– Kutt tomgangskøyringa! utbryt Oskar Støre, på spørsmål om beste tips til å redusere dieselbruken.

– Der har eg sjølv synda mykje. Det er jo lettvindt å berre la traktoren gå, men huff så dyrt, når du tenkjer over det. Og ikkje berre går der diesel. Timeteljaren går også, og dermed får du kortare serviceintervall, større verditap, redusert garantitid og dyrare forsikring. Av og til er litt tomgang ok. Det er ikkje snilt å kaldstarte ein traktor og bryte i gang alle funksjonar på direkten i ti minusgrader. Og sjølvsagt, når du koplar reiskap, er det nødvendig at hydraulikken fungerer sjølv om du er ute av setet.

Men dei fleste av oss kan spare mykje på å bruke startnøkkelen litt meir aktivt. Undersøkingar viser traktorar som går ein firedel av timane sine på tomgang. Det er langt forbi det som er fornuftig, konstaterer Oskar Støre. Han er teknikk- og presisjonsrådgivar i Trøndelag, og har bak seg over 20 år som landbruksmaskinentreprenør.

1000004421

Grunnleggande vedlikehald

Gunstein Dyrdal supplerer med eit tips som sikkert er over 100 år gammalt: Pass på vedlikehaldet! Gunstein har mellom anna bakgrunn som produktsjef på New Holland-traktor, han har vore verksmeister og er teknikk- og presisjonsrådgivar i Vestland.

Er luftfilteret tett, må motoren bruke fem prosent meir diesel. Er radiatorane skitne, må kjølevifta jobbe tyngre, og motortemperaturen kan bli høgare enn der den arbeider mest effektivt. Her kan forbruket auke med sju prosent. Nokre minutt med reingjering kvar dag i onna betaler seg godt. Halvgammal olje flyt dårlegare enn fersk olje, og er tyngre å pumpe rundt. Når motoren har mange nok timar, er det fornuftig å justere ventilklaring og innsprøyting. Skittent dieselfilter, slitte dyser og feil på innsprøytinga kan kvar for seg gi fem prosent høgare dieselforbruk.

– Poenget er at motoren må bruke energien sin på det du treng energien til, og ikkje til å bekjempe indre motstand, eller rett og slett sløse. Du brukar fort mange kroner unødvendig diesel viss noko av dette ikkje er i orden, kommenterer Gunstein.

IMG 7658

Oskar følgjer opp med å slå eit slag for vedlikehaldet av reiskapen.

– Det mest innlysande eksempelet er sløve knivar på slåmaskin, presse eller halmkuttar. Alt som skal kutte noko skal vere kvast. På slåmaskina har du den tilleggsgevinsten at gjenveksten blir betre om graset er pent slått og ikkje slitt av. Smøring som reduserer friksjon reduserer også energibehovet. Det same med skåler som går i jorda: Stor diameter rullar lettare enn liten diameter. Å vente med å skifte slitte skåler kan fort koste mykje diesel.

Undersøkingar viser at noko så enkelt som sløve knivar på slåmaskina kan auke effektbehovet med 20 prosent.

Skjermbilde 2024 04 15 kl 09 36 37
Godt vedlikehald syter for at maskina ikkje må arbeide med meir motstand enn naudsynt. Eit tett luftfilter aukar dieselforbruket med fem prosent. Foto: Åsmund Langeland

Rett innstilling kuttar kostnader

Ein feilstilt plog krev meir effekt enn ein korrekt justert plog: For kvar centimeter plogen går djupare enn nødvendig, aukar dieselforbruket med om lag 0,14 liter per dekar. Og enda verre: Er pløgsla ujamn, får du større og tyngre jobb med å slodde og havre og få til eit brukbart sådbed. Eit dårleg såbed gir gjerne lågare kornavling, meir ugras, eller enga får såpass mykje dårlegare kår at du kan hende må fornye eit år eller to tidligare, enn om du hadde gjort jobben skikkeleg med ein gong. Då snakkar vi verkeleg store beløp i unødige kostnader.

– Det er ikkje utan grunn at vi arrangerer pløyekurs. I 2024 har vi har planar om pløyekurs over heile landet. Ta kontakt med næraste rådgivar for å melde di interesse, reklamerer Oskar.

Skjermbilde 2024 04 15 kl 09 44 00
For kvar centimeter djupare plogen går, krevst 0,14 liter diesel per dekar. Foto: Åsmund Langeland

God agronomi reduserer dieselforbruket

Du har brukt like lang tid på å så, gjødsle, drive plantevern, og du skal nå over like stort areal når du haustar – uansett om avlinga er stor eller lita. Einaste skilnaden er at det er større jobb å køyre heim ei stor enn ei lita avling, men det kan du fint leve med. Om god agronomi bidrar til at du haustar 700 kg i staden for 650 kg, er dieselforbruket per kilo om lag 7,7 prosent lågare på beste avlingsnivå.

– Når rekneskapen blir gjort opp, er det jo kostnad per kilo mjølk, kjøtt eller korn som er mest interessant, kommenterer Gunstein.

– Og då må du tenke gjennom heile produksjonskjeden, og korleis du kan lukkast best med agronomien på kvar enkelt teig. Det går på alt frå sortsblandingar som lar enga ligge eit år meir, til korleis du disponerer husdyrgjødsel og om du kan lukkast med redusert jordarbeiding.

Oskar har merka seg at stadig fleire har fått tilgang til lastebiltransport, særleg til transport av husdyrgjødsel og rundballar.

– Det kan i mange tilfeller vere eit klokt tiltak. Har du eit bevisst forhold til dieselforbruk på ulike oppgåver, er det dessutan lettare å vurdere korleis alternativa kjem ut, poengterer han.

God køyreteknikk betaler seg

Også noko så enkelt som korleis du legg opp køyringa på teigen gir utslag på tankmålaren.

– Det klassiske rådet er å køyre på medium turtal, der motoren yter best i forhold til dieselforbruket. Men tenk også godt gjennom korleis du legg opp køyringa: Snur du inne på teigen med full hengar? Har du så trong vendeteig at du må att og fram, eller kan du ha ein slakk U-sving? Køyrer du rette linjer, er det lettare å utnytte full arbeidsbredde. Med ei 3,5 meters slepeslåmaskin i sving skal du sikte godt for å slå breiare enn tre meter. På rett-strekk klarer du lettare å kome opp i allefall 3,3 meter effektiv arbeidsbredde. Det er ti prosent mer effektivt, ti prosent mindre diesel, og ti prosent fortare ferdig ferdig, skisserer Gunstein. Det er ganske vanleg at folk har 20 prosent overlapp. Har du sporfølgar eller autostyring, er det lettare å kutte vesentleg ned på overlappinga. Og dermed sparer du diesel og tid.

På nyare traktorar kan du lese ut forbruket på eit display i traktoren. Det er ikkje dumt å loggføre dette, saman med notering av kva arbeid som er utført. Då kan du lettare sjå om endringane du gjer fører til ei forbetring, og sjå kor det er mest å hente. Det same gjeld om du noterer kor mange liter du fyller. For kva går dieselen eigentleg til? Og kor er det vits å sette inn store og små tiltak?

Dei to rådgivarene er iallefall einige om ein ting: Optimalisering av køyreteknikk, maskinpark og dieselforbruk er steikjande artig å jobbe med. Difor har NLR kurs i økonomisk og miljøriktig traktorkøyring, og dei stiller gjerne opp om du treng råd.