Trude Iren Saure

Eg vaks opp under stupbratte Sunnmørsalpar blant melkekyr og sau. Som den einaste jenta i syskenflokken var det automatisk brødrene som hjalp til med traktor og maskiner, medan eg hadde hjarte for dyra.

Det er ei kjennsgjerning i bondeyrket at ein gjerne er flinkare til å ta vare på det rundt seg enn seg sjølv. Ofte er det dyra, bygningar og maskiner som får mest merksemd. Å passe på seg sjølv, både fysisk og psykisk, er mindre viktig. Dette gjeld nok også når bonden skal teikne forsikring. Å sørge for god dekning dersom det skulle skje noko med ungane, om fjøsen skulle brenne ned, eller at traktoren veltar, er gjerne høgt på prioriteringslista. At ein bør sørge for ei god forsikring for yrkesskade eller yrkessjukdom på seg sjølv, er kanskje ikkje like openbart. Samtidig veit vi at det er eit yrke det er større sjanse for ulukker og skadar. Dersom uhellet er ute er det derfor greitt å vite at ein er godt nok forsikra slik at økonomien ikkje skal vere ei ekstra belastning.

Vi kan vere forsikra gjennom folketrygdlova eller via privatforsikring, evt. begge plassar.

Dei aller fleste er forsikra gjennom forsikringsselskap, og dette er vel og bra. Samtidig ser ein at kva forsikringsselskapa kan tilby å dekke, og til kva pris, kan variere mykje. Ein vel også sjølv i kva grad ein vil forsikre seg, og det er kanskje lett å gå for ei låg grad av dekning på grunn av ein anstrengt økonomi.

Dersom ein er arbeidstakar, er ein automatisk dekt gjennom folketrygdlova. Det vil seie at dersom ein blir skada vil ein få ytingar frå folketrygda. Dette gjeld ikkje for dei som er sjølvstendig næringsdrivande. Bønder må altså sjølv teikne ein avtale om frivillig yrkesskadetrygd for å få dekning gjennom folketrygda. Med andre ord, dersom ein har forsikring berre gjennom forsikringsselskap, har ein ikkje rett på yting frå folketrygda. Den frivillige yrkesskadeforsikringa for sjølvstendig næringsdrivande som ein teiknar gjennom NAV er derfor noko vi sterkt tilrår

PIC 2086

For å kunne teikne forsikringa, må du

  • vere sjølvstendig næringsdrivande i ENK, ANS/DA eller frilansar
  • vere under 67 år
  • ha ei forventa årsinntekt høgare enn grunnbeløpet i folketrygda, i dag 118 620 kroner

Ytingar

  • 100 % dekking av utgifter til legehjelp, medisin, fysikalsk behandling, tannbehandling og forbindingssaker, anskaffing av protese, støttebandasje og andre hjelpemiddel som kan bøte på skaden.
  • Heilt eller delvis dekking av andre utgifter som kjem av direkte fylgje av skaden, også juridisk bistand
  • Ingen eigenandel
  • Erstatning for dei ulemper du har fått som skuldast ein godkjent yrkesskade eller yrkessjukdom.
  • Gunstigare reglar for sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, rehabilitering, yrkesretta attføring, uføreytingar og alderspensjon. Også gunstige reglar for pensjon til gjenlevande ektefelle og barnepensjon.

Den årlege premien (det forsikringa kostar) er 0,4 % av den forventa årsinntekta. Utgangspunktet for å sette denne summen er den pensjonsgivande inntekta frå garden. Er du arbeidstakar i tillegg, vil denne ikkje bli medrekna. Har du til dømes næringsinntekt på 300.000 kr, vil årleg premie vere 1200 kr.

Frivillig yrkesskadetrygd for sjølvstendig næringsdrivande er ei svært gunstig forsikring som alle bør vurdere. Har du eigentleg råd til å la vere?

Les meir og teikn avtale på NAV: Frivillig yrkesskadetrygd - nav.no

Har du spørsmål, ta kontakt med HMS-rådgjevarane i NLR Vest.