Våren 2023 vart det i sådd to sortsprøvingsfelt i mais, eitt på Randaberg og eitt i Etne. Som tidlegare år var det Trond Vistnes som stod for såinga, medan feltvertane utførte alt anna praktisk arbeid med etablering og stell av feltet. FKRA leverte frø av ulike sorter for prøving, og NLR stod for innhaustinga av felta. Totalt var det 15 ulike sorter med i utprøvinga.

Feltet i Etne blei hausta den 9. oktober, på Randaberg vart det hausta 17. oktober. Prøver frå kvar sort vart tørka og registrert tørrstoffavling på, det blei tatt kvalitetsanalysar av 6 sortar frå feltet i Etne.

20221024 101823 kopi2

Resultat

Avlinga for dei ulike sortane i feltet på Randaberg og i Etne er gitt i figur 1 og 2. Kvalitetsanalysane frå feltet i Etne er gitt i tabell 1. Avlinga på referansesorten Ambition som har vore med i mange år var eit godt stykke under gjennomsnittet på Randaberg, medan den var litt over snittet i Etne. Nykomaren Foxtrot gav rekordavling på heile 2011kg ts pr daa i Etne, men var ikkje på topp tre i Randaberg. Sortane Saxon og Faith var begge i avlingstoppen både nord og sør for fjorden. KWS sortane, spesielt Calvini er også spennande da denne er særs gode på og stivelse.

20221003 111321 kopi2

Konklusjon:

Det var uvanleg stor forskjell i avling mellom Etne og Randaberg i år. Dette kan nok skuldast ein svært tørr vår og forsommar på Jæren, samt eit litt variert jordsmonn der kor feltet låg på Randaberg. Ein tørr og kald vår/forsommar førte til at det gjekk seint med maisen den første tida. Det var ikkje før eit stykke ut i juli at maisen verkeleg starta å legga på seg. I Etne var det ca. 2380 maisvarmegrader frå såing til hausting. På Jæren landa me som tidlegare år på ca. 200 MVE bak i Etne i same tidsrom. Gjennomsnittleg tørrstoffprosent enda på ca. 25% for begge felta, KWS Calvini virker som ein spennande sort for dei marginale maisområda på Sørvestlandet. Denne ligg litt over gjennomsnittet på avling, samt har eit høgt stivelsesinnhold sjølv med låg tørrstoffprosent. Feltvertar i år var Odd Sande og Johannes Silde.

Figur og tabellar:

Bilde3
Bilde2
Bilde1