Bruken av sjølvgåande finsnittarar er sterkt aukande. Nokre entreprenørar tilbyr registrering av avling, enkelte òg tørrstoffprosent og kvalitet. Somme av funksjonane er standard, medan andre er tillegg når tilbodet på snittaren vert gitt. NIR-sensor er til dømes eit kostbart tillegg som ikkje alltid vert prioritert når avtalen skal landast. Skal du kunne henta ut eit avlingskart, er GPS naudsynt. Frå andre land der avlingsregistrering med finsnittar er meir brukt, går det igjen at kalibrering må utførast minst ein gong pr. slått for å få resultat til å stola på.
Avanserte løysingar
Førsteslåtten i Noreg 2024, frå 1.juni til 3. juni, synte at det i praksis ikkje er tid til kalibrering på gardsnivå. Rimelegaste og enklaste form for avlingsregistering er måling av volum som passerer innmatar-rullane. I den mest avanserte løysinga kommuniserer finsnittar og grasvogn med vekt trådlaust, slik at mengde vert kalibrert undervegs. Måling av volum kan òg nyttast til regulering av hastigheit tilpassa avlingsmengd, slik at faren for stopp vert redusert, og dieselforbruket går ned. Når landbruket skal redusera CO2-utsleppa, bør me etterspør slike løysingar.
Nyttig data for planlegging
Vert avlingsregistrering kombinert med tørrstoffmåling, kan òg regulering av snittlengd basert på tørrstoffprosent utførast. Høg tørrstoffprosent krev kortare snittlengd enn låg tørrstoffprosent, både med tanke på pakking i silo og på fôropptak. Er snittaren utstyrt med integrert tilsetjing av ensileringsmiddel, kan mengd ensileringsmiddel regulerast trinnlaust i forhold til avlingsmengd og tørrstoffprosent, etter kurve definert på førehand. NIR-sensor gir nøyaktig måling av til dømes protein og sukker i sanntid med liten feilmargin. Den gir òg eit svært detaljert kart, som kan brukast til vurdera utført arbeid og planlegga arbeid for å redusera forskjellar innan same skiftet: Kva vart gjort? Kvifor vart det slik? Og kva kan eg gjera endå betre?

Eigen krok
Krok bak på snittar er tilleggsutstyr. Terreng og storleik på vogn speler inn, men på avstand kring 1 km kan vogn bak snittar spara ein sjåfør og traktor, samt ein redusert tur-retur på enga. Nett som er hev- og senkbart vil kunna redusera tap av finstoff og gjera det enklare å kjøra med stor fart og fyllmengd i vogna utan svinn. Det er òg meir avanserte krokar med hurtigkobling av hydraulikk, bremser osv, som gjer at sjåføren ikkje treng gå ut av traktoren, til døme den danske Siwi Combi-Hitch.
Kva vel du?
Dei ulike leverandørane kan tilby program for handsaming av data for å henta ut eit avlingskart. Nokre er opne, slik som til dømes John Deere Operation Center og My New Holland (CNH). Claas og Fendt (AGCO) krev i utgangspunktet kjøp av produkt for å få tilgang til deira program.
Bearbeidd data kan lesast inn i styringsprogram slik som til dømes CropPlan, som gjer det enkelt å samanlikna utført arbeid opp mot avlingskartet, eller å samanlikna fleire år.
Framtida = meir presisjon
Erfaringar frå avlingsregistrering syner at år 1 ikkje gjer deg så mykje klokare. Når du derimot får bygd på med fleire år, vert skilnadane tydelegare, og du får eit heilt anna kjennskap til jorda di på eit detaljert nivå, inne på det einskilde skiftet. Me er i starten på ei meir presis avlingsregistrering. Kva krav som kjem i den nye forskrifta, og om dei kjem, er framleis usikkert. Men på sikt vil presis avlingsregistrering auka avlingsmengda, redusera klimaavtrykket og bidra til auka lønnsemd for deg som bonde. Me får berre gå i gang, slik me gjorde då fôrhaustaren vart bytta ut med slepesnittar, og slepesnittar vart bytta ut med sjølvgåande snittar.


