Frå årsskiftet er ti regionale NLR-einingar blitt til ein landsdekkande organisasjon, Norsk Landbruksrådgiving SA, med seks regionavdelingar, Nord, Midt, Vest, Sør, Østlandet og Innlandet. NLR SA har per i dag 24 000 medlemar.

Våre 370 tilsette skal framleis vere der dei har vore, nær bonden! Du vil framleis ha kontakt med lokalkjend rådgjevar med kontor nær deg. Faglege aktivitetar som markdagar, kurs, fagmøte og forsøkarbeid vil halde fram som i dag, lokalt forankra og i ditt distrikt. I tillegg får du tilgang til å bruke spisskompetanse i heile landet innan ditt fagfelt, uavhengig av kvar i landet du bur.

NLR SA sender no ut faktura for medlemskontingent for 2024. Kontingenten er sett saman av ein grunnkontingent på 1300 kroner og ein arealkontingent. Alle produksjonar som vi tilbyr rådgiving for skal inngå i kontingenten, og grunnlaget for arealkontingent er arealet oppgitt i søknad om produksjonstilskot i føregåande år.

Dette er inkludert i NLR-medlemskapet:

  • NLR-magasinet per post fire gongar årleg
  • Medlemsskriv på e-post, og evt. forsøksmelding og andre utsendingar
  • Vekstnyttmeldinger
  • Invitasjon og deltaking til fagmøter og markdager
  • Webinar
  • Medlemspris på kurs, produkt og tenester
  • Telefon, e-post og SMS-rådgiving

Kontingent og priser >

Dersom du får kontingentfaktura på e-post, vil den komme frå adressa Autoinvoice Faktura. Sjekk søppelpost dersom du ikkje har mottatt fakturaen!

Om det er noko uklart med medlemskapen, om kontingenten er rekna ut frå feil areal, eller om det er feil med namn eller adresse, ber vi om tilbakemelding i kontaktskjema under slik at vi får retta opplysingane.

Kontaktskjema