Bakgrunn

Det blir utarbeidd ein prognose for faren for angrep av rognebærmøll kvart år og varsla dyrkarane via Rognebærmøllvarsling - VIPSWeb, samt i nyheitsbreva frå NLR. For å gjera ei grov vurdering av faren for angrep, vart det denne sesongen henta inn rognekvistar for framdriving for å sjå omfanget av blomeknopp rundt påsketider. Prognosen tyda på at angrepsfaren for rognebærmøll i eple var liten, og dette vart bekrefta då varselet for 2024 vart klart i VIPS.

Forsøksplan

I samarbeid med NIBIO vart det hengt ut tiltrekkjande feller for rognebærmøll i eit felt. Feltet har tidlegare fått store angrep av rognebærmøll. I 2022 var det stor innflyging av rognebærmøll og ¼ av epla hadde angrep av rognebærmøll ved hausting.

Fellene har ein dispenser med planteluktstoff, kalla kairomon, som tiltrekk rognebærmøll av båe kjønn i nærleiken (bilde 1). Kairomonfeller kan gi nyttig lokal informasjon om når rognebærmøllen dukkar opp i eplefelta.

Kairomonfelle med duftstoff i dispensar som tiltrekker seg rognebaermoll Gaute Myren
Bilde 1: Kairomonfelle med duftstoff i dispensar som tiltrekker seg rognebærmøll i nærleiken. Møllen setter seg fast på et limark i bunnen av fellehuset. Foto: Gaute Myren

10 feller vart hengd opp i kanten og inne i kvart fruktfelt. Det var i år også undersøkt fangst i blanke feller i motsetnad til dei tradisjonelle kvite fellene med gule limplater. Alle fellene vart sjekka for møll ein gong i veka.

Fellefangst i kairomonfeller

Blomstringsdato for rogn var 20. mai, som er 12 dagar tidlegere enn fjordåret i Øvre Eiker. Rognebærmøllen startar å leggje egg om lag 320 døgngrader etter blomstring i rogn, som er berekna til ca 10, juni. Fellene vart hengt ut i god tid før beregna egglegging, 30. mai (ca 180 døgngrader etter blomstringa av rogn). Klekking av rognebærmøllegga startar 556 døgngrader etter full blom i fylgje dagens varslingsmodell. Fellene hang oppe til det hadde passert 1100 døgngrader.

Det var ingen fellefangst i fellene.

Skadeomfang

Feltet hadde fått haglskade, men det har ikkje påverka skaderegisteringa. 300 tilfeldige eple vart hausta der fellene var lokalisert. Det ble skjært i epla med mistanke om innvendig larvegnag. Eple med gnagskade utan innvendige symptom har blitt klassifisert som seint gnagskade av larve eller anna insekt.

Det var ingen skade i eplene av rognebærmøll. Det var heller ikke funn av eplevikler. Et av eplene (0,3 %) hadde skade av liten fruktvikler. Derimot var det mye stikk av nøttesnutebille som vanligvis lager skade i hasselnøtter i skogen. Det var totalt 9 epler (3 %) med nøttebilleskade.

Diskusjon og konklusjon 

Prognosen om angrep (vips-landbruk.no) frå overvakinga av villrogn stemte med det som skjedde i eplefelta. Rognebærmøll er framleis den viktigaste skadegjeraren i eple i Norge. Overvaking og tiltak i angrepsåra er heilt nødvendig.