Kornbonden har ofte lite næringstilgang (gjødsel, møkk) og treng ofte gras i vekstskiftet sitt. Husdyrprodusenten har ofte for lite grovfôr, men mykje møkk, og kan ev få moglegheit for å produsere meir korn. For konvensjonelle bønder kan det vere ein fordel å dyrke ulike vekstar for å redusere behov for sprøytemidlar, ev auke avlingane. Kanskje nokon har vekstar som for eksempel potet eller gulrot som treng lengre vekstskifte og ikkje har nok areal sjølv? Ved å ha eit vekstskiftesamarbeid kan ein då skaffe seg betre grunnlag for å gjennomføre eit godt vekstskifte med gode avlingar god økonomi med ein ekstra økonomisk gevinst. 

Eit godt vekstskiftesamarbeid skal unngå at forvaltninga innhentar oss, og mistenkjer oss for driftsfellesskap. Eit driftsfellesskap gjer at du risikerer å miste  offentlege tilskot, I den forbindelse vil gode avtaler som synleggjer at det er samarbeid, og ikkje driftsfellesskap være særs viktige. NLR har derfor utvikla avtalemalar og rekneverktøy som skal kunne rekne på økonomien i samarbeidet for begge partar.  

Lønnsemd med samarbeid 

Det er utvikla eit reknearkark som baserer seg på dekningsbidrag for dei ulike salsproduksjonar, samt kostnadsberekning av fôrproduksjon. Poenget har vore å vise endringane i økonomien når ein ser på heile vekstskiftet på korngarden inkludert arealtilskot, der einsidig økologisk kornproduksjon har eit lågare avlings tal enn økologisk korn i eit vekstskifte. For husdyrbrukaren har ein vurdert økonomien med kjøp av gras ved at ein ser på bytteverdien i å erstatte grasareal med kornareal og kjøpe inn gras frå sin samarbeidspartner i staden. Dette vil ikkje være tilfelle hjå alle, men me har gått ut frå at auka tilgang på gras for å fylle kvote har minst like god økonomi som å bytte grasareal med kornareal.

Vellykka vekstskiftesamarbeid 

Mykje av stoffet frå dette kapittelet er henta frå kursheftet «betre bonde». 

Alle partar må oppleve ein nytteverdi av samarbeidet. Det må høve med produksjonane på garden og det må vere praktisk å samarbeide. All forsking viser at vellukka samarbeid krev gode mellommenneskelege relasjonar mellom dei som skal samarbeide. Det er lurt at dei som skal samarbeide har felles verdiar, forventningar og haldningar til samarbeidet. Dei må tru at både vekstskifte men og samarbeid løner seg. Dei må klare å setje søkelys på dei store linjene, heve seg over småting, og kommunisere godt. Det er ein fordel at partane kjenner kvarandre. Om lag same krav til standard og kvalitet på korleis og når arbeidet bør utførast er og ein fordel. Det må utarbeidast gode rammer for eit vellukka samarbeid.  Med dette som utgangspunkt må det likevel leggast til rette for at samarbeidet skal fungere godt, også når ein møter på motgang og usemje i framtida.  

Ingen kan tvingast til samarbeid. Derfor er det lurt før ein inngår eit samarbeid å ha tenkt gjennom, og avtalt kva ein skal gjere for å sikre framtidig godt samarbeid, og korleis ein skal handtere situasjonar om samarbeidet skurrar eller skal avsluttast. 

Godt samarbeid er avhengig av:  

Korleis skal me handtere konfliktar?  

Det er normalt at det over tid vil oppstå konflikter. Utfordringa vert eigentleg korleis og kor flinke me er til å hendtere dei. Det beste er å unngå at det kjem så langt at konflikta vert stor. Arbeidet med å lage overordna visjonar, utarbeide strategiar og lage smarte mål og ikkje minst skrive ned kva ein er einige om. Men og kva ein er ueinige om. Dette gjer samarbeidet lettare å følgje opp undervegs og er gode verktøy for unngå at konfliktene vert for store. 

Når det likevel oppstår konflikter som vert store, er det lurt at det er avtalt på førehand korleis ein tenkjer å løyse desse. Skal ein gje opp samarbeidet? Prøve å løyse problema sjølv, eller ta med ein uavhengig tredje person som kan hjelpe til å løyse floken. Uansett er det avgjerande å setje i verk tiltak snarast råd. Ei ansvarsfordeling og korleis dette skal gjennomførast bør avtalast. 

Å tilrettelegge for faste møter gjennom året der ein konkret tek opp kva som fungerer og kva som ikkje fungerer i samarbeidet så har ein mogelegheit til å gjere grep  før det er for seint. Desse møta bør avtalast på førehand.   

Samarbeidsavtale 

Korleis og når skal samarbeidet avsluttast? 

Når ein inngår ei avtale bør det også avtalast noko om kor lenge den skal vare og korleis den skal avsluttast, Ofte kan det i ein oppstart av eit vekstskifte samarbeid vere lurt sette eit bestemt tidspunkt for avslutning. Og heller fornye denne om ein tykjer at ein ønskjer det. Å avtale rammene for avslutninga gjerast best i forbindelse med oppstart når alle er godt forlikte. Om ein ikkje avtaler tidspunkt og korleis ei avslutnig skal foregå, er det ofte vanskelegare å avgjere kva ein skal gjere i høve til innsats, investeringar ol, både føreut for samarbeidet og undervegs. Usikkerheit rundet dette kan fort skape misnøye og at samarbeidet brått tek slutt utan at det var tenkt. Skal samarbeidet vare 1 år som prøvetid er det små rammer å investere i samanlikna med om det skal pågå i 20 år. Dette vil også kunne påverke lønnsemda og kor lett det er å nå måla som ein tidlegare saman har satt seg. 

Kjelder: