Ta kontakt med rådgivar om du ynskjer besøk og vurdering!
Enno er det tidleg å svartmåle situasjonen, men det eg trur vi kan slå fast, er at spesielt fleirårig raigras er meir eller mindre svekka dei fleste stader. Raigras er den grasarten som er mest utsett for vinterskade. Vi har sett dette ute i felt og i samband med grastorver som er tekne inn i varmen for sjekk av overleving.
Naturleg utvikling i retning 3 slåttar
Vekstsesongane har stadig blitt lengre. Andreslåtten blir ofte teken i juli månad. Då er det framleis mykje att av sommaren, og 3 slåttar har tvinga seg fram. I hovudsak har timoteibaserte frøblandingar vore det mest vanlege. Så har det blitt 3 slåttar også på denne typen eng. Dette medfører tidleg utgang av timotei, og såleis rask svekking av enga med behov for oftare fornying for å halde oppe avlingsnivået.
Såleis har det vore ei rett og naturleg utvikling at det blir brukt meir og meir frøblandingar som skal tole 3 slåttar. Grasartar som strandsvingel, fleirårig raigras, raisvingel og hundegras er alle grasartar som fleire har blitt meir kjent med. Alle desse har svært rask og stor gjenvekstevne og bør haustast minst 3 gonger i sesongen.
Ikkje i «pose og sekk»
Vi får aldri ein grasart som toler 3 slåttar, har god kvalitet, toler alle vintrar og som hjorten ikkje likar…. Timoteien er det mest smaklege graset, toler overvintring, men ikkje 3 slåttar. Raigras har god kvalitet, toler godt 3 slåttar, men har usikker overvintringsevne. Strandsvingel toler godt 3 slåttar og toler overvintring betre enn raigras. Etablerer seg noko seint i attlegg og er mindre eigna til isåing enn raigras. Raisvingel toler også godt 3 slåttar og har overvintringsevne ein stad mellom raigras og strandsvingel. Hundegras toler godt overvintring og 3 slåttar, men kan ha litt meir tvilsam fôrkvalitet.

Aktuelle tiltak
Situasjonen vil ikkje vere lik for alle gardsbruk. Det er ulikt omfang av bruk av raigras og ulikt omfang av vinterskade. Det mest dramatiske tiltaket er full fornying med tradisjonelt attlegg. Førebels er det for tidleg å konkludere med kvar dette er einaste løysinga. Vi ser nærmare på isåing i eksisterande eng utan å gå nærmare inn på typar såmaskiner. Såmetode er ikkje avgjerande. For å lukkast med isåing er det viktig med råme i jorda og tromling etter såing, for god jordkontakt. Bruk av tynn husdyrgjødsel etter såing. Det er også ei kjennsgjerning at raigras er klart lettast å få tilslag med ved isåing i eng. Strandsvingel er tregare å etablere både som isåing i eng og i attlegg.
Isåing i forholdsvis ny eng
Dersom enga er ganske ny og skulle ha ei viss framtid, er det freistande å så inn nytt gras for å tette enga. Då er fleirårig raigras klart enklast å få til. Du vil ikkje få særleg nytte av dette raigraset før tidlegast på 2. og 3. slått. Spesielt neste år (etter ein mild og fin vinter) vil dette vere på topp. Kløver kan òg vere aktuelt å så inn i eng. Kløver er ganske lett å etablere ved denne metoden.
Mange vil nok bli freista til å bruke ei frøblanding også ved isåing. Raigraset i ei slik blanding vil nok slå til, men det andre vil ofte bli meir tvilsamt.
Isåing i eldre eng
Dersom enga er svekka frå før og gjerne stod for tur til fornying, kan det vere aktuelt å så inn eittårig raigras i denne. Det vil kunne gje god avlingsauke i enga sitt siste leveår, men det eittårige raigraset vil vere daudt neste vår. Då er det mest aktuelt med full fornying, eller kanskje ta denne alt i år? Dette vil vere avhengig av kor mykje anna attlegg du har planlagt frå før.
Frøblandingar til «tradisjonell» 2-slåtts-eng
I slike attlegg bør du så meir eller mindre timotei. Ikkje bruk blandingar med strandsvingel/raigras/raisvingel/hundegras. Då står vi igjen med t.d. desse:
Frå FKA (Sør-Noreg):
Spire Surfôr normal (slått)
Spire Surfôr/beite normal
Frå Strand Unikorn (Sør-Noreg):
Strand nr 14 (slått)
Strand nr 13 (slått/beite)
Tilsvarande blandingar finst også utan kløver.
Frøblandingar til 3-slåtts-eng
Det kan vere lurt å bruke ei blanding med litt timotei som bidreg med avlig og kvalitet dei første par åra.
Frå FKA:
- Spire Surfôr/beite Stabil (NY!): 15 % timotei, 10 % engsvingel, 15 % engrapp, 50 % strandsvingel, 10 % kvitkløver.
- Spire Surfôr/beite Vestland («Vestlandsblandinga»): 35 % timotei, 10 % engsvingel, 15 % engrapp, 10 % raigras, 10 % raisvingel, 15 % strandsvingel, 5 % kvitkløver.
- Spire Surfôr Fiber: 10 % timotei, 70 % strandsvingel, 10 % raigras, 10 % raudkløver.
- Spire 100, 90 og 60 : Tala betyr prosent innhald av raigras
Frå Strand Unikorn:
- Strand nr 20: 40 % hundegras, 20 % engsvingel, 10 % strandsvingel, 10 % raigras, 10 % raudkløver, 10 % kvitkløver.
- Strand nr 22: 25 % timotei, 50 % strandsvingel, 10 % raigras, 15 % raud-/kvitkløver.
- Strand nr 23: 90 % raigras.
- Strand nr 24: 25 % timotei, 45 % strandsvingel, 10 % engrapp, 10 % luserne, 10 % raudkløver.
- Strand nr 27: 25 % raisvingel, 45 % strandsvingel, 10 % engsvingel, 10 % engrapp, 10 % kvitkløver.


I tillegg til blandingane som er nemnt her, så finst det fleire. Det finst ikkje fasitsvar på kva du bør velje. Fleire er forholdsvis like. Det er også aktuelt å blande nokre av desse.
Dersom du ynskjer meir inngåande rådgiving i samband med tiltak i vår og val av såfrø, så ta kontakt med ein av grovfôrrådgivarane i NLR.
Du finn dei her: Medarbeidere | Norsk Landbruksrådgiving
Bestill Engsjekken her: Bestillingsskjema NLR Engsjekken
Såfrø frå Felleskjøpet Agri:
Såfrø fra Felleskjøpet | Felleskjøpet.no
Såfrø frå Strand Unikorn: https://plantekultur.no/savarer/froblandinger-til-alle-formal/spesialblandinger
Såfrø frå Felleskjøpet Rogaland Agder: https://bedrift.bondekompaniet.no/plantekultur/savarer/jordbruksfro


