
Vert: Ottar Endresen, Helleland
Føremål
Undersøkje effekten av to ulike plantevernmiddel på frøplanter og etablerte planter av revebjelle.
Forsøksplan
Resultat
Sprøyting på etablerte planter
Etablerte planter vart talt og høgda vart målt 11. juli. Feltet vart sprøyta same dagen. Bra temperatur (om lag 20 oC på dagtid) ved sprøyting og dei første dagane etterpå. Ikkje regn dei første 3-4 dagane.
Plantehøgde ved sprøyting | Starane XL | Mekoprop | ||
Tal planter/rosettar | Tal planter/rosettar | |||
cm | Før Sprøyting | Etter sprøyting 25. sept | Før Sprøyting | Etter sprøyting 25. sept |
0-10 | 0 | 4 | 1 | 0 |
11-20 | 10* | 5 | 3 | 0 |
21-30 | 9** | 2 | 6 | 0 |
31-40 | 5*** | 0 | 2 | 0 |
41-50 | 5**** | 0 | 1 | 0 |
51-60 | 4 | 0 | 0 | 0 |
61-70 | 3***** | 0 | 0 | 0 |
71-80 | 0 | 0 | 1 | 0 |
81-90 | 0 | 0 | 1 | 0 |
91-100 | 1 | 0 | 0 | 0 |
SUM | 37 | 11 | 15 | 0 |
"stjerne" * betyr at planter frå desse "plantehøgdene" var i live ved registreringa i september.
Sprøyting med Starane XL
Plantestorleiken varierte med sprøyting, frå 10 cm til 93 cm høgde. Om lag 1/3 av plantene hadde utvikla knopp/blomst. Resten hadde berre blad eller begynnande stengelstrekking.
Kommentar til tabellen over:
* Tre planter / rosettar (11-21 cm) har truleg overlevd. Ei av dei var fleir smårosettar på same rot i juli, men i september var der berre ei plante på 20 cm med ein del visne blad rundt. Ei plante var om lag like stor i september som i juli. Ei var svakt redusert, men eit nytt lite skot hadde kome igjen.
** Tre planter / rosettar (21-30 cm) har truleg overlevd. I september var ei av plantene cm 30 cm. Dei to andre plantene var ca 10 cm. Truleg nye skot frå "halvdaud" rot.
*** Ei plante /rosett (31-40 cm) har truleg overlevd. I september var det ein del daude blad/stilk rundt plante, men det hadde kome fleire nye skot frå same rota.
**** Ei plante/rosett (41-50 cm) hadde utvikla blomst ved sprøyting i juli. Daude blad7stilk i september, men nytt skot på 4 cm frå same rota. (?).
***** Alle tre planter hadde utvikla blomst ved sprøyting i juli. Alle har fått ein knekk etter sprøytinga og hadde i september mykje visne blad/stilk. På to av dei hadde det utvikla seg fleire nye smårosettar frå same rot. Plantene var 10-20 cm høge i september.
2,5 mnd etter sprøyting med Starane XL var tal revebjelleplanter redusert med 70%
Sprøyting med mekoprop
Plantestorleiken varierte ved sprøyting, frå 9 cm til 82 cm høge. Ca 20% av plantene hadde utvikla knopp/blomst. Ved registrering 2,5 mnd etter sprøyting med mekoprop fann ein ingen overlevande revebjelleplanter.
Sprøyting på frøplanter
Sprøyting på frøplanter 11. juli gav dette resultatet:
% dekking | Frekvens | |||
Før sprøyting 11. juli | Etter sprøyting 25. sept | Før sprøyting 11. juli | Etter sprøyting 25. sept | |
Starane XL | 38 | 5 | 9 | 3 |
Mekoprop | 17 | 0 | 7 | 0 |
Ved sprøyting i juli var plantene frå knøttsmå og opp til 9 cm. Dei fleste var 0-4 cm høge. Det var flest "store" planter der det vart sprøyta med Starane XL.
2,5 mnd etter sprøyting med Starane XL varr mengda av frøplanter redusert med 85-90%.
Der mekoprop var brukt var reduksjonen 100%, Dvs ingen levande planter vart funne.
Diskusjon
Mekoprop var ved denne utprøvinga effektiv både mot frøplanter og etablerte planter av revebjelle.
Starane XL var ikkje så effektiv. Det vart brukt høgare dosering enn tilrådd. Det kan ha verka negativt på opptaket i-, og verknaden på plantene. Dei aller fleste av plantene bar preg av sprøyteskade. Men nye skot, nokre stader opp til fleire skot, såg ut som hadde vakse opp igjen frå den gamle rota.
Ein del planter var det sprøyting langt komne med stengelen/blomst. For optimal effekt bør ein normalt sprøyte på yngre planter på bladstadiet/begynnande stengelstrekking.