To demonstrasjonsfelt i Klepp

Særleg for økologisk kraftfôr har det dei siste åra vore stor prisauke, og i eit økologisk driftsopplegg kan dyrking av eige fôrkorn vera økonomisk interessant. I tillegg er kretsløpstankegang viktig i økologisk drift. Vi har eit potensiale som bør utnyttast for å auke andelen av norskprodusert kraftfôr.

I mange tilfelle kan ugrasbekjemping vera den største utfordringa i dyrking av økologisk korn. Vi har difor demonstrert ulike tiltak mot ugras i korndyrking hos to feltvertar i Klepp kommune. Prosjektet starta i 2024 og skal halde fram i 2025. Registreringane er støtta med midlar frå Landbruksdirektoratet.

Kornsort, såtid, og ugrasharving

Forsøksplan for demonstrasjonsfelta vart sett opp etter ønske om å undersøke effekt på ugras av såtid, kornsort og ugrasharving.

Jordarbeiding og gjødsling vart utført av vertane. Felta vart gjødsla med 4-5 tonn vassblanda storfegjødsel. Felta vart sådde med NLR sin forsøkssåmaskin og tromla etter såing ved feltvert.

Såmengder for 2-rads bygg av sorten Fairytail var 22 kg/daa og for 6-rads bygg sort Bredo var 20 kg/daa.

Vi hadde to såtidspunkt. Tidleg såtidspunkt var 8. mai 2024. Etter såing tromla feltvert. Det regna godt dagen etter såing. Det vart berre denne eine dagen med regn, og varmt og tørt etterpå. Seint såtidspunkt var 16. mai. Det var varmt og tørt etter såing.

Ugrasharving vart utført på to ulike tidspunkt. Første tidspunkt var som blindharving før kornet spirte. Neste tidspunkt var på kornet sitt 3-4-bladstadie. Vi telde ugras for å vurdere effekt av berre blindharving i høve til effekt av både blindharving og harving på 3-4 blad-stadiet.

2024 05 31 ugrasharv 3blad sein sa Foto Ane
31. mai er rutene med 6-radsbygg lenger komme enn rutene med 2-radsbygg. Foto: Ane Harestad

Resultat

Ugras

Det var effekt på tal ugras av såtidspunkt og ugrasharving. Såing 8. mai gav meir ugras enn såing 16. mai. Det er grunn til å tru at det seinaste såtidspunktet har gitt betre spiring av kornet og betre effekt av skugge mot ugraset.

Vi registrerte færre ugras med to harvetidspunkt i høve til eitt harvetidspunkt. Harving på 3-4-bladstadiet kan vera tøft for kornet, og ein del korn kan gå ut etter harving. Det kan difor vera aktuelt å auke såmengda med nokre kg når det er planlagt harving på dette stadiet. Alternativt kan ein berre blindharve sjølv om effekten på ugras kan bli mindre.

Siste harvetidspunkt var 3. juni på 3-bladstadiet. Kornet fekk tøff behandling. Foto: Ane Harestad
Siste harvetidspunkt var 3. juni på 3-bladstadiet. Kornet fekk tøff behandling. Foto: Ane Harestad

Høgast avling av 6-rads bygg

I Rogaland kan det vera aktuelt å dyrke både 2-rads og 6-radsbygg. 2-radsbygg har seinast spiring om våren og krev lengst vekstsesong. Vi registrerte høgast avling av 6-rads bygg. Det var sikker skilnad i avling mellom 2-rads og 6-radsbygg.

Vi skal halde fram med registreringar i økologisk korndyrking i 2025.