For dei fleste er nok ikkje det den vanlegaste ferien, og for nokon få er det framleis tradisjon å vere på stølen om sommaren, der ein tek vare på dyr og held liv i gamle driftsmåtar.

Stølskultur– frå livsgrunnlag til val

Seterkulturen har lange røter i Noreg og har vore ein viktig del av landbruket i hundrevis av år. På 1800-talet fanst det truleg over 100 000 stølar i drift. Stølane var avgjerande for å kunne utnytte fjellbeite og sikre vinterfôr. Buferda til fjells var ein årleg rytme, og stølsdrifta var ein integrert del av fjellandbruket. I dag finst det berre rundt 750-900 aktive stølar i landet, med flest i Innlandet, Valdres, og delar av Vestland

LA Rausmesdalen 25 5
I gong: Lena Abel, artikkelforfattaren, i gong med mjølkinga.

Rausmesdalen og livet på stølen

Eg budde på hytta til Sogn Jord- og Hagebruksskule, som ligg om lag 1000 meter over havet i Rausmesdalen – ein frodig og bratt sidedal til Aurlandsdalen i Aurland kommune. Her passa eg geitene til skulen, som er Noregs einaste heiløkologiske vidaregåande skule med utdanning innan naturbruk og berekraftig landbruk. Stølen ligg i
eit landskap der fjella står tette og høge, og der skodda ofte ligg som eit mjukt lok over toppane. Rausmesdalen har vore brukt som beiteområde i fleire hundre år og har eit rikt planteliv, og fjellbeita gir smør og ost ein karakteristisk raudgul farge. Bratte lier, brusande elvar, grøne beite og små, sildrande bekkar gjer dalen til eit paradis for dyr som trivst i ulendt terreng – nett slik geita gjer.

LA Rausmesdalen 25 2
Aktivt område: Rausmesdalen, ein vakker sidedal til Aurlandsdalen. Aurland kommune har fleire aktive stølsområde der tradisjonell stølsdrift med beitedyr og lokal matproduksjon blir halde i hevd som ein viktig del av kulturlandskapet og reiselivet.

Geita – meir enn berre sta

– Geiter er plagsame dyr, og sau er mykje enklare å ha med å gjere, seier du? Det er nok mange meiner det. Geiter er ikkje berre kloke – dei er også oppfinnsame, og det kan vere utfordrande. Samtidig er dei sosiale, livlege og nysgjerrige. Dei vil vere der det skjer, og knyter seg til menneske som møter dei med tillit. Eg synest geita er eit fascinerande dyr! Ho stammar frå villgeiter i Asia og Midtausten, og har gjennom tusenvis av år tilpassa seg eit liv i flokk. Geiter er meistrar i å utnytte utmarka – dei finn mat der få andre beitedyr klarer seg. I fjellet et dei gras, urter, lauv og bark, og held landskapet ope og levande.

LA Rausmesdalen 25 3
Idyll: Geitene nyt solstrålane etter ei lang regnfull tid – endeleg kikka sola fram!

Morgonrutinar og mjølking i fjellheimen

Dagane starta tidleg med ein fjelltur for å hente geitene. Deretter byrja mjølkinga i det enkle, men velfungerande oppsettet på støylen: Ein liten bygning som fungerte som ly og fjøs, og ein ombygd container med mjølketank og vask. Vatnet kom frå elva, og ein varmtvasstank dekte det mest nødvendige. Mjølkinga gjekk føre seg i ein dyrehengar med heimesnikra innreiing – eit overraskande effektivt system. Elleve geiter vart mjølka om gongen på to spann, og heile flokken var ferdig på om lag ein time. Etterpå vart alt utstyr vaska grundig til neste økt. Kveldsstellet gjekk raskare, sidan geitene heldt seg nær støylen. Mjølka vart henta av Tine kvar tredje dag, og av og til leverte eg til ysteriet på Sogn Jord- og Hagebruksskule, der ho blir brukt til ost og andre velsmakande produkt for gardsbutikken. Kvar dag blei det sett av tid til kos, og geitene lærte fort kven eg var. Etter ei stund kom dei fleste då eg ropte – då kjende eg meg som ei ekte budeie! Det var noko heilt spesielt å sjå heile flokken kome springande mot meg i regnet – og regn vart det mykje av. Men då regnet låg som eit slør over fjellsidene, og dampen steig frå bakken medan geitene stod og togg drøv i ly for vinden, då kjende eg ei ro ein sjeldan opplever i kvardagen.

LA Rausmesdalen 25 4
Bratt er best: Geiter (og Lena) trivst best i ulendt terreng der dei kan klatre, hoppe og utforske.

Smaken av geitemjølk– før og no

Dagens høgdepunkt: Å mjølke ein skvett geitemjølk rett i kaffikoppen – ferskare blir det ikkje! – Æsj, geitemjølk! seier du? Geitemjølk har lenge hatt rykte for å smake “fjås”–stramt, syrleg og beisk– og mange har rynka på nasen av den karakteristiske smaken som før var vanleg i norsk geitemjølk. I dag er dette stort sett historie, takka vere betre dyrehelse, målretta avl og sanering. Trur du meg ikkje? Ta ein smakstest! Fersk geitemjølk frå friske dyr og god handtering er no så mild og nøytral at mange ikkje kjenner skilnad på kumjølk og geitemjølk. Eg klarte til og med å lure far min til å drikke geitemjølk – og han merka ingenting før eg fortalde det!

LA Rausmesdalen 25 7
Frå tåka: Geitene stig fram frå morgontåka, nysgjerrige og klare for mjølking.

Eit stølsliv å ta med seg vidare

Tidleg i september starta avsininga. No, i slutten av oktober, går geitene framleis fritt og beitar i fjellet – ofte mykje lenger enn sauene. Dei er hardføre og tilpassingsdyktige, og ser ut til å trivast best nett der fjellet er brattast. Når eg no tenkjer tilbake på desse vekene, forstår eg kor mykje eg nok ein gong lærte –om tolmod, rytme og nærleik til naturen. Geiter kan lære oss mykje om det sosiale samhaldet, både mellom dyr og mellom menneske og dyr. Dette samhaldet er noko av det mest verdfulle vi har. Spør du meg er stølsdrift og bruk av utmarksressursar med ulike beitedyr ikkje berre ein tradisjon, men ein nøkkel til berekraftig landbruk, biologisk mangfald og levande bygder. Korleis framtida for stølane og dei verdfulle utmarksressursane våre ser ut, vil avhenge av dei vala vi tek som samfunn – ikkje minst dei politiske prioriteringane. Skal vi ha levande stølskultur og god bruk av fjellbeite i åra som kjem, må vi satse på dei beitedyra, menneska og landskapa som held denne tradisjonen i live. Vi treng fleire, ikkje færre beitedyr!

Eg reiste heim med litt blaute fjellstøvlar og eit stort smil – og smaken av fersk geitemjølk framleis i munnen. Med ny respekt for dei kloke, morosame og trufaste geitene – og for alle beitedyr som, saman med eigarane sine, held kulturlandskapet vårt levande.

Norsk mjølkegeit

Norsk mjølkegeit er den dominerande geiterasen i Noreg, med om lag 38 000 mjølkegeiter.
LA Rausmesdalen 25 6
Mjølking: Morgonmjølking i regn: geitene skundar seg inn, for vått vêr er dei slett ikkje glade i.