Listeriabakteriane gjev ulike sjukdomsformer hos sau.
Den vanlegaste formen er hjernehinnebetennelse, men kan også vere årsak til kasting, død- og svakfødte lam. Symptom ved listeriose kan vere frå små, knapt synlege, lammelsar til der sauen vert liggande flat på sida. Unge dyr til og med to-års alder er mest utsett, og det er truleg ein kombinasjon av at desse dyra ikkje har fått opparbeidt seg god immunitet (motstandskraft) mot sjukdomen, samt tannfelling.
Ved tannfelling vert det sår i munnen som blir ein inngangsport for bakterien. Første symptom er ofte endring av oppførsel med nedsett matlyst, og fôrrestar og spytt i munnvik. Etterkvart kan vi sjå lammelsar i hovud, svelg, hengande øyre, og skeiv hovudhaldning. Gradvis vert det sterkare symtom der sauen går i ring og har vanskar med å stå, og blir liggande med krampar. Nokre dyr viser ikkje typiske teikn på nerveskade. Desse blir sløve, og vert ståande å sture med senka hovud eller pressar det mot veggen. Slike tilfelle er vanskeleg å skilje frå mjølkefeber eller fosterforgiftning (ketose). Denne formen for listeriose førekjem som oftast hjå høgdrektige søyer. Smitte direkte frå dyr til dyr er har truleg lita betydning ved denne sjukdommen. Det er ofte nyttelaust med behandling av listeriose. Sjukdomen kan føre til store tap av dyr. Difor er det viktig å redusere risikoen for utbrot i buskapen.
Smitten kjem frå dårleg surfôr
Dyra blir smitta gjennom surfôr av dårleg kvalitet, og bakterien finst nesten overalt i naturen. Det er spesielt mykje av han i sauegjødsel og i jord i område der det har gått sau på beite. Den viktigaste smitten for sau er difor surfôr som er forureina med jord eller sauegjødsel. Mengd bakteriar i fôret og immunforsvaret til det enkelte dyret har betydning for om det oppstår sjukdom.
Listeriabakterien er svært robust, og blir oppformeira med tilgang til oksygen. Den toler låge pH-verdiar, og kan vekse heilt ned til pH 5,0. Den veks raskare med aukande temperatur og pH. Bakteriene kan dermed finnast i store mengder i surfôr som er dårleg konservert, medan dei i liten grad er i stand til å overleve i tørrhøy.

Viktige grunnlag blir lagt i ensileringsprosessen.
Slik reduserer du faren for forureina grovfôr:
- Unngå sauegjødsel på eng som skal haustast til grovfôr. Dersom sauegjødsel blir brukt på eng, er det viktig med god vassinnblanding, og nedbør ved spreiing slik at det ikkje vert liggande på graset og kjem med i surfôret ved hausting.
- Stubbehøgda bør vere minst 10 cm, og ta særlege omsyn ved mykje regn.
- Dersom det er mogleg, så lag høy som kan brukast i periodar eller til unge dyr.
- Ved bruk av fordekk er det viktig med god tilrettelegging slik at det ikkje vert for mykje fôrsøl på bakken. Slike fôrrester blir lett tilgrisa av jord og gjødsel, og vert dermed ein smitterisiko. Unngå / fjern forurensa fôr.
Slik reduserer du oppformeiring av bakteriene:
- For å hindre oppformeiring i fôret, er det viktig med låg pH, har pakking og god tildekking for unngå lufttilgang. God fortørking er bra då det gjev bedre gjæring. Bruk av syrehaldig ensileringsmiddel senkar pH raskt.
- Det er viktig å handtere rundballane forsiktig ved transport, og bruke nok plast. Mugg, mørk farge, vond lukt, sleip konsistens på fôret eller varme er teikn på feilgjæring og dårleg kvalitet på grovfôret. Slik fôr skal kastast.
- Bruk tørrhøy til påsettlam og gimrar i dei mest utsette vintermånedane vil vere ein fordel, medan surfôr kan brukast til eldre dyr som har betre immunitet, samt i periodar der sjukdomsrisikoen er lågare.
Dersom det oppstår sjukdom med listeriose i buskapen, betyr det stort sett at fleire dyr har fått i seg bakteriar. Det er då viktig å redusere stressnivået mest mogleg, og unngå alle endringar som er mogleg å unngå.