Gjødslingstidspunkt

Husdyrgjødsla skal brukast fyrst og fremst i åpen åker, der ho skal moldast ned straks etter speiing. Slik bruk gjev god sikkerheit mot tap av næringsstoff. Fast husdyrgjødsel og gjødsel frå høner med svert mykje strø og pelsdyrgjødsel bør normalt moldast ned.

Resten av gjødsla sprer ein på eng om våren eller like etter 1. slåtten. Husdyrgjødsla bør spreiast fyrst i vekstsesongen når plantane byrjar å ha bruk for næringa, når graset er 5-10 cm høgt og jorda er lagleg å kjøre på. Det er ein fordel at plantane er fuktige når gjødsla vert spredd, da vil gjødselrestar lettare bli skyldt av med regn eller vatning. Har ein moglegheit for å vatne bør dette gjerast rett etter spreiing for at plantane skal bli vaska reine og for å redusere ammoniakkfordampinga.

Etter 1.slåtten bør ein spre husdyrgjødsla så snart ein kan, og helst ikkje seinare enn ca1.august for å få nytta næringa i denne vekstsesongen. Er all husdyrgjødsla spredd før 10.august kan ein søkje tilskot for dette.

Blautgjødsel bør ein ikkje spre i sterk solskinn, vind og ved høg temperatur. Ein kan da få store tap av spesielt nitrogen, og sviskade på plantene. I slike situasjonar bør ein spreie gjødsla om natta.

Ein må spre gylle og blautgjødsel med omtanke for naboar. Det er serleg i periodar med vind, da utstyr som sprer høgt kan gje stor avdrift.

Spar 1.års enga

Jorda vert ofte oppgjødsla i attlegget, og ein har difor mindre att for å nytte husdyrgjødsel på 1.års enga. Fersk eng har svakt rotsystem, og når dette vert kombinert med bratt jord, bør ein unngå møkk-kjøring. Ellers er erfaringa at når ein sprer husdyrgjødsla på enga får ein for lite møkk å spre på all enga.

Gjødslingsmengder

Forrådsgjødsling i attlegget og overdosering gjev ei usikker gjødseleffekt. Ved årleg overdosering må ein rekne med at all næringa i overskotsgjødsla går tapt. Det er sikrast å gjødsle i høve til det plantene treng kvar år. Målet vert å tilfredsstille enga sine krav til P og K i form av husdyrgjødsel, slik at vi i praksis kan supplere hovedsakleg med nitrogen i handelsgjødsel til næringskravet er dekt. Som oftast vil det vere nok å gjødsle med 2-3 tonn møkk /daa per slått når ein supplerer med nitrogengjødsel. Vi vil ikkje anbefale å gjødsle med meire enn 3 tonn på ein gong, (gjødsel med 6% ts), dette kan gje møkkrestar i fôret, og for høgt innhald av K med fare for graskrampe. Tilslamming av jorda er eit anna problem med for mykje møkk, spesielt på myr og anna tett jord.

Smittefare

I husdyrgjødsel finst det ofte smitte av ulike parasittar. Desse har ulik evne til å overleve ute i det fri. Nokre døyr etter kort tid, medan andre lever i fleire år. Ein bør derfor ikkje spre husdyrgjødsel på areal der dyr skal beite dersom det ikkje er naudsynt. Husdyrgjødsel på beite kan òg føre til redusert smaklegheit og fôropptak.

Det vil vere lite fare for smitte av parasittar i fôr som er hausta, da til dømes smitte av innvollsorm frå storfe og sau vil vere døde etter om lag tre veker i surfôr. Spolorm frå gris kan leve i minst to månadar i slikt fôr, noko som tilseier at ein ikkje bør fôre med ferskt surfôr frå grasareal gjødsla med grisemøkk. Grisemøkk bør ein vere forsiktig med, av di spolorm kan overleve i det fri i mange år. Det same gjeld for møkk frå pelsdyr som har spolorm som er enda meire aggressiv. Spolormegg kan overleve i jord i opp til 5 år. Dette må ein tenkje på serleg når ein produserar rotvekster. Om ein fôrar med slike rotvekster utan vasking først, kan dyra få i seg store mengder spolormegg. Parasittar er svake for varme og ammoniakkpåvirkning. Dei vert derfor sterkt redusert ved kompostering av gjødsla enten det er i blaut eller tørr gjødsel.

Fôrkvalitet

Av dei målbare parametrene er det undersøkt om gjødsling med husdyrgjødsel på eng verkar annleis på PBV i fôret enn tilsvarande handelsgjødsel. Som konklusjon på dette kan ein seie at der er mengda tilgjengeleg nitrogen som bestemmer proteinverdiane. Det er ikkje skilnad mellom møkk og handelsgjødsel der tilgangen er like stor. Det som er den usikre variabelen her er kor mykje av det tilførte nitrogenet i husdyrgjødsla er tilgjengeleg. Dette avheng av til dømes klima under og etter spreiing av husdyrgjødsla.

Sporer i fôret

Sporedannande smørsyrebakteriar i mjølk vert ikkje drepne ved pasteurisering og skapar problem i kvitostystinga. Smørsyrebakteriane brukar energi til å bryte ned protein til -> smørsyre+CO2+HO2+ enzymer som bryt ned proteiner til NH3. Sporane er kvilesporar, noko som gjer at desse bakteriane kan overleve i svert ekstreme omgjevnadar, dei kan til og med overleve koking. Kvilesporane vert danna når smørsyrebakteriane vert utsett for ugunstige levevilkår. Dei trivst der det er fuktig og litt høg pH. Anaerob.

Sporene kjem inn i fjøset for det meste med fôret. Kva kan ein så gjere for å minske dette problemet.

  1. Unngå å få jord inn i silo og rundball! Pickup og river må ikkje grave i jorda, still dei høgare! Møkka ligg på jordoverflata, og det skal vi ikkje ha med inn!
  2. Stubbehøgda skal vere 7-8 cm over bakken. Antal bakteriar avtek oppover plantane.
  3. Sterk fortørking reduserer faren for desse anaerobe bakteriane, men faren for mugg, varmgang osb aukar. Vi finn ikkje slike sporer i godt tørka høyVed bruk av møkk på enga: = større risiko!
  • Bruk gylle, dvs blande inn vatn, di meir vatn di betre
  • Bruk moderate mengder 1,5-3 tonn/daa (6% ts), er gjødsla gylle kan du auke mengda tilsvarande vassmengda,
  • Nedbør/vatning Vatn med 10-12 millimeter etter spreiing. Møkka må ikkje få høve til å tørke inn på plantedelane. Nedbør under og etter spreiing har same effekt.
  • Spredetid/høstetidspunkt: Spre så tidleg som mogleg om våren, (unngå jordpakking). Spre så snart som mogleg etter slåtten. De lengre tid, di færre sporar er det i graset ved høsting. > 6 veker.
  • Innhaustingsveret: Problem i fuktig ver, men òg i svært tørre og støvfulle forhold.!!
  • Ikkje sprei på blaut moldjord og på
  1. Bruk nok ensileringsmiddel, av eit middel som senker pH raskt, da ein rask senking av pH hindrar danninga av smørsyre. > 4,2/ 4,1.

Ei god fortørking krev ei rask innlegging og god kutting, for å unngå dei andre problema, med denne metoden. MEN, smørsyrebakteriane er temperaturavhengige, noko som kan føre til auka problem når ein fortørkar.

Syrehaldige middel er effektive til å få ned pH raskt.

DEN BESTE FORSIKRINGA MOT SPORAR I MJØLK ER EIT GODT ARBEID I FJØSET.

Tommelfingerregler om Husdyrgjødsel på eng

Spre møkka fyrst i vekstsesongen for å få utnytta fosfor- og kalium-innhaldet mest mogleg.

Graset skal vere 5-10 cm om våren (så snart jorda er lagleg)

Spre så raskt som mogleg etter slåtten, bland gjerne inn pressaft.

Ikkje spre møkka seinare enn ca1.august

Bruk ikkje meire enn 2-3 tonn blautgjødsel per dekar til kvar slått. Maks 1 tonn viss ein gjødsler før beiting.

4-5 tonn per dekar per år gjev ofte nok fosfor og kalium til plantene, suppler med nitrogengjødsel.

Nyttar ein møkk berre til ein slått, må ein supplere med fullgjødsel til neste slått

Ikkje spre i sterk solskinn, vind og ved høg temperatur

Rør godt og spre jamnt

Utnyttinga er best når ein blandar ut gjødsla med vatn 1:1 (Gylle).

Vatne enga rett etter spreiing med blautgjødsel

Spar 1.års enga, spre på 2.års- og eldre eng

Ver forsiktig med spreiing av møkk på beite

Ta omsyn til naboar !

Litteratur