Innflyginga i eplehagane vart registeret i alle fruktdistrikt, men berre Austlandet er omtalt vidare. Prognosen om angrep (vips-landbruk.no) frå overvakinga av villrogn stemte med det som skjedde i eplefelta. Det er tendensar til seinare innflyging i eplefelt enn det tidlegare kunnskap har vist. Det er også registrert enkelte eple som har alle symptom på skade av rognebærmøll utan at det er larveskade inni eplet.
Det hender at rognebærmøllen ikkje lagar typiske skader. Det verkar som enkelte av larvene startar å ete seg innover eplekarta, men dør undervegs. Ein får då typisk skade utanpå eplet med eit lite krater, eplesaftflekk og eit stikk. Inni eplet er det ikkje vidare slynggangar. Det kan være forvirrande for dyrkar å finne slike skader og i nokre felt er omfanget stort.
Diffuse epleskader vart plukka av fleire eplesortar, bla ‘Aroma’, ‘Eden’ og ‘Fryd’. Den utvendige skaden var tydelig nok, men av ca 50 undersøkte eple av NIBIO var innvendig skade liten. Berre 6 % hadde klare innvendige skadesymptom, sjølv om alle epla er angrepet av rognebærmøll.
Skadeomfang
Det er plukka ut 25 eple tilfeldig pr tre. Totalt er det sjekka 300 eple frå kvart av felta. Registreringa vart gjort ved rett haustetid av sorten. Det ble skjært i epla med mistanke om innvendig larvegnag. Eple med gnagskade utan innvendige symptom har blitt klassifisert som sein gnagskade av larve eller anna insekt.

Grafen under (figur 3) viser sjekk av 300 eple i feltet i Hyggen. Det er gradert for ulike insektsskadar, både utanpå og innvendige larver. Symptom på bladlusskade er eple med unormal størrelse og oppsvulma beger.

Totalt er det 7 eple, eller 2,34 %, med rognebærmøllskade når ein legg saman sikker og usikker skade.
Grafen under (figur 4) viser sjekk av 300 eple i felt Lier.

Totalt er det 1 eple, eller 0,33 %, med rognebærmøllskade når ein legg saman sikker og usikker skade.
Utfrå skadeomfanget i de to felta med kairomonfeller, vart det sprøyta med Coragen til rett tid for rognebærmøllbekjemping, ca 21.-23. juni.

Skaderegistering Økofelt
Det vart skaderegistert tilsvarande i eit økologisk eplefelt. Det var ikkje kairomonfeller i feltet, men det er sprøyta gjentatte gonger med olje/såpe mot rognebærmøll. Det har i tillegg vore nytta Turex 50 WG mot larver og Madex Top mot epleviklar.
Grafen under (figur 5) viser sjekk av 300 eple i Rygge. Det er gradert for ulike insektsskadar både utanpå og innvendige larver. Symptom på bladlusskade er eple med unormal størrelse og oppsvulma beger.
Det var ingen eple som var skadd av rognebærmøll.

Kairomonfeller for rognebærmøll er viktig for å overvake og vite når møllen kjem inn i eplefelt. Det kan sjå ut som innflyginga i eplefelt er seinare enn tidlegare kunnskap skulle tilseie. Innflyginga er over ein periode på 30 dagar og mykje lenger enn det varslingssystemet for rognebærmøll har lagt opp til. Det kan hende at bekjempingstidspunktet må være nærmare klekking for å unngå seine angrep av rognebærmøll. I dei tre felta som er skaderegistert for insektskade, er det likevel minimal skade av rognebærmøll, slik at bekjemping med økologiske midlar (olje/såpe) og Coragen ser ut til å være tilfredsstillande. I andre felt er det rapportert om skader trass bekjemping til rett tid.

Konklusjon
Prognosen om angrep (vips-landbruk.no) frå overvakinga av villrogn stemte med det som skjedde i eplefelta. Rognebærmøll er framleis den viktigaste skadegjeraren i eple i Norge. Overvaking kvart einaste år er heilt nødvendig for å kunne sette inn tiltak til rett tid i angrepsår. Bekjemping med Coragen eller olje/såpe ser ut til å verke godt nok i de undersøkte forsøksfelta.


