Nøkkeltal frå Jæren Rekneskapslag 2023 viser at i sauehaldet utgjer kostnadar knytt til fôring rundt 80% av dei variable kostnadane. Dersom ein samanliknar bøndene med 30% høgast dekningsbidrag per søye utan tilskot mot bøndene med 30% lågast dekningsbidrag per søye utan tilskot så har dei ein differanse på ca. 300kr i kostnadar forbunde med fôring per søye. Rundt halvparten av differansen utgjer kostnadar til kraftfôr. Det understrekar at det hjå mange bønder er eit potensial til å auka lønnsemda i sauehaldet gjennom ei meir strategisk og målretta fôring.


Kva treng sauen

Sauen må ha grovfôr med ulike kvalitetar til ulike periodar av året, behovet for energi, protein og fiber varierar mykje. Vi må alltid ha eit fôr med høg hygienisk kvalitet! Utan mugg og jord. Rett pH og ikkje for høgt ammioniakk eller syreinnhald (mjølkesyre, eddiksyre og propionsyre) og lite smørsyre.

Kor mykje grovfôr sauen et avhengig av fiberinnhald (NDF), gjæringskvalitet og kor smakleg fôret er. Dei vaksne et kring 1-1,5 kg TS/dag, medan påsettlam et om lag 60% av det ein vaksen sau et. Dette kjem av storleiken på dyret. Små raser et mindre. Max kapasitet til eit vakse dyr er 3,5 kg ts eller 1400 gr NDF. (Ref. F. Avdem, Nortura.)

Frå hausten av er målet å få søyene opp i hold 3,5 før paring, og halde dei der fram til lamming. Dette betyr at vi må vurdere dyra ved innsett og har dei for dårleg hold da, må vi fôre noko sterkare før paring. Veit vi av erfaring at høstbeite er svakt, bør vi vurdere å sette inn dyra noko tidlegare og få dei opp i hold før vi startar paringa. Sterk fôring i paringa (auke i energi) kan gje flush effekt og vi kan få uønska mange lam. Viss dyra er kome opp i hold før vi startar paringa, vil vi unngå denne effekten. Det tar tid å bygge hold.

Gjennom vinteren (i lågdrektighetsperioden) er det berre vedlikehald for dei vaksne. Påsettlam (livlam) og gimrer (2åringane) skal vekse i tillegg, dermed får vi omlag same behovet for alle gruppene gjennom vinteren. Vedlikehaldsbehovet til eit dyr på 90 kg = vedlikehald + tilvekst for eit dyr på 50 kg.

• Energi (FEm) -> 1/dag

• Protein (PBV, AAT) -> 78/dag

• Fiber (NDF) -> over 40%. Kan takle ned mot 30%

• Mineral og Vitamin -> Nok

Om 1-1,5 kg ts/dag av grovfôret dekker behovet for dei vaksne, vil påsettlam og gimrer med å ete 60-80 % av samen mengde/ kvalitet, dekke 60-80% av sitt behov pr dag med grovfôret. For å dekkje resten av dagsbehovet til påsettlamma kan dei få 0,4 FEm/ med kraftfôr(40% av dagsbehovet), og tilsvarande for gimrene: 0,3 FEm (20-30% av dagsbehovet).

Vi kan òg ha ein strategi med eit grovfôr av betre kvalitet og da ha ein enno meir restriktiv fôring av dei vaksne, og det er gimrene som dekker behovet sitt med grovfôret. Eksempel med eit vinterfôr med ein kvalitet på 0,85 FEm/ kg ts vil eit opptak på 1,2 kg fôr til gimrene tilsvare behovet deira med ca 1,0 FEm pr dag. Med restriktiv fôring må ein hugse at dyra også skal trøye seg og kjenne seg mette, dermed er det viktig at dei har nok grovfôr desse drøvtyggarane.

Kvalitet lammingsfor1

Opptrapping fram mot lamming

6 veker før lamming startar vi førebuinga. No aukar fôrbehovet da fostra veks mykje, og dei skal førebu seg på mjølking. Alle bør no få eit betre grovfôr enn vinterfôret. Å produsere eit godt lammingsfôr som rekk frå 6 veker før lamming til utslepp er det viktigaste vi kan gjere i grovôrproduksjonen. Vi anbefaler å ta ut fôrprøve inkl. mineraler av det ein tenkjer å bruke som lammingsfôr, her er det viktig å ha godt nok fôr, og vete kva ein gjer. Ein klarer å auke opptaket frå 1 FEm/ dag til 1,6 FEm/ dag med eit godt grovfôr til vaksne dyr. Dette held til vekst og fosterproduksjon hjå vaksne søyer dei siste seks vekene før lamming med to lam. Sjå tabell under.

Norm fram mot lamming

Viktig å hugse på i denne perioden:

  • Godt grovfôr!!
  • Endring i fôrmidler skal skje i starten på denne perioden
  • Gradvis endring / opptrapping!!
  • Tilleggsbehov for fostertilvekst aukar, men det er mindre plass i bukhula til grovfôr, -vurdere kraftfôr
  • Vurdere HOLDET
  • Påsettlam – og gimrer, kraftfôr som før (3-400 gr kraftfôr)
  • OBS 1 foster kan bli stort om mora får mykje kraftfôr
  • Unngå STRESS: Dyra er utsatt for ketose (lite energi) og mjølkefeber (lite Ca) i denne perioden.
  • Dyra treng meire plass!


Etter lamming

Etter lamming kan grovfôropptaket auke frå 1,5kg ts til 2kg ts og oppover. Dette må vi utnytte. Med eit godt grovfôr får vi til ein høg grovfôrandel også denne perioden. (Tabellen under er satt opp ut i frå ønska tilvekst på lam hjå NKS.)

Behov for energi
Behov for energi og protein til mjølkeproduksjon til søyer på innefôring de første ukene etter lamming, i tillegg til vedlikeholdsbehovene. Tabell etter Finn Avdem, Nortura

Vårbeite

Om dyra ikkje er inne for lenge, vil det bli mindre utfordring med fôringa. Å få dyra ut på eit godt vårbeite er det beste for sauer med stor mjøkeproduksjon. Dyrkamark og kulturbeiter som er godt stelt og eventuelt gjødsla, vil ha god nok kvalitet til sauer med lam. Ein reknar om lag 1 sau med lam pr daa eng på våren. På kulturbeiter må ein rekne noko større areal pr. tekse. Eng som skal beitast bør gjødslast ved vekststart. Å vente med vårgjødslinga til etter avslutta vårbeite vil sinke veksten og redusere avlingane til slått. Passeleg mengde med nitrogen om våren vil vere mellom 3 og 5 kg N per daa. For sterk gjødsling kan medføre fare for graskrampe og/eller nitrat-forgiftning. Jordart og jordprøver bestemmer kor mykje kalium og fosfor ein bør tilføre i tillegg.

Treng du hjelp til fôrplan eller strategi for grovfôrproduksjon din? Vi i NLR ar alltid klar for ein saueprat!

Sau inne i fjos Foto Torhild S Mjoen
Foto: Torhild S. Mjøen