Tre modellar

Ein av metodane er å bruka haustrug som dekkvekst i haustgjenlegg. Denne modellen inneberer å så ca. 4 kg haustrug samen med 4 kg fleirårig raigras om hausten. Det er vanleg å molde husdyrgjødsel ned ved etablering av gjenlegget. Tidleg på våren (mars/tidleg april) er anbefalingane å tilføra omtrent 5 kg nitrogengjødsel (eks, 20kg 27-0-0). Dette resulterer i ein første slått mellom 25. april og 17. mai, avhengig av våren. Det er eit poeng å ikkje vente for lenge med 1.slåtten då rugen kan bli svært dominerande og skugge for gjenlegget i botn. Etter første slåtten blir arealet rekna som vanleg eng. Modellen anbefalast helst i kombinasjon med fleirårig raigras.

Den andre modellen involverer haustrug i reinbestand. Her kan ein så ein større mengde rug 10-15 kg per dekar, såmengden aukes desto seinare du sår. Fordelen med denne modellen er at ein ikkje treng å ta hensyn til eit gjenlegg. Ein kan justera slåttetidspunktet for å oppnå ønska fôrkvalitet. Slått før skyting, typisk i første halvdel av mai vil gi eit energirikt fôr med bra proteininnhald. Slått etter skyting aukar avlinga betydeleg, men kvaliteten reduserast kjapt. Om det er gjeldkufôr som er målet kan ein godt dryge slåtten til full skyting. Me har i enkelte forsøk på Jæren sett avlingar på rug slått i månadsskifte mai/juni på opp mot 1000kg tørrstoff pr daa. Dette tilsvara normalavling på tre slåtter med gras.

Eit anna alternativ er å beita rugen tidleg om våren, før strekking. Dette gir moglegheit til å beita rugen før strekking og ta ein slått. Det bør merkast at gjenveksten reduserast kraftig når rugen har strekt seg, og det er tilnærma ingen gjenvekst om ein venter med slåtten til rett før skyting.

Den tredje modellen går ut på å så haustrug i kombinasjon med italiensk raigras (toårig) om hausten. Me opplever at italiensk raigras sådd om hausten overvintrar greitt på Jæren, i områder med strengare vintrar er dette ein større risiko. Oppskrifta er mykje lik som med gjenlegg. Dette er eit intensivt opplegg som kan gi 5-6 slåttar/avbeitingar i løpet av sesongen. I eit slikt opplegg vil rugen dominera frå våren av medan det toårige raigraset vil overta meir utover i vekstsesongen. Dette kan til dømes vere ein aktuell modell om ein har behov for tidleg vårbeite til både sau og storfe.

Rug Salte slatt 1205 2

Etablering av haustrug

Som alle andre kornartar krev rug god jordkontakt for å spire. Erfaringane med direktesåing av rug har vore mindre gode. Derfor anbefalast det heller ein form for jordarbeiding, for eksempel plog eller skålhorv før såing. På gamal eng med tjukk svor er plogen det beste alternativet. Rugen bør ned på 3-4cm djupne. Om det skal såast gras i botn, bør såinga skje i to operasjonar, gjerne med tromling mellom, for å oppnå jamn etablering av både rug og raigras.

Tidspunkt for såing

I Rogaland sås haustrugen vanlegvis frå midten/slutten av august til slutten av september. Haustrugen spirer raskt, og den har vist seg å overvintre godt når den er sådd i dette tidsvinduet. Seinare såing kan nok og gå bra om ein får ein fin haust, men det er sjølvsagt viktig at jorda er lageleg ved såing. Ved tidleg såing og ein varm haust kan det bli aktuelt med ei avpussing/beiting om hausten for å unngå at den står for tjukk når vinteren kjem, då kan ein oppleva sopp og utgang av rugen.

Rug Salte slatt 1205 3