppnå denne kvaliteten. Begynnende skyting er definert som når ein ser ein del av akset på 10% av skota. Det bør vere tørka til minimum 30% tørrstoff (rundball) og ensilert med ensileringsmiddel for å ta vare på denne kvaliteten. Dette har ein god hygienisk kvalitet og ein får stabil låg pH (<4,5).

NLR har uttak av grasprøver over heile landet kvart år, for å fylje med kor fort utviklinga går, da dette varierer mykje med været. Anbefaler alle å fylje med i nyheitsbrev frå NLR.

Skjermbilde 2026 02 10 kl 11 51 09
Figur 2: Grasets utvikling frå blad til full skyting. Eit mjølkefôr bør haustast rundt begynnande skyting.

Har du nok areal?

Det er viktig å vurdere nedgangen i avling om ein høstar tidleg, og om ein har råd til det om ein skal få nok vinterfôr totalt. Forsøk har vist at differansen på 10 dagar mellom tidleg -og normal slått i fjellbygda Oppdal har auka avlinga frå 248 til 364 kg ts pr daa, men kvaliteten gjekk mykje ned, frå godt over 0,9 FEm til under 0,85 FEm pr kg ts med å utsette slåtten. Auken i avling i andreslåtten jamnar ikkje ut den mindre førsteslåtten sjølv med 10 dagar lengre veksetid.

For å ta ut potensialet er det viktig å kome tidleg i gang på våren og utnytte vekststarten slik figuren under viser.

Skjermbilde 2026 02 10 kl 11 54 54
Figur 3: Syner stor avlingsnedgang ved utsett vårgjødsling.

Kva seier grovfôranalysa?

Ein ser at utviklinga i graset går fort, og skal ein treffe på 0,9 FEm/kg ts må ein vere på. Dette betyr at det er svert viktig å ta fôrprøver for å sjå korleis fôret eigentleg vart, og korleis ein skal supplere med kraftfôr til dette.

Grovfôranalysen gjev oss fôreiningskonsentrajonen i FEm og da veit vi kor mange kg vi må fôre med for å dekkje behovet til sauen. PBV er proteinbalansen og vi kan vurdere kva kraftfôr ein må supplere med. NDF er fiberrasjonen, og dette må sjåast i samanheng med kraftfôret og, normen ligg på minimum 300g NDF pr kg ts i rasjonen. Å analyserer for mineralar kan vere ei viktig tilleggsopplysning for rett gjødsling og ved eventuelt mangelsjukdommar.

Oppsummert

God grovfôrkvalitet gir høgt fôropptak, god produksjon, og mindre behov for kraftfôr. Grunna eit høgare fôropptak er det viktig å vurdere om ein har nok areal. Er arealet flaskehals, bør ein fokusere meir på avling, og heller supplere med større mengder kraftfôr. Det viktigaste er å ha kontroll på grovfôrkvaliteten for å vite kva ein fôrar med, og velje rett kraftfôrtype og mengde til det grovfôret ein har.

NLR rådgjevar kan hjelpe til å vurdere arealet, og korleis det kan utnyttast til slått og beitedrift. Ulike senario kan vere om ein har vårbeiting, to slåttar og høstbeite, da kan ein tidleg førsteslåtten utgjere lammingsfôret. Eit anna døme kan vere der ein har tre slåttar, så kan ein tidleg andreslått vere lammingsfôret. Alt etter kva slåttesystem og grasartar ein har må ein vurdere når og kvar ein skal høste dei ulike kvalitetane ein ynskjer.