Olav Martin Synnes

Mine første år budde familien på Haramsøya, før vi flytta til Vigra. Far var odelsgut, og overtok småbruket etter sine foreldre. Det hadde vore fire kyr på garden, seinare vart det kjøtproduksjon. Det var arbeidshest på garden. Eg fekk oppleve hesjing!

Eg har hatt min siste arbeidsdag i NLR, etter meir enn 37 år i full stilling. Første veka i september var kollegaer frå Sunnmøre og Nordfjord, og dagleg leiar Fredrik Fjose, samla til festmiddag hos «Ivar Aasen» i Ørsta. Etterpå vart det samtalemøte. Fredrik hadde stilt tre spørsmål, som han ynskte svar på. Eg skal prøve:

Kvifor søkte du arbeid i «NLR»? Kva var årsaka til at du arbeidde så lenge hos NLR? Har du gode råd for NLR sitt arbeid i komande år?

20230704 205740
Synnes på Vigra, sett frå Synnes-fjellet. Bak til høgre ligg Godøya. Vi skimtar flate Giske. Lengst bak til venstre ligg Sula.

Litt om min bakgrunnen

Dei første åra, til eg var 11 år, budde familien på Haramsøya. Etter den store kommunereforma i 1965 – flytte vi til Vigra, til farsgarden, eit småbruk med kjøtproduksjon.

20220807 Haram
Haramsøya og Haram kommune er tyngdepunkt i landbruket på Sunnmøre. Ålesund by skimtast øvst i høgre hjørne.

Etter 5-årig landbruksutdanning, vart det 7 år med forsking og undervisning i plantevernfag ved NMBU på Ås. Familien trivdest godt på Ås. Sidan eg hadde funne meg kjekk kone, som også var frå Vigra, vart det etter kvart naturleg å søke seg heimover mot Sunnmøre.

I 1986 vart det oppretta ny «Nordre Sunnmøre Forsøksring», med kontor vegg i vegg med Landbrukskontoret i Brattvåg. NSF var eit framhald og utviding av «Haram Forsøksring», oppretta av heradsagronom Karl Roth fleire år tidlegare. Denne omfatta Haram og Sandøy.

I 2003 flytta kontoret til Ålesund, vegg i vegg med Tine Rådgiving. Like etter vart vi slått saman med Søre Sunnmøre Forsøksring. Namnet vart Sunnmøre Forsøksring, seinare NLR Sunnmøre. Arbeidsområdet vart no utvida. I tillegg til medlemar i fem kommunar - Sandøy, Haram, Giske, Ålesund og Sula - fekk Ålesund-kontoret hovudansvar også for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande. Det same gjeld Vartdal og Barstadvika.

B2a DSCF2110 800x600
Hjørungdal i Hareid. I bakgrunnen Barstadvika og Vartdal. Etter samanslåinga med Søre Sunnmøre Forsøksring, fekk kontoret i Ålesund hovudansvar for fleire kommunar på ytre og søre Sunnmøre.

I 2017 vart vi del av NLR Vest, saman med kollegaer i Sogn og Fjordane og Hordaland. Ein har over 30 tilsette, og har blitt meir fagleg allsidig. Tidlegare var forsøk og rådgiving innan jord- og plantekultur ei hovudsak. No kom nye fagområde meir med, t.d. bygg-rådgiving, HMS, økonomi, tekniske fag, med meir.

Eg har opplevt arbeidet i NLR som interessant og meiningsfullt. Matproduksjon er ei av dei viktigaste næringane vi har, ikkje minst i eit land som vårt, med avgrensa jordbruksareal og krevjande klima. Eg var nok ein del av «den grøne bylgja» som sveipte over landet frå kring 1970. Stortinget hadde nyleg vedteke ein opptrappingsplan for landbruket. Lønsnivået i næringa skulle hevast, på nivå med andre næringsgreiner. Det førte gradvis til meir optimisme. Nydyrkinga skaut fart. Landbruksskulane og NMBU på Ås fekk stor auke i elvetalet.

Landbruket vart snakka fram.- Begge mine foreldre vaks opp på gardsbruk. Det var aktive krigsveteranar i familien. I familieselskap vart landbruket og trygg matproduksjon snakka fram. Deira generasjon hadde opplevt pandemi, økonomisk nedtur og ein storkrig. Dei forstod kor viktig matvaretryggleik var. Det sette spor hos oss ungdomar.

Forsøk og undervisning

På Ås fekk eg god opplæring i forsøksarbeid og undervisning av studentar. Namnet «Forsøksring» vitnar om at mine nye arbeidsgivarar ynskte å satse mykje tid og ressursar på slik «kunnskapsutvikling». Eg har fått lov til å bruke mykje tid på forsøksarbeidet, kanskje meir enn dei fleste av mine kollegaer. Omlag 8 forsøk har vore i drift i vårt distrikt kvart år i snitt sidan 1986, tilnærma 300 «forsøksfelt-år». Emna har variert mykje. Eg har trivast med dette. Det har vore lett å motivere seg for oppgåvene.

Å bli kjent med mange nye og røynde medlemar gjennom markvandringar, «våronn-møte» og kurs ser eg også tilbake på med glede.

20130810 141016
Kunnskapsutvikling gjennom forsøksarbeid har vore ein viktig del av arbeidet, omlag 300 «forsøksfelt-år» frå 1986-2023.

Døme på forsøk 1987-2023

Utvalde døme på forsøks-emne er vist i tabell 1. Landbruket er allsidig, og emna har variert mykje.

Tabell 1.- Døme på forsøksemne i 1991, 1999, 2010 og 2015-2023. Emna har variert. Mange av forsøka er planlagde av NIBIO og andre oppdragsgivarar. Andre forsøk er planlagt av NLR lokalt, med finansiering frå samarbeidspartar.

1991 – 14 felt i drift

Nye sortar av fleirårig raigras 1988-91, Vigra

Timoteisortar ved ulik drift. Verknad av haustetid og jordpakking, 1987-1991, Hildre

Stigande mengder hønsegjødsel til eng, 1989-1991, Vigra

Innblanding av urea i pressaft eller blautgjødsel, 1991-1992, Slyngstad

Verknad av grågåsbeiting på avling og kvalitet av engvekstar, 1991-1992, Fjørtofta

Verknad av innblanding av vatn på utnyttinga av blautgjødsel, 1990-1991, Ertresvåg

Innhald plantenæring i grøftevatn, 1989-91, Rogne, Vatne, Hildre, Emblem eng, Emblem utmark

Skadetersklar av høymole i grasmark, 1990-1992, Skjelten

Nitrogen-prognosar og nitrogen-tap, 1990-1992, Myklebust, Hildre, Hildre, Slyngstad, Vatne

Lakseensilasje som gjødsel eller jordbetringsmiddel ?, 1991-1992, Myklebust, Vigra

Innhald av tørrstoff i blautgjødsla, 1991, prøver frå 8 mjølkebruk, uttak vår og etter første slått.

Innhald av tørrstoff i silopressaft, 1991, prøver frå 7 bruk, uttak etter første slått og andre slått.

Utvikling av flytevekt for måling av tørrstoff i blautgjødel og silpresaft «Vaker», Fjørtofta

1999 - 17 forsøk i drift, utvalde døme

Utprøving av raisvingel, 1997-2000, Myskja

Overflatekalking av eng, 1998-2002, Veibust

Sortsprøving av urter til te og krydder, 1999-2001, Slyngstad

Nye middel mot marikåpe i eng,1999-2000, Giske

Nye middel mot ugras i attlegg med raudkløver. 1999-2000, Røsvik

2010

Mineralinnhalet i engvekstar. Kan vi dyrke fôr med lågare DCAD? 2010-

Vekstavslutting i eng om hausten 2010-

Nye middel mot toårige tistlar i beite, 2010-, Jøsok,

Tung trafikk på dyrka jord, 2009- 2011, Ertresvåg

Fortørking av gras ved breispreiing 2010, Blindheim, 2 felt

Tiltak mot lyssiv og knappsiv i eng og beite, 2009-2012, Rørvika

Vegetasjonsutvikling ved bruk av utegangarsau, 2001-2010, Uksnøy

2015-2023, nokre utvalde døme

Vedlikehaldssåing i eng, 2013-2018, Gødøy, Fjørtofta, Hjørungdal

Kystblåstjerne i beite på Synnaland, 2009-2023 ....

Vraka saueull som gjødsel i åker og eng? 2021-22, Kvalsund

Urea biprodukt frå fiskeoljeindustrien som gjødsel i eng? 2020-23, Godøya

Eg meiner det er viktig at NLR også i framtida legg vekt på forsøksarbeidet, særleg innan jord- og plantekultur. Tilsette som arbeider med forsøk held seg nær «kunnskapsfronten». Ein får tidlegare tilgang til ny kunnskap. På denne måten blir NLR «best på fag». Sløyfer vi forsøksarbeidet, blir vi «nest best».

Markdagar, demonstrasjonar, kurs, testing av åkersprøyter .....

Dei siste 3 åra har vore litt annaleis, med færre fysiske møte og mykje undervisning på Teams. Eg meiner at eg i desse 2-3 åra har hatt hovudansvar for nær 1000 kursdeltakarar på Teams. Denne arbeidsforma er praktisk, og har gradvis blitt godt likt av dei fleste. Samstundes er tilbakemeldinga at vi ikkje må gløyme dei fysiske møtestadane.

20220603 133259
Tidleg på 1990-talet kom det tilbod om testing av åkersprøyter. Seinare vart det eit krav, no kvart 3. år.

Kloke ord frå ein kollega

Ein tidlegare kollega og svært kunnskapsrik veteran, fortalde oss ferske rådgivarar ein gong: «Vi har fleire hundre medlemar. Alle har lært meg noko nytt!». Eg trur dette er rett tenkt. Ein som har drive eigen gard i fleire tiår, har samla mykje kunnskap og røynsler. Om sitt eige bruk veit han mest og best. Ein rådgivar med gode teoretiske kunnskapar, kan likevel tilføre nyttig kunnskap, innanfor «smalare» emne. Ein rådgivar må vere budd på både å ta imot lærdom, og å gi lærdom. Gardbrukar og rådgivar utviklar kvarandre. Eit godt samspel er viktig for ei nyttig rådgiving.

Nytt «opptrappingsvedtak» hastar?- Eg valde landbruksutdanning i ein periode med «opptrappingsvedtak og grøn bylgje». Utviklinga i landbruket dei siste ti åra, gir ei viss uro. Mange har satsa sterkt, og driv godt. Likevel - lønsemda er ikkje som ho bør vere. Arbeidspresset er stort hos mange. Gjennomsnittsalderen i yrket er forholdsvis høg. Ungdomar kvir seg for å ta over. Vi treng eit «nytt opptrappingsvedtak» for norsk matproduksjon i nær framtid. Slik verda ser ut no, bør det vere enklare å samle støtte for auka nasjonal matvare-produksjon og tryggleik, enn for få år sidan.

Kvifor vart eg så lenge i NLR på Sunnmøre?

Mykje er alt nemnt. Eg har fått bu og arbeide i det ditriktet der eg vaks opp, og var kjend. Familien har trivast. Eg har fått arbeide med emne eg har hatt gode kunnskapar om. Eg er fagleg «nysjerrig». Å stadig få høve til å lære noko nytt har vore inspirerande. Arbeidsgivar har lagt til rette for fagleg utvikling, gjennom forsøk, kurs og vidareutdanning. Eg har opplevt å vere godt motteken, og har trivast saman med aktive gardbrukarar. Å produsere mat er eitt av dei viktigaste yrka i verda. Det har vore lett å motivere seg for arbeidet i NLR.

Gode råd til NLR?

NLR bør satse på å rekruttere rådgivarar med god fagleg utdanning, t.d. «mastergrad» innan jord og plantekultur. Gode arbeidsforhold og rett løn er også viktig. Resultatet blir ofte best når tilsette får arbeidsoppgåver dei er gode på. Det er viktig med stabile tilsette. Skal NLR også i framtida henge med i kunnskapsfronten, må ein vere aktive innan forsøksarbeid.

Korleis vil formidling av kunnskap føregå i framtida? Vil nye kanalar for rask spreiing av kunnskap gjere NLR si rolle mindre viktig? Eller – vil kunnskapsrike NLR-rådgivarar få ei viktig rolle når det gjeld å kvalitetssikre opplysningar på «nett»?

Vår del av verda er på nytt uroleg, med krig i viktige område for matproduksjon. Matvaretryggleik i kriser blir på nytt drøfta i Noreg. NLR har gode fagpersonar i alle delar av landet. Bør NLR ha ei rolle når det gjeld nasjonal matvarretryggleik?

Solfanging

Den viktigaste livgivande prosessen i naturen er fotosyntesen:

karbondioksyd + vatn >> sollys >> karbohydrat + oksygen

All aktivitet på åker og eng, grøfting, kalking, gjødslng, såing, plantevern og silolegging, har som mål å auke fangsten av solenergi. Plantedyrking er solfanging. Ein som dyrkar jorda kan med stor rett kallast solfangar!

Lukke til i eitt av dei viktigaste yrka i verda!

Helsing Olav Martin Synnes