Kalkomsetnaden i Norge har stige jamt og trutt siste 15 åra; Mattilsynet sin statistikk viser at det vart omsett 137 000 tonn kalk til jordbruket i 2011 og 270 000 tonn i 2023.
Tala omfattar bergverkskalk. Det finst ikkje omsetningstal for skjelsand, men vi veit at mange stader langs kysten er skjelsand eit populært kalkingsmiddel.
Optimal pH i jord – kvifor?
Kva som er rett pH i jorda vil variere med jordtype og vokster. Til grasdyrking vil tilrådd pH i jord varierer mellom 5,5 til vel 6. Myrjord og moldrik jord har lågast pH-optimum, medan leirjord krev høgast pH. Vedlikehaldskalking med jamne mellomrom syter for at jorda har ideell pH-verdi.
Rett pH-verdi er viktig for fleire prosessar i jord:
- Tilgang og opptak av plantenæringsstoff – gunstig mineralbalanse i graset
- God jordstruktur og dermed betre rotutvikling og drenering
- Sådde grasartar og kløver vil konkurrere betre mot ugras
- Rikt jordliv
- God utnytting av gjødsel
- Nitrogenfiksering
Kalktypar og kalkverdi
Grovkalk eller grovdolomitt er dei mest vanlege kalktypane til grasproduksjon. Salsstatistikken for desse kalktypane syner ei positiv trend, men etterslepet er stort. Forhandlarane av kalk har ofte kalkvogner til leige når du handlar kalk, eller ein kan leige kalkspreiing med entreprenør.
På Vestlandet er skjelsand ein mykje brukt kalk, og den kan spreiast med kalkvogn eller med ein skjelsandspreiar produsert av Moi.
Både frå bergverkskalk (grovkalk) og skjelsand kjem pH-auken frå tilførsle av kalsiumkarbonat (CaCO3), men grunna ulik kornstorleik og løysingsevne er effekten, målt som kalkverdi etter 1 og 5 år, ulik. Grovkalk og grovdolomitt har høgare kalkverdi både etter 1 og 5 år enn skjelsand, men skjelsanden som vert levert på Vestlandet kjem ofte gunstig ut når ein ser pris mot kalkverdi.

Anders overflatekalkar med skjelsand
Mjølkebonde Anders Hopland og dei andre bøndene i ytre delar av Fjaler kommune i Sunnfjord har fleire gonger tinga eit heilt båtlass med skjelsand (500-600 m3) frå Roslagen Chartering AS, som leverer sålda skjelsand 0-4 mm med kalkverdi 32/37. Båten vert tømd på kaia i bygda og alle har kort transport til gards.
Anders køyrer ut skjelsanden med ein «Moi-spreiar». Tørre periodar om hausten eller frostperiodar vinterstid er gode spreietidspunkt. Dette gjev skjelsanden tid til å «sette seg» i enga og ikkje bli med inn att i fôret ved hausting. Anders har berre gode erfaringar med dette. Målet er å vedlikehaldskalke kvart 5. år i tillegg til at han kalkar i open åker i attleggsåret. Sidan skjelsanden er såpass rimeleg i innkjøp har han alltid eit visst lager liggande på garden. Då er det råd å hive seg rundt når vêret tillèt det.
Jordanalysane viser at Anders sin kalkingsstrategi fungerer fint. Han har skifte med svært moldrike jordtypar og ein del nydyrka areal der toppsjiktet er ei sandjord heilt utan organisk innhald. pH-verdiane ligg i området 5,5 til litt over 6. Noko leigeareal, som hadde svært låg pH i jorda, vart overflatekalka med grovdolomitt for å få ei rask pH-heving og tilførsel av magnesium.
Rimeleg pris levert kai, kort transport til gards og eige spreieutstyr er hovudargumenta Anders nemner for at han i hovudsak nyttar skjelsand. Han klarer i gjennomsnitt 3-4 lass i timen.
Forsking bekreftar at rett pH gir avlingsrespons
Kalking i åker er den mest vanlege kalkingsmetoden, men mange stader med lite åkerareal og mykje langvarig eng vert kalken tilført utan nedmolding, slik som hos Anders Hopland. Forskingsresultat frå 90-talet i regi av NIBIO viser at kalking i eng hevar pH-verdien i sjiktet 0-5 cm raskt. I regnrike strok kom responsen på kalking i sjiktet 10-20 cm i det andre forsøksåret, medan det tok fire år før pH endra seg i dette sjiktet i tørrare område.
Forskarane Gustav Fystro og Anne Kjersti Bakken skriv at det ikkje var avlingsauke etter kalking første forsøksåret, men i dei tre neste åra vart årsavlingane høgare med enn utan overflatekalking. Størst avlingsrespons vart registrert der pH-verdien i matjordsjiktet var under 5,3. Planteopptaket av dei viktige makrominerala kalsium, magnesium og fosfor auka etter kalking.

Kalk og klima
Kalking reduserer òg utsleppa av metan og lystgass frå jorda, slik at jorda totalt sett slepp ut mindre klimagassar. Det er kjende jordlivs-prosessar bak omdanninga av lystgass til nitrogengass som bør ha pH 6 eller høgre for å fungera optimalt.
CO2-utsleppa varierer meir, då kalkinga generelt betrar tilhøva for jordlivet. Dette hjelper rotveksten og dei organismane som bind karbon, men hjelper òg nedbrytarane som et opp molda. Kven som er mest hjelpne vil variere.
Dette er særleg viktig i torvjord, sidan ho berre er organisk materiale. Kalking av torvjord risikerer å auka utsleppa og myrsvinnet. Dette gjeld ikkje all torvjord, men me kan diverre ikkje spå kva myrar som responderer negativt på kalking i dag. Den positive kalkeffekten på redusert utslepp av lystgass og metan overgår stort sett den negative effekten av auka CO2-utslepp.
Jordstruktur og rotutvikling
Ein god jordstruktur er eit samspel mellom jordlivet og jordpartiklane. Når kalkinga betrar tilhøva for jordlivet – både mikroorganismar, planterøter og smådyr – er det enklare for dei å betra strukturen, samstundes som kalsium-ionet i seg sjølv kan verka stukturdannande mellom jordaggregata.
Når pH er for låg, og særleg når han er under 5,5, har aluminiumet i jorda lett for å løysa seg i jordvæska. Det er mykje aluminium i det meste av mineraljord, og det er giftig for det meste av jordlivet og kulturplantane våre. Sidan det er mindre aluminium i torvjord enn i mineraljord, toler ein òg ei noko lægre pH i torvjorda. Dette er ein viktig grunn til at kalking hjelper på rotutviklinga, at det fjernar giftige stoff frå jordmiljøet.
I tillegg er kalsium i seg sjølv eit viktig strukturdannande grunnstoff. Kalsium ligg føre som Ca2+ i jord, og kan difor «bruka» ein pluss til å halda fast i ein leirpartikkel på eine sida, og den andre plussen til å halda fast i ein annan partikkel på hi sida. Ladningsstyrken og storleiken av kalsium-ionet gjer òg at jorda i større grad klumpar seg til stabile aggregat. Dette gjer det enklare for at meitemakk-gangar eller rotkanalar kan halda seg, sjølv etter at meitemakken eller rota er vekke.


