Biologi

Kveka høyrer til i gruppa fleirårig vandrande ugras. Du ser den ofte flekkvis i enga. Desse flekkane er ofte litt høgare enn resten av enga og har ikkje så tett vekst. I eldre eng kan kveka bli nesten einerådande. Kveke formeirer seg først og fremst med krypande jordstenglar. Grev du i jorda og finn slike nettverk av stenglar er det den sikraste måten å påvise at kveka har etablert seg. Dei nedste bladslirene (delen av bladet som ligg rundt strået) på kveka er hårete, men strået er glatt. Kveka har spisse bladører. Slirehinna (ei kvit hinne som ligg der bladet treffer strået) er vanskeleg å sjå på kveke. Unge timoteistrå kan av og til likne på kveke, men her er slirehinna tydeleg, og timotei manglar bladører. Kveka har ein litt blass grågrøn farge. Akset på kveke liknar på raigras. Forskjellen er at kveke har flatsida av akset mot strået medan raigras har smalsida mot strået. Blada er lange og flate med innrulla spiss. Fleire bilete av kveke, bladører og slirehinner finn du i slutten av artikkelen.

Kvekebilde 002
Kveke som spirer frå jordstengel. Foto: Frode Grønmyr

Kjemisk brakking

Jordstenglane til kveka inneheld mykje opplagsnæring. Når kveka spirer om våren eller veks oppatt etter slått hentar den næring frå rotsystemet. Når kveka har 3-4 blad har den nok overskudd til å begynne å sende næring tilbake til rotsystemet slik at dette kan fortsette å vekse og lagre næring. Dersom vi brakkar for tidleg vil transporten av næring og glyfosat berre gå oppover i planta. Det betyr at vi tek livet av det som er over jorda, men rotsystemet er like friskt. Vi bør difor ha 4-5 blad på kveka når vi skal brakke. (Kveka er på firebladstadiet først når vi ser det femte bladet). Alt for ofte ser vi at kveka kjem fort tilbake etter kjemisk brakking. Dette kjem av et vi enten ikkje ventar lenge nok om våren, eller skal ta tredjeslått eller beite utover ettersommaren. For å få full effekt av brakkinga må ein ofre litt avling.

Det er heller ikkje berre antal blad på kveka som bestemmer effekten. Som for alt anna kjemisk plantevern gjeld det at kveka skal vere i god vekst for å få god effekt. Er jorda vassmetta bør ein ikkje sprøyte. Utover hausten vil vekst og transport ned i rotsystemet avta og til slutt stoppe opp. Det er difor viktig å sprøyte så tidleg at det framleis er god vekst.

Kveke pa 5 bladstadiet Foto Frode Gronmyr
Her er kveka på 5-bladstadiet. For å få fullgod effekt av kjemisk brakking må det vere så stor gjenvekst at det gjer litt vondt å sprøyte. Foto: Frode Grønmyr

Mekanisk bekjemping

Ved mekanisk bekjemping av kveke må ein tenkje litt annleis enn ved kjemisk brakking. Her bør ein sette inn tiltak når planta er på det svakaste og har brukt opp mest muleg av opplagsnæringa, dvs fram til 3-4-bladstadiet. Jordstenglane har vekstpunkt som nye planter kan spire frå. Brukar ein reiskap som kuttar kvekestenglane i småbitar, t.d. skålharv, vil mange av desse småbitane spire. Da må ein gjenta harvinga fleire gonger slik at rotbitane blir tappa for næring, gjerne kombinert med god pløying slik at rotbitane kjem for djupt til at spirane når overflata. Tørt vêr etter jordarbeiding gir betre effekt da fleire av rotbitane i overflata tørkar ut.

Bruk konkurranse

Kveke er glad i lys. Dyrking av eittårig raigras eller andre grasartar som dekkjer godt, har aggressiv vekst og blir slått ofte kan vere ein effektiv måte å tyne kveka. Korngrønfôr eventuelt i blanding med erter og vikke mm., kan gi hard konkurranse mot kveke då desse eittårige vekstane spirer fort og veks raskt. Grønfôr som tiltak mot ugras er særleg aktuelt i kombinasjon med mekaniske tiltak før såing.

Kveke pa 4 bladstadie Foto Frode Gronmyr
Bilete 1: Kveke på firebladstadiet. Bilete 2: Dei nedste bladslirene er oftast hårete. Bilete 3: Kveka har tydelege bladører. Alle foto: Frode Grønmyr
Kveke har harete bladslirer nedst Foto Frode Gronmyr
Bilete 1: Kveke på firebladstadiet. Bilete 2: Dei nedste bladslirene er oftast hårete. Bilete 3: Kveka har tydelege bladører. Alle foto: Frode Grønmyr
Kveke har tydelege bladorer Foto Frode Gronmyr
Bilete 1: Kveke på firebladstadiet. Bilete 2: Dei nedste bladslirene er oftast hårete. Bilete 3: Kveka har tydelege bladører. Alle foto: Frode Grønmyr
Timotei har tydeleg slirehinne ikkje bladorer Foto Frode Gronmyr
Timotei til samanlikning. Timotei har tydeleg slirehinne i overgangen mellom blad og stengel. Eit sikkert kjenneteikn for timotei er at slirehinna har eit lite «horn» på kvar side. Timotei har ikkje bladører. Foto: Frode Grønmyr

Kjelder:

Ristad, Trond Petter og Elin Torbjørnsen. 2017. Utnytt kvekas svake punkt. Agropub https://www.agropub.no/fagartikler/utnytt-kvekas-svake-punkt

Sjursen, Helge. 2020. Kveke. Plantevernleksikonet https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/332/