Figuren syner kroner pr. kg nitrogen for dei mest aktuelle gjødselslaga til bruk på grasmark. Gjødsla er billegare no enn den var i haust. Prislister frå forhandlarar syner oftast pris pr. kg vare, men det fortel ikkje kva det kostar å bruke den aktuelle gjødseltypen. Vi må rekne om til kr pr. kg N.

Figuren er ei rettesnor. Du kan finne litt variasjonar mellom dei ulike forhandlarane, og prisen vil variere litt avhengig av kjøpt mengde m.m. Forholdet mellom dei ulike gjødseltypane er slik det «brukar å vere». OPTI-NS er den billegaste gjødsla og blir svært mykje brukt på fosfor- og kaliumrik jord saman med husdyrgjødsel. Denne gjødslingspraksisen tilrår vi i NLR svært ofte. I det store geografiske området vårt har vi også jord med lite kalium, der det trengst mineralgjødsel som inneheld kalium, og evt. også fosfor. Jord som er svært rik på fosfor og samstundes fattig på kalium kan vere ei utfordring. Tidlegare var prisen på OPTI NK 22-0-12, altså fosforfri gjødsel, dyrare enn tilsvararande gjødsel med fosfor. Dette har heldigvis endra seg. Vi oppmodar forhandlarar til å gjere OPTI NK 22-0-12 meir tilgjengeleg for kundane. For mykje fosfor tilført jorda er eit miljøproblem. No er det varsla nye retningslinjer når det gjeld spreieareal, noko som kan påverke gjødslingspraksisen. Elles er 25-2-6 den billegaste fullgjødsla, og blir ofte valet for dei som ikkje kan bruke OPTI-NS + husdyrgjødsel. Det er kaliuminnhaldet i jorda og bruk av husdyrgjødsel som oftast avgjer val av gjødsel. Dette vurderer vi i samband med planlegging, og tek gjerne diskusjonen med deg i tvilstilfelle.

Vi driv med gjødslingsplanlegging for tida, og oppmodar dei som vil ha planen sin kjapt om å ta kontakt med oss.

Gjodselpris