Møte med OS ID

Riktig påsett av øyremerke er avgjerande for merka si evne til å sitte godt og for dyrevelferda. Sidan påsett av mista øyremerke kan vere ein stor risiko for bonden fekk me i stand eit møte med OS ID. Dei meinte at det ikkje var noko galt med sjølve øyremerket, men gav oss nokre tips til korleis du kan sikre at øyremerka sit godt på dyret. Under ser du døme på ødelagde øyremerke, samt tips og info om korleis du sikrar rett påsett.

Oydelagt oyremerke Foto Helene Moe
Her ser du eit merke som har fått skadar og ramla av øyret til sauen. Foto: Helene Moe
Oyremerke knekt Foto Helene Moe
Øyremerke for storfe som har brukket av i feste. Foto: Helene Moe

I samarbeid med OS ID har me samla litt tips og info for mest mogleg rett påsett:

1. Bruk rett tang med rett nål

Når Combi E30 og Combi 3000 ikkje-elektroniske (med grå «kopp» i toppen) blei lansert måtte også tanga bytast ut. Dette er det ikkje alle bønder som har fått med seg.

Tanga du skal bruke heiter Combi Junior (utan plastbiten i nedrekjeven) eller Combi Matic (storfe). For påsett av merker av typane Combi 3000 (ikkje-elektroniske) og CombiE30 (elektroniske) anbefaler ein å nytta tanga Combi Junior . Denne gir betre plass til øyra, merka sit betre i tanga og ein treng mindre kraft for å sette merka i lås.

Combi Matic er ei ny tang som kan nyttast til merker for storfe (erstatning for Combi Senior). Denne tanga er testa av fleire produsentar og har fått gode skussmål.

Tanga Combi Senior er ikkje anbefalt nytta om du vil at merka skal vere utan skade og henge på. Denne er heller ikkje i salg lengre.

Tengene Combi Junior og Combi Matic skal brukast med svart nål (art.nr. 1808 hjå OS ID). Ta ut plastinnsatsen i Junior-tanga, både når du skal sette i ikkje-elektroniske og elektroniske øyremerke. På den måten slepp du å ta ut og sette inn plastdelen når du vekslar mellom ikkje-elektroniske og elektroniske merkar.

Nyttar du merka Combi Pig er det tanga Combi Junior som skal nyttast. Plastinnsatsen skal då stå i tanga ved påsetting.

2. Rett plassering

Det elektroniske merket er tyngre øverst enn det ikkje-elektroniske merket. Du må derfor være nøye med plasseringa av merket.

- Hol-delen skal vere på innsida av øret. Tapp-delen skal på baksida.

- Plasser øyremerket mellom øyrebruskane (sjå bildet under for rett plassering). Når merka er satt i skal toppen på det elektroniske merke vere høgare opp enn det utan.

- Sett i merket med eitt fast og bestemt trykk med påsettingtanga og vri litt i merke til slutt.

Illustrasjon paseet oyremerke Foto OS ID

Framleis problem?

Opplev du, til trass for denna rettleiinga, eit stort øyremerketap ynskjer OS ID at du tek kontakt med dei på telefon 62 49 77 00. Då kan de saman finne ut kva årsaka til dette er.

Ved å følge denne lenka kan du få desse tipsa på video: Video: 3 tips til påsetting av storfemerket Combi E30 Pluss Flagg - OS ID

Vidare fortalte OS ID at dei også har kompetanse på kva øyremerke som er best å bruke om du eller andre som er i befatning med dyra er fargeblinde. Ta kontakt med dei så hjelper dei deg gjerne med dette.

Eit tips til slutt!

Ta bilde av storfe med begge øyremerka på før du sender dei til slakt. Då har du dokumentasjon til slakteri og mattilsyn med dato for når bildet blei tatt. Dette kan spare deg for ekstraarbeid om dyr då skal mista merka på veg til slakteriet.