Alle instansar tilrår nå at ein er grundig med å fotografere og dokumentere skadane. Ver nøye med å ta mange bilete som dokumenter heile skaden! Dette er særleg viktig når ein skal søkje erstatning etter naturskadeordninga, men også ved søknad om tilskot ved produksjonssvikt eller når ein skal melde skade til forsikringsselskapet.

Rådgivarar frå NLR Innlandet kan bli med ut på jordet for å vurdere om graset kan haustast til fôr, eller om det bør kasserast. Vi kan også ta prøver av hausta fôr for å vurdere om det kan brukast til dyra. Det er viktig å ikkje bruke fôr som dyra blir sjuke av, men heller vurdere å søkje erstatning for avlingstapet.

Vi kan hjelpe til med å sende inn søknadar mv. dersom du ikkje får naudsynt hjelp på landbrukskontoret. Vi kan vere med og rekne ut om du har det fôret du treng for vinteren, eller om det er naudsynt å kjøpe inn meir fôr. Vi har også HMS-rådgivarar som kan gje råd og hjelp dersom du eller andre opplever at det har blitt ein krisesituasjon. HMS | NLR Innlandet

Naturskadeordninga

Sjå Naturskadeerstatning etter "Hans" - Landbruksdirektoratet

Ordninga forvaltast av Landbruksdirektoratet og ein skal søkje via Altinn. Ordninga er særleg aktuell når det gjeld

  • Skade på vegar
  • Skade på jordbruks- og skogbruksareal etter ras og erosjon
  • Opprydding av kvist, søppel mv. på oversvømt areal

Ordninga gjeld ikkje ting som kunne ha vore forsikra gjennom vanleg forsikring. Pass på å dokumentere skaden grundig med bilder og sørg for å skaffe anbod for kva ei gjenoppretting vil koste, før du startar utbetringsarbeid!

For kostnadar under 50 000 kr, kan ein lage oppsett for tilbakeføringskonstnadar sjølv. Mellom 50 000 kr og 200 000 kr må ein hente inn eitt anbod frå entreprenør med ansvarsrett. Over 200 000 kr må ein hente inn to anbod, og over 500 000 kr, vil Landbruksdirektoratet i tillegg bestille takst frå eigne takstmenn. For skadar over 50 000 kr, må arbeidet gjerast av ekstern entreprenør for å bli godkjent. Søk råd på landbrukskontoret eller direkte til Landbruksdirektoratet.

Søknadsfrist er 3 månader etter skaden.

Tilskot ved produksjonssvikt

Sjå Tilskudd ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjonen | Statsforvalteren i Innlandet

Ordninga forvaltast av kommunen og Statsforvaltaren. Etter ekstremveret er ordninga særleg aktuell når det gjeld

  • Areal som har blitt overfløymd og ikkje kan eller bør haustast til fôr

Her skal ein melde om skade til kommunen (via nettet) når ein veit at det kjem til å bli avlingssvikt, slik at kommunen kan kome og kontrollere. Den som tidlegare har meldt om tørkeskade, bør melde på nytt om flaumskade. Det er ein eigenandel på 30 %, slik at det totale avlingstapet på garden må vere større enn dette for å motta erstatning.

Tilskot ved produksjonssvikt blir gitt på grunnlag av mengden hausta fôr i forhold til eit normalår. Dei som sel fôr har rekneskapsbilag for kor mykje dei plar å selje, og får utmålt erstatning i forhold til det. Gardar som brukar fôret til eigne husdyr, får rekna ut erstatninga i forhold til eit standard avslingsnivå som er sett for kommunen. Det blir også brukt standardverdiar for kor mykje fôr det er i ein rundball mv., dersom ein ikkje har eit særskilt ønske om å dokumentere eigne verdiar.

Søknadsfrist er 31. oktober.

Eigne forsikringar

Bygningar, hage, fôr på lager mv. er det vanleg å teikne forsikring for, og ein bør ta kontakt med forsikringsselskapet så raskt som mogleg om slike skadar.

Ta kontakt med Magnhild eller Rune om du trenger hjelp til søknader ol.