Me kan sjå attende på ein mild vinter, mest utan snø i lågare strok her vest. Klimaforskarane er sameinte om at vi er midt inne i endring av klimaet, og at dette er menneskeskapt. Vi går mot eit varmare, våtare og villare vær.

For oss i landbruket er vær og klima grunnleggjande for drifta vår. Eit godt klima for oss er eit stabilt klima der våren kjem når han skal og været elles er noko lunde i gjenge. Langvarige tørke- eller nedbørsperiodar i vekstsesongen er øydeleggande for både avling og kvalitet. Mildare klima kan auka faren for at nye dyre- og plantesjukdomar kan etablera seg. Flaum, ras og sterk vind kan koma oftare. På den positive sida kan lengre vekstsesong auka avlingane våre, og vi kan prøve nye og meir varmekrevjande kulturar.

Kan vi sjå ein utvikling i lokale klimaregistreringar?

På Sør-Vestlandet har NIBIO etablert 5 målestasjonar, som bl.a. måler nedbør og temperatur. Særheim og Landvik vart etablert i 1987, Hjelmeland i 1991 og Lyngdal og Etne i 1995/96.

Både nedbør og temperatur varierer frå år til år. For å sjå ein trend i utvikling brukar Metrologisk Institutt 30-års middel. Vi har ikkje så lange måleseriar, og i denne artikkelen har vi difor brukt 10-års middel. Under har vi sett opp diagram som viser desse for sommarnedbør (sum nedbør frå april til og med oktober) og gjennomsnittstemperatur i same tidsperiode. Alle stasjonane på Agder, i Rogaland og i Etne, viser ei utvikling mot våtare somrar. I Agder vert somrane også varmare. Det gjer dei også på Særheim og i Etne, men i mindre grad på Hjelmeland.

Sum nedbor april oktober Rogaland
Sum nedbør frå april til og med oktober aukar på Sørvestlandet. Trendlina antydar så mykje som 150 mm meir no enn for 20 år sidan.
Sum nedbor april oktober Agder
På Agder aukar sommarnedbøren, men ikkje så sterkt som lengre vest, men kanskje opp mot 70 mm meir sist i perioden enn først.
Middeltemperatur Rogaland
Gjennomsnittleg sommartemperatur viser liten ending når vi ser på gjennomsnittet på dei tre stasjonane. Ser vi på enkeltstasjonane vert det litt varmare somrar på Særheim og i Etne, liten endring på Hjelmeland.
Middeltemperatur Agder
På Agder vert somrane varmare.

Tidlegare 1. slått?

Varmare vær skulle resultere i tidlegare 1. slått. Eng hausta ved ca. 600 døgngrader vil gje eit middels energirikt fôr. I perioden 2000 til 2009 måtte ein då i middel hauste graset 1. juni. I den siste 10-års perioden, hadde rett slåttedato vore to dagar tidlegare, - 30. mai. Denne datoen er sjølvsagt usikker. Vekststart varierer mellom år. I utrekninga over har vi hatt 1. mars som start alle år. Is i jorda ved vekststart vil truleg forseinke utviklinga i graset, samanlikna med vekststart etter ein mild vinter utan tele.

Vi har også prøvd å sjå på tal gråværsdagar, dagar med nedbør over 0,2 mm. Dette varierer også sterkt mellom år, men her klarer vi ikkje å sjå nokon trend. Det kan kanskje peika mot meir intens nedbør når det kjem nedbør?

XXII 21006
Bilda over er tatt tilnærma på same plass, men med 44 års mellomrom. Ein konsekvens av at somrane vert lengre og varmare, er at skogen, som vist på bildet over, trekkjer oppover. Det er rekna ut at skoggrensa nå klatrar om lag ein høgdemeter i året.
20241019 133725
Bilda over er tatt tilnærma på same plass, men med 44 års mellomrom. Ein konsekvens av at somrane vert lengre og varmare, er at skogen, som vist på bildet over, trekkjer oppover. Det er rekna ut at skoggrensa nå klatrar om lag ein høgdemeter i året.