Her er i korte trekk ei oppsummering av erfaringar og resultat frå forskninga det siste 10-året:

  • Graset vil (ofte) halde fram med å vekse ut september, ikkje berre på flatbygdene men også i høgare strøk. Ved å utsette/vente med slåtten til slutten av september kan ein derfor forvente ei viss meiravling. Vinsten er vanlegvis større for raigras enn for timotei (sjå figur).
  • Di lenger det lir utpå hausten, dess mindre blir lysinnstrålinga. Tilgang på lys er heilt avgjerande for at plantene skal halde fotosyntesa i gang. Høge temperaturar i oktober og november er til lite nytte når det er lyset det skortar på. Ein kan derfor ikkje rekne med meiravling av betyding ved å utsette slåtten til etter månadsskiftet september/oktober.
  • Av omsyn til neste års avling er det gunstig med nokre veker med målbar vekst etter den siste slåtten, samanlikna med om slåtten blir teke rett før og ved vekstavslutning. Negativ effekt av sein slått/avpussing kan sjå ut til å være mest uttalt langt mot nord/høgt til fjells, spesielt for overlevinga av timotei.
  • Det er ikkje dokumentert at det er meir gunstig for kondisjonen til enga å vente med siste slått/avpussing til etter at veksten er heilt avslutta enn å ta den medan graset er i vekst.


Tabell til slaattetidspunkt om hausten
Tilvekst hos gras om hausten etter sein tredjeslått, målt som grashøgde (cm). Resultat frå to år (2011, 2012) i forsøksfelt ved NIBIO Kvithamar, Stjørdal (Bakken og Langerud 2015).. Grøn og svart linje gjeld raigrasdominert eng, organge og grå gjeld timoteidominert eng. For begge grasslag var det lite eller ingen tilvekst etter 1.oktober og lyset var minimumsfaktor.

Konklusjon:

Der ein i år har fått lite fôr i første og/eller andreslåtten, kan det å utnytte mest muleg av vekstpotensialet utover hausten vera ein aktuell strategi for å sikre nok vinterfôr. Mange stader i Trøndelag vil overvintringa gå bra, sjølv om ein planlagt tredjeslått blir utsett ei veke eller to til slutten av september. I fjellbygdene kan det være grunn til å vera meir varsam med å utsette slåtten ut over det som har vore tilrådd tidlegare. Dersom ein vel å ta sjansar, anten det er i låglandet eller i fjellbygdene: gjør det på gammelenga som likevel skal under plogen. Ny eng på bæresvak jord bør ein ta til vanleg tid/når hausteforholda er laglege. Med mykje regn i dei neste vekene, kan ein oppleve avlingsreduksjon neste år som følgje av køyreskader, og risikoen vert større di lenger ein venter.

Der ein har fått stor ettervekst etter ein relativt tidleg andreslått og ikkje har planlagt å ta tredjeslått, kan ein ta ei avpussing så snart det er tørre og fine forhold. Eit anna alternativ er å ta ei lett overbeiting før veksten er avslutta. Der det er lite fôr på lager til vinteren, er ei lett overbeiting å føretrekkje for slik å spare på vinterfôret.

Denne artikkelen er blant anna basert på resultat og konklusjonar frå:

A.K. Bakken og A.Langerud 2015. Effekt av slåttetid om hausten. Buskap nr 2/2015, s. 86-88
M. Jørgensen m.fl. 2018. Forvaltning av ettervekst i eng i varmere og våtere høstmåneder. NIBIO Rapport Vol 4, nr 34, 2018.