Presisjonsjordbruk handlar i hovudsak om å gjere rett innsats på rett stad til rett tid. Kva tid ein startar jobben er framleis i stor grad opp til brukaren sjølv, men innsats og stad har me nye, gode hjelpemiddel til å take avgjersler på. For å ha nokre knaggar å hengje informasjon på, kan ein dele opp temaet i tre delar:

  1. Traktor og reiskap
  2. Agronomisk analyse
  3. Databehandlingsverktøy

Traktor og reiskap

Det første mange tenker på med presisjonsjordbruk er gjerne store traktorar og snorrette linjer, og det stemmer kanskje godt med slik det var før. Stort areal gav fleire dekar å fordele kostnadane på, som gjorde det dyre utstyret lønsamt for dei som var størst. Etter fleire år med ei enorm utvikling, er prisane lågare, innsparingane større, og utstyret lønsamt for gardsbruk med mindre areal og mindre traktorar. Dei snorrette linjene er framleis høgst aktuelle.

Utstyr til traktor og reiskap startar med ein skjerm i traktoren og ei antenne på taket – eit sporfølgjarsystem. Antenna på taket tek imot posisjon- og korreksjonssignal, medan skjermen i traktoren viser deg kor du har køyrt og kor du skal køyre. Ein kan også legge opp køyrelinjer i terminal (skjerm), slik at ein har rette drag å køyre etter. Dei billegaste sporfølgjarane får du til rundt 10 000 kroner frå særskilde enkeltståande leverandørar. Desse inneber gjerne at ein nytter eigen PC eller nettbrett som skjerm, og kjem med begrensa mogelegheiter for reiskapskontroll – eksempelvis ISOBUS og seksjonskontroll.

Gjeng ein eit steg opp kjem ein til dei første store reiskapsleverandørane. Enkelte tilbyr pakkeløysingar til mineralgjødselspreiar med terminal og antenne. Desse startar gjerne rundt 30 000 kroner. Skjermen gjer innstilling av reiskapen enklare, som resulterer i meir presist spreieresultat. Ein har og mogelegheit til å legge inn ønskja tilført mengde gjødsel, dokumentere kva ein faktisk har tilført, samt kor lang tid det tok. Køyring med sporfølgjar redusere arbeidstid ved meir korrekt køyring, medan redusert over- og underlapp redusera gjødselforbruket. Er spreiar og system utstyrt for seksjonskontroll og variabel tildeling kan også avling auke gjennom jamnare spreiebilete og tilføring av næring etter plantebehov.

Det er nokre ulemper med sporfølging. Sjåføren må følgje med på terminalen for å køyre rett, og det tek fokuset bort frå reiskapen, og at den arbeider korrekt. Det er ikkje strengt nødvendig å styre traktoren inne på jordet lenger. Autostyring inneber at traktor, treskar eller kva som helst med eit ratt, har kapasitet til å styre sjølv. Det kostar frå om lag 80 000 kroner og oppover. I dag er det vanleg med to ulike løysingar. Enten ei ettermontert rattløysing på rattstammen eller ein styreventil direkte i hydraulikken på traktoren. Sistnemnde er vanleg på nye traktorar, som kjem levert med dette frå fabrikk. Autostyring tillét alt eit sporfølgingssystem gjer, i tillegg konstant utnytting av arbeidsbreidda. Dette aukar effektivitet ytterlegare, samtidig som sjåførbelasting reduserast. Har ein autostyring kan ein legge opp køyrelinjer i terminalen, som med eit sporfølgjarsystem. Ute på jordet aktiverer ein autostyringa med eit knappetrykk og traktoren svingar inn på linja ein har lagt opp. Linja kan bestå av fleire rette linjer, følgje jordekant eller båe delar. Slik får ein alltid unytta heile reiskapsbreidda, sjølv på dårleg arronderte teigar.

Agronomisk analyse

Alle gardbrukarar driv i dag med ein eller anna form for agronomisk analyse. Me kan take fôrprøver og gjødselprøver for å vite meir nøyaktig kva me har å jobbe med, og kva me tilfører. Alle tek jordprøver og analyserer desse for å ha eit fundament til gjødselplanlegginga. Men innad på eit skifte kan det vere store variasjonar i jorda, som gjev ulike vekstvilkår til plantene. Forskjellar i pH kan gjere det unødig å kalke i ein ende av jordet, medan den andre enden aldri kjem opp på riktig pH. Dette kan ein sjå ved å take koordinatfesta jordprøver. Ein tek gjerne litt tettare jordprøver, cirka 6-8 daa per prøve, systematisk, for å få fram variasjonar på skiftet. Ut frå desse kan me lage ei kart over variasjonar på skiftet, og tildele kalk deretter. I tillegg dannar ein eit godt fundament for å tolke andre agronomiske analysar som har blitt tilgjengeleg i nyare tid.

Fargane me ser på husveggar, klede og i naturen er ei tolking av reflektert elektromagnetisk stråling hjernen vår gjer kontinuerleg. Planter ser grøne ut fordi det er dei bølgjelengdene hjernen tolkar som grøne som reflekterast tilbake. Med utgangspunkt i dette, har det vorte utvikla verktøy som tolkar refleksjon frå plantar, men i nær infrarødt spektrum, ikkje synleg ljos. Gjennom satellittbilete kan ein i dag få ei framstilling av kor godt det veks i eng og åker, og det er gratis. CropSat og AtFarm er nettsider du sjølv kan trykke inn på og sjå biomasse på jordene dine. Meir biomasse = meir plantemasse i eng eller åker. Med utgangspunkt i biomasse-karta kan ein også tildele gjødsel variabelt. I staden for å gjødsle ein flat mengde på heile skiftet, kan ein auke gjødsling der det veks dårleg i eit forsøk på å få ein jamn avling over heile skiftet. Ein kan og gjere det motsette: redusere gjødslinga der ein veit det veks dårleg uansett mengde gjødsel, for eksempel på område med dårleg grøftetilstand. Gjødsla kan du spare, eller tilføre den ein stad der det er meir avling å hente ut.

Det er viktig å understreke at dette eit eksempel på verktøy som er tilgjengeleg i dag, og at det er eit supplement, ikkje ei erstatning, til å vere ute på jordet og gjere eigne vurderingar. God agronomi krev framleis ein god agronom. Men dette er verktøy som kostar lite eller ingenting å bruke frittståande, og biomassekart eit godt eksempel på digitale verktøy med praktisk nytte uavhengig om ein har presisjonsutstyr eller ikkje.

Databehandlingsverktøy

Databehandlingsverktøy er eit vidt omgrep, men aktuelle digitale verktøy bør ha fire hjelpefunksjonar for brukaren:

  1. Registrere: Kva er verdien?
  2. Referere: Er verdien høg eller låg samanlikna med det den bør vere?
  3. Analysere: Kva er årsaka, og er det nødvendig å gjere tiltak?
  4. Anvende: Kva tiltak og effekt av tiltaket?

Jordprøver, jordarbeiding, såvarer, gjødsel, hengarlass, lag med plast, diesel, avling og timebruk er viktig for økonomien, men er tidkrevjande å samle inn. Det ender gjerne opp med at me brukar tid på det naboen brukar tid på – og det er ikkje alltid rett. Grovfôr 2020 viste at dårleg oversikt og lite planlegging var årsak til høge kostnadar i grovfôrdyrkinga, og sannsynleg er det likeins i andre vekstgrupper. I dag er det mogeleg å samle det meste på ein stad, utan side opp og side ned med papir. Dei meir avanserte programma har nokre ekstra funksjonar, eksempelvis mogelegheit til å produsere/nytte kart som visar variasjonar på skifte og å rekne ut dekningsbidrag ut frå kva ein har lagt inn av arbeid. Da kan ein finne ut av kva som faktisk løner seg, kva som ikkje gjer det, og om det var lurt å gjere som naboen.

Har du spørsmål om utstyr til traktor, databehandlingsverktøy, anna presisjonsutstyr eller berre vil slå av ein prat, må du gjerne ringe eller sende meg ein e-post!

Innforing i presisjonsjordbruk NKH skjermklipp
Skjermklipp frå CropSat: Fargar etter variasjon i biomasse. Mest biomasse i område med grønt, mindre i gult område

Det er viktig å understreke at dette eit eksempel på verktøy som er tilgjengeleg i dag, og at det er eit supplement, ikkje ei erstatning, til å vere ute på jordet og gjere eigne vurderingar. God agronomi krev framleis ein god agronom. Dette er verktøy som kostar lite eller ingenting å bruke frittståande, og biomassekart eit godt eksempel på digitale verktøy med praktisk nytte uavhengig om ein har presisjonsutstyr eller ikkje.

Databehandlingsverktøy

Databehandlingsverktøy er eit vidt omgrep, men aktuelle digitale verktøy bør ha fire hjelpefunksjonar for brukaren:

  1. Registrere: Kva er verdien?
  2. Referere: Er verdien høg eller låg samanlikna med det den bør vere?
  3. Analysere: Kva er årsaka, og er det nødvendig å gjere tiltak?
  4. Anvende: Kva tiltak og effekt av tiltaket?

Jordprøver, jordarbeiding, såvarer, gjødsel, hengarlass, lag med plast, diesel, avling og timebruk er viktig for økonomien, men er tidkrevjande å samle inn. Det ender gjerne opp med at me brukar tid på det naboen brukar tid på – og det er ikkje alltid rett. Grovfôr 2020 viste at dårleg oversikt og lite planlegging var årsak til høge kostnadar i grovfôrdyrkinga, og sannsynleg er det likeins i andre vekstgrupper. I dag er det mogeleg å samle det meste på ein stad, utan side opp og side ned med papir. Dei meir avanserte programma har nokre ekstra funksjonar, eksempelvis mogelegheit til å produsere/nytte kart som visar variasjonar på skifte og å rekne ut dekningsbidrag ut frå kva ein har lagt inn av arbeid. Da kan ein finne ut av kva som faktisk løner seg, kva som ikkje gjer det, og om det var lurt å gjere som naboen.