Bondeyrket er periodevis svært travelt. Det er mykje som skjer på ein gard, og ofte er det berre ein person som tek seg av drifta. På dei fleste gardane i dag er den eine ektefellen ute i anna arbeid, medan tidlegare generasjonar har gått av med pensjon og flytta frå bruket.

Tidspress og stramme marginar gjer at det ofte opplevast vanskeleg å strekke til på heimebane og på arbeidsplassen. Det kan vere langt mellom dei som driv same produksjon, og den som har arbeidet sitt på garden, kan oppleve det som einsamt å ikkje ha kollegaer å dele opplevinga, og arbeidsmengda si med.

Som bonde har du aldri heilt fri

Du bur gjerne på arbeidsplassen, og har ofte arbeidet med deg på telefonen. På denne måten vil du på lik linje som andre med «heimekontor», slite med å kople ut jobben og gardsarbeidet. Det kan vere vanskeleg å sleppe tanken på det neste som skulle ha vore gjort, og mange må fysisk ut av tunet for å klare akkurat det. Fleir fortel at dei må ha ei flyreise vekk for å klare å ta heilt fri. Andre fortel at dei ikkje stoler på andre i drifta og tar seg derfor aldri fri.

Sett opp i mot desse tilhøva kan ein gjerne stille seg spørjande til kvifor det er så få bønder som er representert i statestikken for dårleg psykisk helse.

Ikkje fritatt

Det er nok slik at landbruket heller ikkje er fritatt frå tunge periodar. Konsekvensane, derimot, kan bli så langt meir alvorlege då du som bonde har ansvar for levande dyr. Så korleis kan eigentleg vi som står rundt bonden, bidra til å avdekke og støtte når vi ser at han eller ho har det vanskeleg?

Det aller viktigste vi gjer når vi skal møte andre, er å møte dei med respekt, openheit, ærlegheit, meiningstoleranse og nysgjerrigheit for korleis dei løyser sine utfordringar i kvardagen. Om du er open for den gode samtalen vil dette gi mulighet for å skape forandring, forståelse, enigheit og vekst både hos enkeltmennesker og i næringa generelt.

Den gode samtalen

Om du kjem til nokon der du ser at det kan vere behov for ein samtale, er det viktig å hugse at du skal tilby eit øyre, ikkje ei løysning.

  • Lytt meir til deira oppleving av situasjonen
  • Spør meir enn du sjølv fortel. Hugs på at di løysning ikkje nødvendigvis er den rette for andre.
  • Gi tid i samtalen til refleksjon og ettertanke.
  • Vær nysgjerrig på deira erfaring.
  • By på deg sjølv i samtalen
  • Tru godt om den du snakkar med
  • Fortel kva du ser, men snakk med respektfull tone.
  • Ta «time-out» om samtalen er for vanskeleg
  • Tilgi deg sjølv om du trår feil i samtalen. Be om unnskyldning og be den/dei andre i samtalen forklare på nytt.

Vanskeleg å spørje om hjelp

Det kan vere vanskeleg for kollegaen å spørje om hjelp, samtidig som det kan vere vanskeleg å innsjå at ein treng hjelp. Derfor er det alltid betre å spørje ein gong for mykje enn ein gong for lite. La «kompissjekken» bli ein del av kvardagen, men ikkje la det negative ta all plass kvar gang.

Fokuser også på det positive i drifta, og snakk om kva som er fint denne arbeidsdagen.