Vi har erfaring for at ved brakking av areal, der det også er krypsoleie, høymole eller hundekjeks i enga, så held det ikkje med «vanleg» dosering av glyfosat. Det er råd å auke dosen, men det kan vere like aktuelt å blande inn eit middel som verkar godt på rotugrasa som glyfosat ikkje verkar godt nok på ved normal dose. Dette er kanskje ein omstridt metode, men den fungerer.

Viktig ved tankblanding av glyfosat og MCPA!
Tankblanding av Roundup Dynamic, Roundup Ultra/Roundup Flex 500 og t.d. MCPA skal gjerast i rett rekkefølge for å unngå problem med koagulering av midla i tanken:
- Fyll tanken heilt med vatn (den totale vassmengda som skal brukast).
- Tilsett Roundup-produktet og sørg for omrøring.
- Tilsett MCPA-produktet (Agroxone, Duplosan Max eller Metaxon) eller andre middel til sist under omrøring.
OBS: Brukar du Roundup PowerMax-granulat, så er det under punkt 2 viktig at ALLE granulata er oppløyst. Ver tolmodig og la omrøringa køyre i 5 minutt, så du er sikker på at alt er oppløyst.
Utfordringar med tankblanding kan også gjelde andre fenoksysyre-preparat (mekoprop-p, 2,4 D, diklorprop). Tomahawk/Flurostar (fluroksypyr) og Starane XL (fluroksypyr + florasulam) er ikkje fenoksysyrer og kan oppføre seg annleis i tankblanding. Bayer kjenner ikkje til at det er problematisk å blande desse med glyfosat. For sikkerheits skuld kan du sjølvsagt blande inn også desse etter at sprøyta er fylt med vatn og glyfosat, under omrøring.
