Kan auka fôrstyrke ved paring gi fleire drektige påsettlam?
Hausten 2023 var det gjennomført eit feltforsøk knyta til masteroppgåva mi ved NMBU. Bakgrunnen for oppgåva var at fleire produsentar slit med å få påsettlamma drektige. Totalt sju produsentar og 232 påsettlam (Norsk kvit sau) var med i forsøket.
Påsettlamma var delt i to grupper hjå kvar produsent. Ei gruppe var fôra etter dagens tilråding (omlag 1,0 FEm per lam per dag), og ei gruppe omlag 0,3 FEm høgare. Dyra var apetittfôra på grovfôr (med fôranalyse). Kraftfôr var gåve til begge grupper, og det var her ein fekk styrt skilnaden i fôringsstyrke.
Forsøksfôringa starta i snitt 14 dagar før paringstart og varte gjennom paringa (32 dagar). Fosterteljing vart brukt som resultat om dyra var drektig eller tom. Fostertal og tilvekst var også undersøkt.
Effekt av fôrstyrke
Før forsøkstart var påsettlamma jamt fordelt etter vekt. Etter paring var ei ny vekt registrert hjå påsettlamma. Figur 1 syner vektending i forsøksperioden mellom dei to fôringsgruppene. Den sterkare fôringa (oransj strek) gav høgare vekt ved forsøkslutt.

Tabell 1 syner skilnaden i tilvekst, andel tomme og fostertal mellom dei to fôringsgruppene. Den ekstra fôrstyrken gav ei høgare tilvekst på 21g per dag. Andel tomme var i snitt lågare for gruppa med ekstra fôrstyrke. Variasjonen i tala var her så stor at ein ikkje med sikkerheit kan konkludere dette som ein effekt av sterkare fôring. Fostertal var likt for begge grupper.

Effekt av vekt
For å undersøke vekta sin effekt på resultata, sortera ein vektdata inn i tre grupper (lett, middels og tung). I tabellen under ser ein resultat i tilvekst, andel tomme og fostertal til dei ulike vektgruppene. Dei lette dyra hadde høgast tilvekst, og kan forklarast som kompensasjonsvekst (tar igjen for dårleg tilvekst ved tidlegare livsstadiet, grunna dårleg næringstilgang, sjukdom osv.). Tabellen syner også viktigheita av høg vekt på andel tomme. Tyngre dyr gir større sannsyn for at dei vert drektige.

I dette forsøket var dermed vekt viktigare enn fôringsstyrke. Liknande forsøk i utlandet har vist at fôringsstyrke ved paring er særs viktig. I dei forsøka har derimot fôrstyrken for den eine gruppa vore mykje lågare enn kva den var i dette forsøket. Ein kan med det tenkjast at dagens norske fôringsråd er gode nok (her trengs vidare undersøkingar).
Sterkare fôring gav høgare tilvekst, og lette lam respondera best på fôringa. Då tyngre lam gav større sannsyn for drektigheit, vil det vere gunstig å fôre dei lette påsettlamma ekstra godt frå eit tidlegare stadie enn kva som var gjort i dette forsøket.
Andre faktorar som er knyta til brunst hjå påsettlam, og som kan ha påverka forsøkresultata kan lesast om i: Brunstproblem hjå påsettlam | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)