
Fôring alt frå tidleg fosterstadiet spelar inn på kor vidt ein får påsettlamma drektige. Likevel kan mykje leggjast til rette med godt stell utover hausten.
Hausten nærmar seg, noko som betyr ei travel tid for sauebonden. Avlsdyr skal veljast ut og eit fåtal går gjennom nålauga. Lamming ved eit års alder gir kortare generasjonsintervall og dermed raskare avlsframgang. Det er også vist å gi større livsavdrått enn om ein ventar til dei er to år gamle. Likevel kan det å få lam i dei første året vere ei utfordring.
Påsettlamma har normalt kortare og færre brunstsyklusar enn ei vaksen søye. Ofte kan brunsten være svak, eller «stille» brunst, som betyr at dei er i brunst men står ikkje for vêren. Då det er vanleg med få brunstsyklusar kan nokre av lamma vere ferdig og gå ut av syklus før paringa startar, andre lam rekk ikkje å komme i syklus deira første paringssesong. Tomme dyr kan også skuldast problem med vêren, befruktningsvanskar eller tidleg fosterdød. Mykje kan løysast med god drift, då er det ein fordel å vite kva faktorar som påverkar pubertet og brunst hjå lamma.
Reduserande daglengde
Frå naturleg seleksjon har sauen tilpassa seg til å lamme på det mest gunstige tidspunktet i året. Dermed, når daglengda vert kortare og temperaturen lågare vil søya reagere på dette, og hormonelle reaksjonar vil dra i gang brunstsyklusen.
- Ha god luftsirkulasjon i husdyrrommet, og ha lyset på kunn når nødvendig
Vêreffekt
Synet og lukta av ein vêr stimulera til auka hormon utskiljing, som igjen verkar positivt på brunstsyklusen.
- Introduser vêren ei stund før paringa startar. Første brunsten til påsettlamma er ofte “stille”. Slepp ein vêren ved parinsstart er det ikkje sikkert påsettlamma når sin andre brunst før paringa er ferdig.

Vekt og hald
Utvikling av reproduksjonsorgana startar tidleg i fosterstadiet. Underfôring av søya i drektigheitstida har vist å gi dårlegare utvikling av dei hormonelle kjertlane til lammet, som igjen har vist å vere negativt for brunst. Frå fødsel veks reproduksjonsorgana parallelt med resten av kroppen fram til lammet er kommen i pubertet. Eit stort lam vil dermed vere betre rusta til å gjennomføre drektigheit enn eit lite. Ei rekke forsøk visar at store lam har høgare sannsyn for å komme i brunst deira første haust enn små lam. Vanlegvis brukar ein 65% av vaksenvekt som eit anslag på når dei når sin første brunst. Det vil likevel vere forskjell mellom rasar og mellom individ innanfor same rase.
Reproduksjon er ein krevjande prosess, er individet i dårleg hald og dermed dårleg rusta for å ta vare på seg sjølv og sitt avkom vil dette sende signal til kroppen om å unngå drektigheit.
- Riktig hald på 3 - 3,5 fremmar pubertet og brunst hjå påsettlammet.
Samstundes er det viktig med nok tilførsel av energi, protein, vitamin og mineral i og rundt paringa som elles av året.
Stress
Hyppig eller langvarig stress har fleire negative konsekvensar for husdyr, og kan blant anna påverke reproduksjonseigenskapar hjå søya. Påsettlam er ekstra utsett for stress knyta til menneskeleg handtering. Dette då dei manglar positiv erfaring over tid. Forsøk har vist at rolegare dyr har jamnare og meir tydlege brunstar. I flokken finn ein også sosialt stress, der eldre dominante søyer kan føre til eit sosialt stress hjå påsettlam, noko som påverka brunståtferda deira negativt.
- Grupper påsettlamma for seg sjølv, helst utan kontakt frå dominante søyer
- Unngå for mykje handtering, isolasjon frå andre dyr, og/eller varme og kuldestress
Alle dei nemnde faktorane verkar på sin måte inn på hormon produksjonen. Eit lam som tapar seg på haustbeite og med det endar i dårleg hald vil kunne vere nok til å gi ein negativ effekt på brunst, sjølv om lammet er stort. Med bakgrunn i denne informasjonen er det viktig å ta godt vare på påsettlamma utover hausten med gode beiter og/eller godt grovfôr. Ikkje vent for lenge med å sette dei inn!