Innsatsen kom ikkje minst til syne for kort tid sidan då eit større grisefjøs i bygda brann ned i slutten av november. Bilde frå brannen gjekk i landsdekkande media, og det var svært dramatisk. Frå andre sida av fjorden, kunne ein sjå røyken ligge tjukk over bygda.

- Fjøs og dyr har det ikkje vore snakk om at vi i brannvernet kunne redde, fortel han. Ikkje der og heller ikkje ved dei andre fjøsbrannane han har vore med på.

Som skapt

Andre bygningstypar er oftast bygt slik at ein brann gjerne utviklar seg meir gradvis og ein har større sjanse for å kunne sløkke. Men slik ei driftsbygning er bygt og ventilert, utviklar brannar seg langt meir eksplosivt. Det er store volum, mange luftinnslepp og dermed mykje oksygen, dalatrekk her i bygda og undertrykksventilasjon som skaper skorsteinseffekt. Resultatet er ei eksplosiv brannspreiing.

Slaget tapt

- Tek elden fyrst fatt i eit fjøs, er eigentleg slaget tapt, slår han fast. Også det å kunne redde ut dyra. I alle fall særleg mange av dei. Det blir å konsentrere seg om å berge andre bygningar og unngå at brannen elles spreier seg, seier han, men det er heller ikkje lett når det er så varmt at vindua sprekk og målinga renn av veggane på nabobygningar.

- Einaste sjansen du har til å berge ei driftsbygning frå å brenne ned med dei konsekvensane det har, er rett og slett å unngå at det tek fyr, slår han fast.

Å kunne kome tidsnok

Av bilda av brannen i Eidsdal som er tatt dels før brannvesenet kom og dels medan dei riggar seg til, ser ein kor uoverkomeleg det var å skulle sløkkje denne brannen og langt mindre kunne kome seg inn og evakuere fjøsen på dette tidspunkt.

Erfaring frå brannøving i driftsbygningar viser at det tek overraskande lang tid å evakuere eit dyrerom, og det under trygge tilhøve der flammar og gassar er fråverande og røyken ufarleg.

Eiga erfaring

Og kor lett det kan skje, har Bjørn Helge sjølv opplevd. - Men det gjekk heldigvis bra, legg han til. Det var ein elektrisk flugefangar som hang under taket i fjøsen som tok fyr. Flammane hadde stått ut til veggane fleire meter unna, men heldigvis var himlinga av betong, og då eine opphenget losna slik at den vart hengande på skrå, vart òg kontakta dradd ut. Elles er han redd det hadde gått skikkeleg gale.

- Flugefangaren var merka og godkjent av NEMKO slik den skulle. Like vel tok den fyr. Eg rapporterte hendinga dit, men det har vore påfallande mangel på respons.


Som brannmann og utrykkingsleiar har Bjørn Helge Rønneberg vore med på ikkje mindre enn fire fjøsbrannar og har ei klar meining om kva som må gjerast for å unngå at fjøs brenn ned.

- Det einaste ein kan gjere er å unngå at det tek fyr, seier han.

Bjørn Helge Rønneberg
Bjørn Helge Rønneberg

Det kritiske blikket på sitt eige

- Men det viser berre kor lett det kan skje, seier han. Og kor viktig det er å halde auge med tilstanden. Ein må heile tida har eit kritisk auge for kva som kan gå gale. Kva utstyr tek ein inn i fjøset. Korleis er tilstanden, slitasje, støv, oljelekkasjar også vidare. Må det lysrøyret stå og blinke, treng ein den skøyteleidninga, og dreg du den ut når den ikkje er i bruk.

Eit kritisk blikk på seg, sitt og sine, med andre ord.

Utviklinga over tid

Det er nesten så ein kan seie at summen av det ein gjer saman med utviklinga i tilstanden på utstyr og installasjonar; «klargjer» for at det kan ta fyr. Ei overleidning, ein krypstraum, slitasje i eit lager – slikt som utviklar seg over tid - er ofte tennkjelder.

- Derfor er det kritiske blikket på sitt eige og medvitet om kva som skaper brannfare så viktig, understrekar Bjørn Helge nok ein gong.

- Og hadde dei brukt av dei ressursane som blir brukt på KSL-revisjonar, til å utdanne bønder i brannførebygging, er eg sikker på at nytteverdien ville vore vesentleg større, fyrer han av.

Bør opne opp tuna

Bjørn Helge er dessutan skeptisk til følgjene av den erstatningsordninga forsikringsselskapa tilbyr etter brann.

- Det vert veldig ofte snakk om å bygge opp att på same murane, men det fører til at bygningar i tunet blir ståande like tett som før og kanskje tettare; ettersom ein ikkje sjeldan må bygge større for å imøtekome nye krav i forskrifter. Etter mi meining bør ein i langt større grad sanere den gamle tomta og prøve å finne ei plassering som betre ivaretek branntryggleiken i tunet og heller ikkje forringar driftstilhøva.

- Den innsatsen vi har måtta legge ned for å hindre at brannar spreier seg til bustadhus og andre bygningar i tunet, viser med all mogeleg tydlegheit at det å ha gode avstandar i tuna, er viktig for å unngå brannspreiing og i ytterste konsekvens førebygge tap av liv og helse.

Organiserer innsatsen

- Som utrykkingsleiar er det mitt ansvar å skaffe meg oversikta på staden og bestemme korleis sløkkingsarbeidet skal organiserast og leggast opp, kvar vi skal hente vatn, kva slangar vi skal legge ut og korleis mannskapet skal disponerast i arbeidet.

I det lokale frivillige brannvernet er dei 14-15 mann i små stillingsbrøkar. At mannskapet kan møte, er naturlegvis avgjerande for den innsatsen dei kan gjere. Sjølv har han 2,04 % stilling.

Får hjelp frå andre

Når det brenn i bygda, er dei som regel fyrst på staden av det som vert kalla «naudetatar», men heldigvis får dei hjelp av andre stasjonar ved behov. Ved brannen i Eidsdal, kom brannkorpsa både frå Valldal og Geiranger, og det heile vart organisert slik Eidsdal og Valldal la ut kvar sine utlegg med slangar og pumper. Bil og utstyr frå Geiranger vart haldne i beredskap, medan mannskapet deltok i sløkkingsarbeidet.

- Det er naturlegvis ein forsvinnande liten sjanse for at noko anna skal skje, men ein veit aldri, så eg prøver alltid å ha noko i bakhand, seier han.

Flest helseoppdrag

Elles er det helseoppdrag dei har mest av, fortel han. Akutt sjukdom, ulykker også vidare. Dei er gjerne også fyrst på plass ettersom ambulansen står i Geiranger eller må over med ferje frå Valldal. Dermed er brannfolka gode å ha. Dei er utdanna i medisinsk førstehjelp og dessutan er brannstasjonen utstyrt med både hjartestartar og oksygenflasker som har vist seg å vere til god hjelp.

Så er dei ute på ulukker, oftast bilulukker.

- Marerittet er ei større bussulukke slik mannskapet i Valldal opplevde for nokre år sidan. Slike ulukker har dei også trena på, og er budd på kan skje.

- Her er enormt med trafikk her om somrane, og vegane er slik dei er. Kanskje er det ein fordel, funderer han, for farta blir av same grunn lita, og det er god førebygging.

Har ikkje gått menneskeliv

Så langt har dei lukkast med alle sine oppdrag i form av at dei har klart å berge alle personar som har vore råka og dei har hatt hand om. Også ein pasient dei arbeidde med i 13 minutt før hjarte og pust gjekk av seg sjølv. - Og det er lenge, seier han.

- Men kva med dyra?

- Ja, det er mange og voldsame sanseinntrykk når ein kjem til ein brann, men heldigvis har eg ikkje høyrt dyra. Det verkar som dei har sovna inn, kanskje til og med før dei skjønar at noko var gale.

Godt rusta

Sjølv om dei utgjer brannvernet i to etter måten mindre bygdelag, har dei godt med utstyr og godt opplært mannskap; noko han berømmer brannvernleiinga i kommunen for. Dette gjeld både bil, utstyr, pumper og slangar for å få tak i nok sløkkevatn.

- Som lokale er vi også godt kjent i bygda og har kunnskap om korleis vi skal ordne oss ulike plassar.

Det mentale

- Ein brann i ei driftsbygning er ei voldsam oppleving, seier han. Det er høg varme, røyk, bråk og ikkje minst ei dramatisk menneskeleg påkjenning. I ei lita bygd som vår, er det spesielt for oss i brannvernet. Dei det brenn hos, er gjerne slekt, naboar, kjenningar eller kollegaer.

- Når eg køyrer rundt i bygda, sit eg ofte og tenkjer på korleis- og kva som må til om det skulle byrje å brenne der eller der; så brannvern ligg i grunnen og kvernar litt i bakhovudet heile tida.

Brann fjøs
Bilde tatt før brannvernet kjem på plass. Her ser ein tydeleg kor voldsam brannen er, og samstundes kor små avstandane i tunet blir i ein slik situasjon. Foto frå brannen: Kirsti Pernille Indreeide.
Brann i fjøs
Her har brannvernet nyss kome fram og i gong med å starte sløkkearbeidet. Her ser ein tydeleg kor fåfengt det vil vere å prøve å sløkke brannen i fjøset. Ein vert nøydd til å konsentrere seg om å redde dei andre bygningane i tunet og unngå at menneskeliv og helse går tapt.