Etter ein kald og snørik vinter ser vi store skilnader ift. veksten av graset 06. mars. Dei frøblandingane som ser ut til å ha klart seg best og som har etter observasjon størst gjenvekst og er grønast per i dag er Strand Nr. 22 og 24 som inneheld 40-45 % strandsvingel, etterfølgt av FK Spire Surfôr/beite Vestland.

Nutrifibre og Strand Nr. 20 ser ut til å ha klart seg dårlegast i dette demonstrasjonsfeltet. Nutrifibre har hatt stort gjenvekst om hausten, og vi oppdaga ein del snømugg, daudt gras og dårleg dekningsgrad, dvs. mykje bar jord under det daude graset. I ruta med Strand Nr. 20 ser vi svært mykje kvitkløver, men trur at graset har klart seg ganske bra også.

Strand Nr. 27 og FK Spire Surfôr fiber som inneheld 70 % strandsvingel har overvintra forholdsvis bra, men vi ser ein låg dekningsgrad av graset.

Demofelt
Klare skilnadar i demonstrasjonsfeltet: Strand Nr. 22 og 24 ser ut til å ha klart seg best (per i dag, 06. mars).


1) Strand Nr. 222) Nutrifibre3) Strand Nr. 244) FK Spire Surfôr Fiber5) Strand Nr. 276) FK Spire Surfôr/ beite Vestland
7) Strand Nr. 248) Strand Nr. 229) FK Spire Surfôr Fiber10) Strand. Nr. 2011) FK Spire Surfôr/ beite Vestland12) Strand Nr. 27


Generelt sett ser vi at både raigras og luserne har overvintra her. Der det blei sådd strandsvingel av sortar som er tilpassa norske forhold, ser vi god overvintring av graset.

Her kan du lese meir om nokre av blandingane:
Skal eg så strandsvingel? | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)

Såfrø Strand 2024:
Jordbruksfrø 2024 - Strand Unikorn (norgesfor.no)

Såfrø FK 2024:
Grovfôr 2024 (ipapercms.dk)

20240305 123815
Nutrifibre: Mykje daudt gras og snømugg. Sortane i denne blandinga er stort sett ikkje testa ut i Noreg.
20240305 132329

Vi kjem til å observere feltet vidare, og sender ei oppdatering i seinare grovfôrmeldingar.

NB! Dette er ikkje eit vitskapleg forsøksfelt, men tenkt som eit visuelt utgangspunkt til diskusjonar og lokale markdagar.