IMG 3447
NLR-rådgivarar på pløyekurs. Då blir detaljane grundig analyserte.

Skilnaden på god eller dårleg pløying kan vere mange kroner i ulikt dieselforbruk, og vesentleg skilnad på avling og avlingskvalitet. I mange område av landet er plogen stadig svært aktuell, men skal du pløye: Gjer det ordentleg!

Difor har NLR hatt ein god flokk av rådgivarane sine gjennom eit kurs i det å halde pløyekurs.

– Vi har tatt for oss kva poenget med pløyinga er, vi har sett på grunninnstillingar og finjustering av vendeplog og teigplog, og utveksla erfaringar på kryss og tvers av produksjonar og geografi, fortel Truls Olve Terjesønn Hansen. Saman med Atle Haugnes sto han for undervisninga på pløyekurset. Dei to er nær sagt ploglegender i NLR-systemet.

IMG 3468
Atle Haugnes forklarer, forsøksteknikkar Einar Smågård på Kvithamar siktar, mens Truls Olve Terjesønn Hansen i traktoren held oppsyn med det heile.

Erfaringane som kom fram i møtet viser at det er store skilnader mellom landsdelane og produksjonane, men konklusjonen er uansett at det er god butikk å stille plogen rett. Uansett om plogen er ny eller gammal, og uansett om den er eine eller andre merket. Og rådgivarane er klare til å gjennomføre kurs som er godt tilpassa ulike målgrupper kringom i landet.

– Vi kjem til å legge større trykk på pløyekurs framover, for det har medlemmene våre stor nytte av, forklarer teknikkansvarleg i NLR, Jogeir Agjeld.

– Og om vi ikkje annonserer eit pløyekurs nær deg, er oppfordringa enkel: Sjekk om andre bønder i nærområdet er interesserte, og gi oss beskjed. Vi skal ikkje vere vanskelege å be!

Forma på pløyekurset kan vere litt ulik, alt etter kva deltakarane ynskjer. Mest vanleg er det likevel at nokre, eller alle, av deltakarane stiller med eigen plog, og at dei får justere og fikse på denne til den går fint undervegs i kurset. Om du kjøper ny plog, kan du tinge at ein rådgivar frå NLR kan kome heim til deg og stille inn plogen så den passar til traktoren din.

Teknikkrådgivarar i NLR >

I nokre område gir også andre av rådgivarane våre opplæring i bruk av plog.

Kurs i ployekurs