I denne saka samarbeider NLR og Bondelaget med Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF) om høyringssvaret.

Den planlagde ordninga vil einast omfatte traktorar som har konstruktiv hastigheit større enn 40 km/t, og som blir brukte litt eller mykje til andre ting enn landbruksarbeid.

Det betyr at om du køyrer 50 km/t-traktor og driv litt grøfterensk med åttetonnar og dumperhengar, så vil du vere omfatta. Det same om du har 50 km/t-traktor og køyrer ei lita brøyterode, eller om du køyrer anlegg døgnet rundt med Fastrac.

Traktorar som berre blir brukte i landbruk vil vere unntatt frå kravet om PKK. Det same gjeld alle som har 40 km/t eller lågare som toppfart.

Mobile kontrollar er ok

Sjølve ordninga er fornuftig lagt opp, med tanke på utstyr og gjennomføring. Det er gitt opning for at kontrollane kan utførast mobilt, altså at kontrolløren kjem heim til deg eller annan eigna plass i nærområdet, for å ta kontrollen der.

Den store utfordringa i denne saka er å få på plass ein opplæringsplan, nokon til å gi opplæringa, og lære opp mange nok kontrollørar. Dette vil ta tid og det vil kostnad som verkstadane kan ha vanskar med å få inntening på.

Tidlegast klar til 2023

Maskinbransjen anslår at dei tidlegast kan vere klare til 1. januar 2023. Det er eit optimistisk anslag. Dette kjem nok Vegvesenet og maskinbransjen til å drøfte nærare. Det er viktig å merke seg at endeleg dato for innføring av ordninga ikkje er bestemt.

Eit anna minus med ordninga er at der er få traktorar pr. kontrollør, så det blir få einingar å dele opplæringskostnaden på. Dette, saman med detaljar som mangelen på ein felles kjøretøyteknisk database, gjer at kostnaden pr. kontrollerte traktor truleg blir ein del høgare enn på lastebil. Dessutan er traktoren dyr å flytte på, og det er også servicebilar og mekanikarar. Der er difor ei uro for at kostnaden for å kontrollere ein traktor kan kome på to til tre gongar kostnaden med å kontrollere ein tungbil. Kva konsekvensar det vil få er det vanskeleg å seie noko sikkert om, og det har heller ikkje Statens Vegvesen sett seg inn i.

Vet2 174
Forslaget til periodisk kjøretøykontroll på traktorar vil berre gjelde traktorar som går over 40 km/t, og som blir brukt litt eller mykje til andre ting enn landbruk. Kontrollen skal kunne vere mobil.