Professor Ian Toth, direktør ved National Potato Innovation Centre (NPIC) ved James Hutton Instititute, seier at det er nødvendig å akselerere utviklinga av potetsortar som kan takle eit varmare og tørt klima.

- Vi er ikkje i det heile tatt budd på korleis klimaendringane påverkar potetproduksjonen, seier Toth i ei pressemelding frå instituttet. Det er særs vanskeleg å produsere kvalitetspotet, når klimaet gir oss varmt og tørt vêr i ein lengre periode. Uansett om det er dette året eller neste, så vil vi sjå konsekvensane på potetavlinga. Vi kjem til å bli mindre sjølvforsynt, og må i staden importere potet.

Professor Ian Toth Director of the NPIC

Denne advarselen kjem som ei følgje av nye analysar frå Englands meteorologiteneste, som har fastslått at årets sommar er den varmaste i nyare tid. Sjefen ved klimaseksjonen ved meteorologitenesta, Dr. Mark McCarthy, forklarer korleis utsleppa av klimagassar dramatisk har endra sannsynlegheita for ekstreme sommarar. - I eit naturleg klima kunne vi forvente å få ein liknande sommar som 2025, kvart 340. år. Med dagens klima, kan vi forvente at eit av fem år blir omtrent like varm som i år.


Nye prioriteringar

NPIC arbeider med å utvikle nye sortar, som er betre i stand til å takle ekstremvêr, insektangrep og sjukdommar, med støtte frå dei Skotske styresmaktene. Men som Toth seier, vi treng breiare støtte frå heile England.

- Teknologien har vi, men vi treng raskare reaksjon. Om vi ikkje får fortgang i foredlingsarbeidet, risikerer vi å mangle alternativ når klimakrisa for alvor slår til. Bøndene har allereie uttrykt sine bekymringar, det veit vi etter å ha hatt arbeidsgrupper med potetprodusentar som har identifisert klimaendringar som ein av topp fem truslar mot engelsk potetproduksjon.


Konsekvensar for matprisar

Institutt for daglegvarehandelen har alt kopla ekstremvêr til auka matvareprisar. «Ekstremvarme og tørke har ramma Storbritannia i 2025, og effekten på matproduksjonen er allereie synleg. Produksjonen av nøkkelmatvarar som kveite og potet er trua.»

Som verdas tredje viktigaste vekst og den nest viktigaste i Storbritannia – poteten er spesielt sårbar for klimaekstremer. Ein rapport frå NPIC siste år konkluderte med at «å forstå effekten av ekstremvêr og dei langsiktige verknadene av klimaendringar, blant anne ved hjelp av modellering, krev handling no for betre å forstå og å handle ut frå dei.»


Norske utfordringar

Varmebølga som i juli bl.a. ramma Trøndelag, har gitt store konsekvensar for årets potetproduksjon. Mye tyder på at veksten stoppa heilt opp i varmeperioden. Etterpå kan det sjå ut som at det er stor skilnad på sortane, når det gjeld å få i gang veksten. Her må vi ha meire kunnskap. Det er for stor risiko med sortar som ikkje tåler periodar med ekstremvêr.