For å få god effekt mot kveke og andre rotugras er det viktig at ugraset har kome så langt at transporten av næring går ned i rota. For kveke skjer dette rundt 4-bladstadiet. Sprøyter ein før dette stadiet tek ein ikkje knekken på rotsystemet. Dersom ein skal slå eller beite gjenveksten etter andreslått ser vi ofte at ein ikkje rekk å få stor nok gjenvekst til topp effekt mot kveka. Ulempa med å brakke alt no er at det kan spire tunrapp, vassarve og andre ugras utover hausten. For den som skal pløye har det lite å seie, men ved redusert jordarbeiding til våren kan ein risikere ei ny sprøyting før ein jordarbeider.

Andre fordelar er med brakking no er at torva får god tid til å løyse seg opp og jordarbeidinga til våren blir lettare. Skal ein vente på at kveka har mange nok blad om våren kjem ein ofte godt ut i mai før ein kan brakke og taper tid i våronna.

Kveke 4blad
Små kvekeplanter hentar næring frå rotsystemet. Kveka må ha 4-5 blad for at transporten skal gå ned i rota.

Ulike glyfosatprodukt har ulik dosering. Les etiketten. 300-400 ml/daa er vanleg dose mot gras. Glyfosat er ikkje spesielt godt mot ein del fleirårige rotugras som høymole, hundekjeks og krypsoleie. Da må ein auke mengda glyfosat eller blande inn middel som er gode mot desse ugrasa. Det kan vere Tomahawk (lov ut august), Cleave/Starane XL (gode mot høymole), Harmony 50 SX (god mot hundekjeks) eller Agroxone/Duplosan Max/Metaxon (god mot krypsoleie). Husk å sjekke kva ugras eventuelle blandingspartnerar er gode eller dårlege mot. Ved blanding av glyfosat og middel som inneheld fenoksysyrer (Agroxone/Duplosan Max, Metaxon, Duplosan Meko/Nufarm mekoprop, Duplosan Super) har enkelte forsøk vist litt dårlegare effekt enn midla brukt kvar for seg.