Bli enda betre kjent med Jogeir!

Jogeir har gått på jordbruksskule, deretter Blæstad med både maskinteknikk og jord- og plantekultur. Han har vore ganske maskininteressert heilt frå barndomen, og på jordbruksskulen skreiv han ei bittelita bok på 100 sider med tittelen "Traktoren si historie og utvikling". Med den fekk han kontakt med mange i maskinbransjen. Mens Jogeir gjekk på Blæstad fekk han starte som frilansjournalist i Bedre Gardsdrift. Det arbeidsforholdet varte i 20 år. På den tida var han med på å etablere traktoroversikten, maskinleigeprislista og nettsida, og han byrja å arbeide med trafikkreglar og traktorulukker. Frå 2017 har Jogeir arbeidd i NLR, med ansvar for å bygge opp rådgivinga innan maskinteknikk og presisjonslandbruk. Det handlar om alt frå å tilby pløyekurs til å vere involvert i utviklinga av nasjonale digitale verktøy som kjem i framtida.
Dessutan har Jogeir vore bonde i 19 år, på det som var eit småbruk med sau i Stryn. No har dei ny fjøs, stor gjeld og nesten 170 dyr i fjøsen sist vinter.

Kva hjelper du flest bønder med?

I kvardagen er rollen min å kople bøndene til dei rådgivarane som har dei beste svara på det bonden lurer på. Dessutan arbeider eg tett saman med fagkoordinatorane i andre fag, så vi koplar kunnskap på kryss og tvers i NLR-systemet. Det lukkast vi godt med sommaren 2018. I fjor samarbeidde grovfôr-folka og vi på teknikk om grasvett-reglane.

Det eg sjølv har gjort mest av, er kurs i trafikkreglar og trygg traktorkøyring. Sånne har eg hatt mange av, frå Søgne i sør til Tana i nord, med mellom tre og 300 tilhøyrarar. Eg har vore sakkyndig vitne i rettsaker om alvorlege traktorulukker. Noko som er lite synleg og tek lang tid, er at vi saman med mellom andre Bondelaget arbeider for ryddigare regelverk for landbruksmaskiner. Det er kan hende der eg hjelper flest...

Kva ønsker du at fleire skal etterspørje?

Alt NLR kan hjelpe med! Alle brukar maskiner i drifta si, men mange kan utnytte utstyret betre. Det gjeld både det mekaniske og det digitale, og også slikt som korleis du legg opp arbeidet. Meir kunnskap om slikt er bra for agronomien, økonomien og miljøet!
Det som varmar hjartet mitt mest er viss vi kan bidra til at færre blir skadde eller mistar livet.

Kva er din favorittrådgjevingsaugeblink?

Det er ei god kjensle når eg etter eit kurs om sikker traktorkøyring får takk og folk seier at dei skal endre måten dei arbeider på, så dei blir tryggare. Det kostar oftast ingenting, men det kan berge liv og hindre at du som traktorførar blir utsett for ting som vil henge over deg for alltid.

Kontakt Jogeir no!

📞 +47 906 46 553

📧 jogeir.agjeld@nlr.no

Nlr 64104275300
Jogeir Agjeld
IMG 0730
Jogeir er ansvarleg for maskinteknikk og presisjonslandbruk i NLR. Her er NLR-rådgjevarane saman med Eikmaskin i forbindelse med ny avtale som skal gi norske bønder hjelp til å utnytte tilgjengeleg teknologi enda betre.