Jordkarbonkonferansen 23. november 2023 markerte slutten på karbonprosjektet til NLR Vest og Voss Herad. Det vart ein fagleg god dag på kulturhuset på Vangen, med mykje folk, gode føredrag og lokal mat. Ordførar i Voss Tonje Såkvitne opna dagen. Deretter heldt pådrivar til etablering av prosjektet, Arnfinn Gjerdåker, innlegg der han forklarte utgangspunktet og tanken bak prosjektet.

Mål for «Karbonprosjektet»

Konferansen var ei markering av at prosjektet «Karbonfangst og andre klimavennlege tiltak for vestlandsjordbruket» no er under avslutning. Hovudmål har vore å setja fokus på jordhelse med vekt på biologiske forhold i jorda, forhold mellom sopp, bakteriar og andre jordlevande organismar og korleis ein best kan få ei ynskjeleg samansetning. Samtidig ynskjer me å ta vare på og helst auke innhald av jordkarbon. Dette har vore undersøkt både i feltforsøk, storskala forsøk der einskilde gardsbruk har vore med og prøvd ut metodar, gjødsling, ulike frøblandingar, og direkte isåing av kløver m.a. Det er også avhalde kurs i regenerativt landbruk og kompostering på gardsnivå. Diverre sette koronaepidemien stopp for fagtur og for fysiske samlingar ein periode, noko som gjorde formidling noko vanskelegare.

Prosjektleiar Gunnlaug Røthe (NLR SA) oppsummerte resultatet:

  • Økologisk driven jord inneheld meir sopp enn konvensjonelt driven jord
  • Stadfesta positiv verknad av husdyrgjødsel på jordlivet
  • Stadfesta verknad av kompost på jordlivet
  • Registrert positiv verknad av biogjødsel på avling og jordliv
Gunnlaug Karbon

Engasjerte foredragshaldarar

Klimaforskar og biolog frå kystlyngheisenteret Siri Vatsø Haugum, vart erstatta av Helene Sandsten på kort varsel. - Å ta vare på naturmangfaldet, bremsa klimaendringane og samstundes produsera mat er ei krevjande, men ikkje umogeleg, oppgåve. Vestlandsbonden spelar ei viktig rolle er omtalen. Helene la stor vekt på fotosyntesen og korleis me skal forstå denne i den store samanhengen.

Lena Abel (NLR SA) heldt innlegget Jord og jordhelse, kvifor er det så viktig? Ei levande jord er ei jord som er meir robust og som held betre på vatn ved turke og drenerer betre ved mykje nedbør. Levande jord er eit klimatilpassingstiltak og ein føresetnad for god nytting av lokale ressursar i produksjonen. Ein bør alltid tenkja gjennom kvifor ein skal gjera ein arbeidsprosess på jorda, og om innsatsen er verdt nytta.

Torunn Hønsi, Vestlandsforsking tok for seg den grunnleggande forskinga som er dokumentert i litteraturen. Biokol kan vere mange ting avhengig av opphavet for kolet og kan vere stabilt i jordsmonnet i mange år. Det har positiv effekt på vassmagasinet i jorda, klimatilpassing og jordforbetring. Førebels er ikkje biokol så godt utforska i karbonrik, moldrik jord. I ein sirkulærtankegang kan organisk materiale i form av biokol vere ein viktig ressurs.

Line Tau Strand, professor og pedolog ved NMBU, hadde fokus på jordmorfologi og korleis jordsmonnet sine eigenskapar vert endra med vegetasjon og landskap. Ho forskar m.a. på karbonbinding; påføring av oske og biokol; arealbruksendring, skogplanting og beitebruk. Ho er med i eit større forskingsprosjekt for lagring av karbon i jord.

Seniorrådgjevar Yngve Rekdal frå NIBIO heldt føredrag om korleis utmarksbeite verkar inn i eit berekraftig landbrukssystem. Han trekte fram fleire grunnar til å utnytta beiteressursane i Vestland:

  • Ein har god tilgang til beite i Vestland, og det er ledige ressursar i utmarka som ikkje vert brukt. Ein har fordelen med å kunna beite frå fjord til fjell og følgje utviklinga til graset.
  • Beitekvaliteten er ikkje berre naturgjeven, men vert påverka gjennom beiting, trakk og gjødsling. Utmarka må haldast i hevd, og beitetrykket må vera høgt på dei beste areala.
  • Det er berre ei aktiv beitenæring som kan utnytta større areal av kulturlandskapet enn det traktoren kjem til.
  • Beitemark er av dei mest artsrike naturtypane i Noreg
  • Ein bør bruke utmark for å sikra norsk matproduksjon på lokale ressursar. God tilvekst gjev god økonomi.

Olav Rio Holstad, avdelingsleiar skulegarden Voss, heldt føredrag om utnytting og fordeling av næringsemne på gardsnivå. Han tok eksempel frå gardsdrifta på Voss vgs som han nemnde som allsidig husdyrproduksjon med mjølk, storfekjøtt, sau, eggproduksjon og hestehald. Med stor del gras i vekstskifte, spreidde teigar og jord i god hevd. Han trekte fram utfordingar med bruk av husdyrgjødsla i form av:

  • Usikkert innhald og usikker tilgjengelegheit av næringsemne
  • Ujamn spreiing
  • Ugunstig fordeling av næringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium i husdyrgjødsla (N-verdi 30 kr/m3, NPK verdi 200 kr/m3)

Framtidige mål for drifta er:

  • Betre kontroll på spreiing av gjødsel og avlingsregistrering
  • Auka innslag av nitrogenfikserande og proteinrike belgvekstar
  • Rom for meir «tærande» vekstar som potet og korn

Berekraftsprofessor Carlo Aall i Vestlandsforsking teikna opp eit større bilde, der eit matsystem som er basert på import også “importerer” klimarisiko og svekkjer den lokale og nasjonale matvareberedskapen. I utgangspunktet er Noreg mindre utsett for dei verste effektane av klimaendringar, men vår avhengigheit av import av kveite, soya, ris og mais gjer vår matvaresikkerheit sårbar. Aall si oppsummering er at matproduksjon er utsett for ein trippel klimarisiko og at det lett kan oppstå konflikt mellom dei ulike tiltaka me gjer for å sikra oss.

Avslutninga på dagen var i form av paneldebatt/samtale med breitt samansette deltakarar: Temaet var vegen vidare. Vestlandsjordbruket 2050? Hovudkonklusjonen er at det vert peika på forbrukaren: Forbrukaren si rolle er svært viktig som påverkar og medspelar til eit berekraftig landbruk.

Landbruksdirektør Rekkedal oppsummerte konferansen med at det viktigaste er at me faktisk er i gang og tek tematikken ut på grasrotnivå.

Processed 4 DD1 E993 D1 C1 4926 9 CF9 7839 B76 A4506
Rekdal nov 23
Bilde1