Tonje Fjågesund

Eg er ikkje oppvaksen på gard, og eg har ikkje gått på Ås. Men eg har likevel funne vegen inn i landbruket. Og jammen er eg glad for å ha landa her – som fruktrådgjevar på Njøs i Sogn. For vestlending er eg (fødd Siddis) og ekte landbruksentusiast.

Kvifor Nederland

Lokal tilstadevering er ein kjerneverdi i NLR. Men av og til tek rådgjevarane turen utomlands på jakt etter inspirasjon og sjå kva våre fruktdyrkande kollegar lenger sør i Europa har føre seg. Dessutan, om ein skal kjenne heile næringskjeda frå sortsutvikling og planteoppal i 2023 må ein utafor norske landegrenser. Tidlegare denne månaden var fem fruktrådgjevarar og fagkoordinator for frukt og bær frå NLR på fagtur i Nederland, saman med to representantar frå Bama og SKP kjernefrukt i Gartnerhallen.

Nederland er eit land med stor innverknad på europeisk fruktnæring. Svært mange av frukttrea som vert planta i Noreg startar livet sitt på ein planteskule i dette flate landet nordvest i Europa. Også fleire av dei nye sortane som vert planta i Noreg er kryssa fram i Nederland. Forutan tre og sortar importerer me òg noko dyrkingspraksis, innsatsfaktorar og teknologi sørfrå og tilpassar det til norsk kontekst.

Fleuren 2
Tre klare til eksport frå kjølelageret til planteskulen Fleuren.

Eden og Fryd kjem til Noreg

Hovudfokuset for fagturen i april 2023 var dei to nye eplesortane Eden og Fryd. Desse er på stor frammarsj i Noreg blant fruktdyrkarar som leverer til Bama, og er forventa å utgjere ein stor del av marknaden i åra som kjem.

Eden og Fryd er rekna som nye sortar i Noreg, men det er allereie eit tosifra tal år sidan dei vart kryssa fram i Nederland, og har vore planta i mindre tal i Noreg sidan 2015/16. Sidan har talet vekse og det er anslått at over 95% av alle Eden- og Fryd-tre i verda er planta i Noreg. Sjølv om sortane har vore gjennom eit langvarig kryssing- og selekteringsprogram i Nederland ligg altså det største erfaringsgrunnlaget for dyrking av desse sortane i vårt eige land. NLR er i prosessen med å utvikle ei dyrkingsrettleiing med beste praksis, og lære oss å utnytte potensialet til desse sortane til det beste. Ei dyrkingsrettleiing er forventa publisert i siste del av 2023.

Dyrkar
Eden og Fryd hjå nederlandsk dyrkar. Sortane er ikkje dyrka i stor skala, men grunna interesse prøver denne dyrkaren ut nokre rekkjer.
Dyrkar2
Eden og Fryd hjå nederlandsk dyrkar. Sortane er ikkje dyrka i stor skala, men grunna interesse prøver denne dyrkaren ut nokre rekkjer.
Lapp
Eden og Fryd hjå nederlandsk dyrkar. Sortane er ikkje dyrka i stor skala, men grunna interesse prøver denne dyrkaren ut nokre rekkjer.

Kvifor treng me nye sortar?

Det er behov for å utvikle nye sortar med endå betre eigenskapar som passar inn i dagens dyrkingstilhøve og marknad. Eple, Malus domestica, har genetisk potensiale for betre resistens mot sjukdomar og andre skadegjerarar, noko som vil verte meir og meir viktig i åra som kjem med mål om mindre bruk av kjemiske plantevernmiddel. Det er og moglegheiter for å utvikle sortar med meir optimale vekst- og avlingseigenskapar; t.d. sortar med ulik modningstid kan utvide sesongen, og kan verte betre tilpassa eit klima i endring. Marknaden er også i rørsle og det kan vere rom eller etterspurnad for nye sortar med anna smak og tekstur, som har betre lagringsevne og som moglegvis kan erstatte populære importsortar. Det er ei rekkje agronomiske og marknadsmessige kriterier som må oppfyllast før ein ny sort fortener sin plass i frukthagar og butikkhyller.

Utvikling av nye sortar

Det kan ta omkring 15 år å utvikle ein ny eplesort. Generasjonstida er lang og nye sortar skal testast grundig etter fleire parameter før dei lanserast til kommersiell/storskala dyrking. Prosessen startar med kryssing av to foreldresortar. På Universitetet i Wageningen har dei sidan 1948 drive eit foredlingsprogram for eple og jordbær. I perioden 2014-2019 vart dette overteke av Fresh Forward, som først var ansvarlege for marknadsføring av dei nye sortane, men som nå òg bidrar med fagkompetanse både på eit molekylært/genetisk og praktisk/teknisk nivå. I eit vanleg år utfører dei 25-35 krysningar, sår 10’000 frø for oppformeiring og podar 3000 kvistar på grunnstamme. 10 – 20 unge lovande vert gensekvensert og går vidare i testinga, før det er nye påfylgjande rundar med utval. Forsøkssortane vert selektert over fleire år, ut i frå genetiske og fysiske eigenskapar. Viktige seleksjonskriterier er først og fremst at trea utviklar frukt, i passe avlingsmengd, som er smakfulle og presentable. I tillegg bør dei nye sortane ha eitt eller fleire resistens-gen mot skurv, og bør vere sterke mot andre sjukdomar og skadegjerarar. Vidare skal blømingstid, S-allel og modningstid passe inn med eksisterande sortar, dei bør vere lagringsdyktige og greie å handtere dyrkingsmessig kva angår vekstnivå, tynningsbehov og innhausting.

Eden og Fryd er «syskjen», dei har begge SQ159 (også kjend som Magic Star) og Honeycrisp som «foreldre», men har kvar sin unike genetiske profil og tilhøyrande eigenskapar. Dei har passert kriteria for interessante dyrkingssortar hjå foredlar men me haustar framleis erfaring med dyrking av desse sortane i norsk produksjon. Dei er begge (Vf-)resistente mot skurv. I Nederland vert dei kategorisert som tidlege sortar, medan i Noreg er Eden blant dei middels seine sortane og Fryd ein sein sort. S-allel og blømingstid gjer at dei kan bestøve kvarandre, og dei kan også plantast saman med Katja, Aroma og/eller Discovery som støvsort.

FF1
Til venstre Eden, til høgre Magic Star (foreldresort til Eden) på Fresh Forward sine testfelt i Huissen.
FF E
Første bilete Eden, andre bilete Fryd. Frå Fresh Forward sitt testfelt i Huissen.
FF F
Første bilete Eden, andre bilete Fryd. Frå Fresh Forward sitt testfelt i Huissen.

Næringskjeda for nye sortar

For at ein ny eplesort skal lukkast, i dyrking og for sal, må han fungere i alle ledd av næringskjeda. Fagturen til Nederland og prosjektet «Kompetanseheving – Nye eplesortar» gjer det mogleg for å verte betre kjend med heile næringskjeda frå sortsutvikling til sal. Med betre samarbeid og eit breiare erfaringsgrunnlag får me tilgang til meir informasjon om dei nye sortane. Kvart ledd i næringskjeda har ein del av eit felles ansvar for å handtera og luke ut eventuelle utfordringar, og arbeide for å oppfylle potensialet til dei nye sortane. Informasjon og erfaring må utvekslast mellom dei ulike instansane; foredlar, forskar, dyrkar og seljar. Innsikt, kjennskap og ein open dialog er essensielt for å oppnå eit godt resultat.

Fagturen til Nederland er ein del av NLR sitt prosjekt «Kompetanseheving - Nye eplesortar». Målet i prosjektet er å etablere dyrkingsrettleiing for nye sortar inkludert Eden og Fryd. Prosjektet er støtta av av Grofondet. I 2022 var representantar frå Fresh Forward og Fleuren på besøk i Noreg for å sjå på dei norske plantingane av Eden og Fryd.

Han Fleuren
Her frå planteskulen Fleuren - fleire norske frukttre har sitt opphav her.