Glimt frå forsøk på Oppdal
Høstbeite
Vi har eit grovfôrforsøk med fokus på høstbeite hjå Øyvind Dørum/ Irene Austad. Feltet vart sådd 25.juni 2024 og det er sådd mange ulike blandingar i feltet. Vi har no høsta dette feltet som skal tilsvara ei vårbeiting, og er nesten overvelda. Det har vore ei svert god overvintring og enga er veldig tett. Den tidlege våren satte i gang veksten og den kalde mai gav stor avling. I snitt på feltet fekk vi 376 kg ts /daa og noko slikt har vi ikkje sett på lenge. Vi hadde eit tilsvarande beitefelt i åra 2020 til 2024. I førsteårsenga 2021 fekk vi 182 kg ts pr.daa, vidare i engåra fekk vi 302, 111 og 146 kg pr daa.

Vi ser at hundegraset har overvintra godt både på Nerskogen og i forsøket ved Skarvegen.
Dei som har veid lamma før fjellslepp fortel om god vårtilvelst og dei som har slege 1.slåtten no rapporterer om store avlingar. Bilde til høgre er frå høsting 4. juni.

Varig eng
Vi har også et NIBIO-felt med varig eng hos Rolf Morten Dørum. Dette er en serie engforsøk som går mellom 4- 6 år, med to ulike slåttetidspunkt for førsteslått og artsrike frøblandinger. Forsøket er en landsdekkende forsøksserie med de bredeste engfrøblandingene fra såvarefirmaene, tilpasset hver landsdel. I tillegg har den også en egen blanding. Feltet i Oppdal er nå i sitt fjerde høsteår, og halvparten av feltet med det tidligste slåttetidspunktet ble høsta 18. juni. Da var utviklingsstadiet like før begynnende skyting for timoteien. Rutene ble direktehøsta, og hadde en tørrstoffprosent på bare 13 % (gjennomsnitt), men tørrstoffavlinga var i gjennomsnitt 483 kg/dekar. I fjor var gjennomsnittlig tørrstoffavling for den tidlige 1-slåtten i dette feltet 248 kg ts/dekar, og 364 kg ts/daa for den «normale» 1-slåtten.

Maisforsøk i Møre og Romsdal
I år har vi lagt ut tre forsøksfelt med fôrmais i Møre og Romsdal. Vi prøver ut fire tidlege/halvtidlege sortar. To av felta vart sådd i midten av mai. Det tredje i starten av juni. Felta ligg i Surnadal, på Averøya og på Åfarnes. På dei to felta som vart sådd i mai er det fin spiring, men utviklinga går foreløpig sakte. Maisen er glad i sol og høg temperatur, og det har den ikkje fått så langt i år. Vi skal ha forsøk i tre år (2025-2027), så i løpet av den tid veit vi meir om nye sortar og lengre vekstsesong gjer maisdyrking meir aktuelt på Nordvestlandet.
Til høgre ser du maisplanter frå forsøksfeltet på Åfarnes 10. juni. Foto: Frode Grønmyr.

