Fordelen med det kalde og fuktige vêret vi har hatt er god busking, og mange har teke stor avling på førsteslåtten. All ugrassprøyting set ned avlinga i større eller mindre grad. I tillegg kan ugraset bidra til avlingsmengda. For den som ligg godt an med fôrmengda kan difor dette vere året for ein ekstra innsats mot ugraset.
Det ideelle stadiet for å sprøyte rotugraset er når det har fått ein stor bladrosett. Sprøyting for tidleg etter slått vil gi dårleg effekt på rotsystemet. Sprøyting når det nærmar seg blomstring og frøsetting vil og gi dårleg effekt.
For mange er høymole hovedutfordringa. Da er Flurostar 200 eller Tomahawk 200 EC det beste valget. Desse er også veldig gode mot løvetann og vassarve. Starane XL er også eit godt alternativ, men inneheld litt mindre virksomt stoff og kan gi dårlegare effekt ved vanskelege forhold eller stort ugras. Desse midla tek all kløveren. Vil du ta vare på kløveren er Gratil 75 WG og Harmony 50 SX dei einaste alternativa. Desse har jamt over litt svakare/kortvarig effekt og set avlinga meir tilbake. Det siste gjeld særleg Harmony 50 SX.
Har du andre utfordringar enn høymole må du kanskje velje andre middel, eller blande for å få ønska effekt. Mot hundekjeks er Harmony 50 SX det beste. Mekoprop er det beste mot stor vassarve. Den er også best mot engsoleie. Har du derimot krypsoleie er MCPA (Agroxone/Duplosan Max/Metaxon) best. Duplosan Super tek det aller meste, men her er ulempa lang behandlingsfrist og forholdsvis stiv pris.
Viser elles til NLR sin planteverntabell for gjenlegg, eng og beite. Ta gjerne kontakt med lokal rådgjevar for ein gjennomgang av ugrasfloraen og råd om plantevern.